Emmanuel Macron og Australias statsminister Malcolm Turnbull på en ubåt i 2018
Foto: Brendan Esposito / AFP

Ubåtkrangelen mellom allierte

Oppsummert

Australia avtalte først om å kjøpe ubåtar frå Frankrike verdt 40 mrd. dollar. No har dei skrota avtalen til fordel for ei forsvarsavtale med USA og Storbritannia. Frankrike reagerer kraftig og hentar heim sine ambassadørar på grunn av konflikten.

  • Harris reiser til Paris

    USA sin visepresident Kamala Harris besøker hovudstaden i Frankrike neste månad, melder Det kvite hus. Der skal ho møte president Emmanuel Macron, og ifølgje ein fransk diplomat skal ho også delta på konferansen Paris Peace Forum. Besøket blir delvis sett på som eit forsøk frå USA på å gjenopprette det spente forholdet til Frankrike etter ubåt-krangelen tidlegare i haust.

  • Johnson ønsker fransk samarbeid

    Storbritannias statsminister Boris Johnson seier han har sagt til Frankrikes president Emmanuel Macron at han ønsker å ta opp att samarbeidet.

    Det opplyser Macrons kontor til AFP.

    Forholdet mellom dei to landa fekk ei ripe etter at Australia skrota ei forsvarskontrakt med Frankrike til fordel for eit samarbeid med Storbritannia og USA.

  • Nektar å møte australsk statsråd

    Den franske handelsministeren Franck Riester har avslått tilbodet om å møte den australske handelsministeren, Dan Tehan, i Paris i oktober.

    Grunnen er at Australia nyleg skrota ei ubåtkontrakt med Frankrike til fordel for ein avtale med USA og Storbritannia.

    Det franske handelsdepartementet meiner det er for tidleg med eit møte no, ifølge Reuters.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no