Cyril Ramaphosa
Foto: Mike Hutchings / Reuters

Sør-Afrika

Oppsummert

President Cyril Ramaphosa har leia ANC fram til nok ein valgsiger i Sør-Afrika. Sjølv om sigeren er soleklar er dette ANCs dårlegaste valresultat på 25 år.

  • Ramaphosa teken i eid i Sør-Afrika

    Cyril Ramaphosa vart i dag sett inn som president i Sør-Afrika etter at han vann valet tidlegare i mai. Dermed får han regjere nok ein periode, men partiet hans, ANC, mister veljarar og gjorde sitt dårlegaste val sidan apartheid tok slutt i 1994.

  • Ramaphosa vald som president

    Cyril Ramaphosa er attvald som president i Sør-Afrika, melder Reuters. Han er leiar for partiet ANC, African National Congress, som fekk eit fleirtal av seta i parlamentet under valet tidlegare denne månaden.

  • ANC klar for sigersfest

    Sør-Afrikas regjeringsparti ANC sikra seg 57,5 prosent av stemmene i valet på ny nasjonalforsamling, det er klart etter at alle stemmene er talde opp. Dette er ein klar siger, men likevel ANCs dårlegaste resultatet i eit riksval sidan apartheid.

  • ANC sikre på siger i Sør-Afrika

    ANC, partiet til Nelson Mandela som fekk Sør-Afrika ut av apartheid, går mot sitt dårlegaste val sidan apartheid tok slutt, men er likevel sikre på siger når 99 prosent av stemmene er talte opp. Partiet leiar klart med 57 prosent av stemmene.

  • Trolig valgseier til ANC

    Den afrikanske nasjonalkongressen (ANC) i Sør-Afrika har 57,38 prosent av stemmene når 90 prosent er talt opp, melder Reuters. Regjeringspartiet vinner dermed trolig valget. Det endelige resultatet er ventet senere i dag.

Den nyvalgte presidenten Cyril Ramaphosa taler til parlamentet

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no