Røyrvik er den første kommunen i Trøndelag som i år blir meldt inn på Robek-lista.
– Det er ein alvorleg situasjon for Røyrvik.
Det seier ordførar Kennet Tømmermo Reitan til NRK om den økonomiske situasjonen til kommunen.
Robek-lista er eit register over kommunar som er i økonomisk ubalanse, og der staten har tatt kontroll over økonomien og avgrensar mellom anna nye låneopptak.
– Kvar skal me spare inn pengar? spør ordføraren. Me er avhengige av kvar tilsett og kvar innbyggar me har.
Ordføraren fortel at kommunen hamna i den økonomiske situasjonen dei no står i på grunn av rekrutteringsutfordringar. Han trekk særleg fram utgifter knytt til bruk av vikarbyrå i helsesektoren.
– Det er klart at det er store utfordringar, legg han til.
– Det er ein realitet me må ta innover oss, og så er det mange andre kommunar som står i liknande situasjonar.
Røyrvik er den 19. kommunen i Noreg på lista i år.
– Eg håper at det at me hamnar på Robek-lista kan hjelpe oss med å finne gode løysingar og gode tiltak. Og at det sender nokre signal oppover i systemet om at me kanskje skulle hatt litt meir inntekter.
Det var Namdalsavisa som meldte om Røyrvik sin plass på Robek-lista først.