Lege saksøkt for å ha utført abort

Ein lege i Texas i USA har blitt saksøkt for å ha utført ein abort for ei kvinne som var meir enn seks veker gravid.

Legen, Alan Braid, innrømma å ha utført aborten, og seier han forstod det kunne få juridiske konsekvensar.

– Eg gjorde det fordi eg hadde ei omsorgsplikt overfor denne pasienten, som eg har for alle pasientar, og fordi ho har ein grunnleggande rett til å få denne omsorga, seier Braid ifølge CNN.

Delstaten Texas har no USAs strengaste abortlov. Grensa er sett til sjette veke, eit tidspunkt der mange kvinner ikkje har oppdaga at dei er gravide. Fleire meiner dette søksmålet er ein test på kor sterk den nye lova er i praksis.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no