|
Bjørlo Trevarefabrikk. Foto: Ottar Starheim |
Bjørlo Trevarefabrikk er ein av dei største trevarefabrikkane i Sogn og Fjordane, og vart grunnlagt 1918 av brørne Hans og Knut Bjørlo.
Verksemda har i 2004 over 100 tilsette, og hovudproduktet er "Norgesvinduet".
Det starta som ski- og kjelkefabrikk
Brørne Hans og Knut Bjørlo starta i ein toetasjes trebygning like ved dampskipskaia, og første produksjonen var ski og kjelkar. Men marknaden var liten, og brørne gjekk seinare over til møblar, kjøkken, dører og vindauge og andre innreiingsartiklar.
På 1930-talet fekk Bjørlo m.a. oppdraget med å produsere dører og vindauge til det nye Nordfjord sjukehus, og måtte tilsetje to mann.
Krigsboikott
Under 2. verdskrig nekta Bjørlo å produsere for okkupasjonsmakta, og vart difor hindra frå å skaffe seg trevirke til produksjonen. Nordmenn som skulle ha utført noko hjå Bjørlo, måtte sjølve halde trevirke til det som dei skulle få laga.
Husmorvinduet - ein salssuksess
Frå 1948 tok Knuts son Olav over som dagleg leiar, og vart eineeigar i 1950. Same året vart fabrikken utvida og modernisert. I 1959 var Bjørlo ei av to norske verksemder som starta produksjon av "Husmorvinduet", eit vindauge som m.a. var konstruert slik at det kunne vippast rundt slik at det lettvindt kunne vaskast på begge sider.
Husmorvindauget vart ein salssuksess for Bjørlo Trevarefabrikk AS, som i 1960 bygde ny fabrikk på 800 kvadratmeter på ei nabotomt, og fekk no 10 tilsette. Dette bygget vart utvida gradvis.
Stor fabrikk i Øyane
Men tomta ved kaia vart etter kvart for trong, og i 1969 flytta fabrikken over i nytt anlegg på 2000 kvadratmeter i industriområdet Øyane. Nyefabrikken vart utvida med ferdigvarelager i 1971. Sidan har hovudfabrikken på Nordfjordeid vorte utvida fleire gonger, og er i 2006 på 10.200 kvadratmeter. Konsernet hadde i 2005 ei omsetning på 140 millionar kroner.
Over til konsern
I 1989 vart holdingselskapet Beverlo AS skipa. I Beverlo AS eig dagleg leiar Roald Starheim gjennom sitt investeringsselskap Rista AS (skipa 2005) og Bjørlo-familien gjennom sine investeringsselskap kvar sin halvpart. Dette holdingselskapet er morselskap til Norgesvinduet Bjørlo AS og Bjørlo Haugen AS som er namnet på den tidlegare Smørdal Trevarefabrikk på Haugen, som Bjørlo kjøpte av Mons Smørdal i 1996. Dei to fabrikkane i Eid har kring 150 tilsette. I 1992 kjøpte Beverlo AS og Roald Starheim ein trevarefabrikk i Polen - Beverlo Polska - som leverer halvfabrikata til fabrikkane i Eid. I 2007 vart det investert 20 millionar kroner i ein ny fabrikk i Polen like ved den gamle.
Hovudproduktet sidan 1991 har vore "Norges-vinduet", som Bjørlo samarbeider med ein fabrikk i Svenningdal i Vefsn om produksjon og marknadsføring av.