|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Eid: Kjøllesdal HandelsforeningKjøllesdal Handelsforening dreiv frå 1890-talet landhandel, bakeri og telefonstasjon i Kjølsdalen. Publisert 13.01.2004 13:26. Butikken vart i 1905 teken over av Peder M. Johnsen frå Haus, og i 1906 vart han også telefonstyrar. Johnsen hadde vore sanitetssoldat i det militære, og bygdefolket søkte til han når dei skulle trekkje tenner eller sy saman sår.
Forretninga vart overteken av svigersoen John Kjøllesdal i 1927. Ektemaken hans, Aslaug, var telefonstyrar i bygda. Kjøllesdal bygde nytt forretningsbygg på 1950-talet.
Butikken vart seinare overteken av sonen Jostein Kjøllesdal. Bjørn Aardal tok over butikken då Jostein døydde i 1983. Deretter var Jan Sætre ei tid eigar av butikken, før eit folkeaksjeselskap overtok i 2003 for å berge den siste nærbutikken i bygda. Selskapet heitte Kjølsdalen Handel AS og hadde 104 aksjonærar i bygda. Tanken var at Kjølsdalen Handel skulle vere eit samlingspunkt for bygdefolket, og butikken vart utstyrt med både kaffikrok og leikeavdeling for born. I 2006 overtok dansken Jan Snild Johansen butikken.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|