 |
Krundalen er ein sidedal til Jostedalen der Jostedalsrypa kan ha halde til. (Foto: Atle Løkken, NRK) |
Segna om den vesle, halvville jenta som vart funnen som einaste overlevande i bygda etter Svartedauden, er den mest kjende segna frå den gongen den fælslege pesten drap ned det meste av folket i Noreg.
 |
(Foto: Atle Løkken, NRK) |
Svartedauden var ein bylle- eller lunge-pest som herja i Asia og Europa på 1300-talet. Etter blodstyrtningar og sterke smerter døydde dei smitta etter 3-5 dagar. Pesten kom til Noreg i 1349 med eit skip som gjekk inn til Bergen, og på få år utrydda den kring 2/3 av det norske folket. Fleire bygder vart lagt øyde, og frå denne tida stammar dei fleste "øydegards/øygardsnamn".
Familien rømde til Jostedalen
Segna kring Jostedalsrypa handlar om ei jente frå ei rik ætt i Sogn. Familien rømde opp i den avsides Jostedalen for å sleppe unna pesten. Før dei rømde, avtala dei med folket nede i fjordbygda at ingen måtte kome opp til dei medan sjukdomen herja. Meldingar og bod oppover skulle skje ved at folk la eit brev under ein stein som framleis vert kalla "Brevsteinen".
Smitten kom likevel
 |
(Foto: Atle Løkken, NRK) |
Men trass i "isolatet" i dalen, vart alle så nær som ei lita jente i familien smitta og døydde. Ei tid etter kom folk på Gudbrandsdals-sida til å undre seg over at buskap frå Jostedalen kom over fjellet utan at nokon kom etter for å leite etter dyra. Dei drog over til Jostedalen for å finne ut kva som hadde hendt. Men då dei kom fram, rauk det ikkje frå ei einaste stove.
Fann jenta
Men i Mjølværsdalen såg dei spor etter eit menneske i nysnøen. Dei fylgde faret, og på garden Bjørkahaug fekk dei glimtet av ei lita, redd jente som rømde til skogs då framandkarane kom til gards. Dei nådde att den vesle, halvville jenta. Ho skjøna ikkje kva dei sa til henne, men kunne sjølv seie nokre få ord:
- Mor, vetle rjupa.
Desse orda gav opphavet til soga om at mora før ho døydde skulle gøymt den vesle jenta i ei seng av fjør. Segna ville ha det til at det hadde vakse fjør på jenta då ho vart funnen. Etter dette vart ho kalla "Jostedalsrypa".
Jenta skulle seinare verte gift på garden Bjørkahaug. Andre meiner at ho vart gardkone på Røneid i Gaupne.
Film og dikting
Segna om Jostedalsrypa har gjeve opphavet til både dikting og filmar, t.d. filmen "Trollsyn" av Ola Solum i 1994. Sjå meir om desse:
Filminnspelingar i Luster.
Segn og ikkje sanning?
Nyare arkeologiske undersøkingar viser at Jostedalen slett ikkje var så utdøydd etter Svartedauden som rypesegna vil ha det til. Det har vore drive jordbruk og vore busetjing i dalen utan avbrot både under og etter Svartedauden i 1349.