 |
Klapparen på "Sånt är livet" frå 1996. (Foto: NRK) |
Gjest Baardsen
Nokre av dei mest kjende utandørsscenene til filmen om stortjuven "Gjest Baardsen" i 1936 vart tekne opp i Luster.
Alfred Maurstad spela hovudrolla. Dei kjende bileta der Maurstad syng "Fjellsangen" (- Å kom, vil I høre en vise om Gjest...) vart tekne opp på Sognefjellet nokre kilometer ovanfor Turtagrø. Film-scenene frå "lensmannsgarden" med arresten vart tekne opp på den gamle lensmannsgarden Fuhr i Luster.
 |
Filmlplakaten til "Trollsyn" i 1994. (© Norsk filminstitutt) |
Filmar om Jostedalsrypa
I Jostedalen har det vorte skote scener til to filmar som spelar på segna om Jostedalsrypa:
I 1967 for filmen "Dager av tusen år" av Anja Breien.
I 1993 vart det bygt opp ein komplett mellomaldergard i Krundalen som var nytta til innspelinga av filmen "Trollsyn". Denne "garden" vart etter opptaka rigga ned og seinare nytta til innspeling i Sel i Gudbrandsdalen for filmen om "Kristin Lavransdatter".
Reklamefilm
Eit filmteam på 80 personar spela inn deler av ein reklamefilm for Volvo i Jostedalen. Filmen kosta like mykje som ein norsk spelefilm - men vara berre i tretti sekund. Breheimsenteret var nytta som kulisse i filmen, og var "hytta" til dei som køyrde bilen i reklamefilmen.
 |
Frå innspelinga av "Sånt är livet" på Lustrafjorden. (Foto: NRK) |
Sånt är livet
Regissør Colin Nutley (som laga suksessen "Änglagård") og m.a. skodespelarane Sverre Anker Ousdal, Helena Bergström, Rolf Lassgård, Sven-Bertil Taube og Jakob Eklund spela inn scener til filmen "Sånt är livet" i Solvorn i 1996.
 |
Pierce Brosnan kom aldri til Styggevatnet som James Bond. |
James Bond - agent 007
Produsentane av James Bond-filmane vurderte ei tid å bruke Styggevatnet øvst i Jostedalen som opptaksstad til actionscenar i ein av filmane om den britiske agenten. Men planane vart ikkje noko av.