SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Stryn - turistnæringa:

Aktivitets-tilbod for turistane

Utstilling ved Jostedalsbreen Nasjonsparksenter. (Foto: NRK)
Utstilling ved Jostedalsbreen Nasjonsparksenter. (Foto: NRK)
Utanom overnatting og skyss, vart det tidleg lagt til rette for såkalla ”aktivitetstilbod” til turistane: Bøndene vart breførarar og lakseklepparar, og alt i 1891 bygde distriktslege Kloumann eit steinhus for overnatting på det 1848 meter høge fjellet Skåla i Loen - Kloumannstårnet.

Publisert 09.04.2002 15:19. Oppdatert 15.04.2003 14:19.
Frå 1880-talet gjorde mange seg inntekter på suvenirproduksjon.

Klatring på Briksdalsbreen.
I nyare tid starta Fjordfly rundflyging med turistar frå base i Loen. Eit forsøk med helikopterturar vart mindre vellukka, og planar om gondolbaner til fjelltoppane på 1970-talet vart ikkje realisert.

Stor utbygging

Alpinbakke med skitrekk kom på Utvikfjellet i 1963, og starta Stryn Sommarskisenter på Strynefjellet, frå 1987 med stort skitrekk. Sjå: "Reiselivsbedrifter i Stryn".
Stryn Skisenter med alpinbakke vart bygd i 1982, og same året vart det store skianlegget for langrenn bygd ut på Ullsheim i Markane. Sjå: "Idretten i Stryn".
I 1992 bygde eidaren Aslak Lefdal stor turistskipskai ved den gamle mølla i Olden. No kunne cruiseturistane stige rett på land, i staden for å bli frakta til og frå skipa i småbåtar.
Nordfjord Havn har seinare overteke anlegget, og i 2008 var cruisekaia utvida for 30 millionar kroner.

Briksdalsbreen i 2002. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Verna naturperler

Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta 1994, og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn opna av statsminister Gro Harlem Brundtland i 1995. Saman med at Strynevassdraget med den mektige Videsæterfossen vart verna mot utbygging i 1993, og at Statens Vegvesen i 1997 peika ut gamle Strynefjellsvegen som ein av våre nasjonale turistvegar, har dette gjort at Stryn kommune framleis kan vise fram eit av dei største landskapa i Sør-Noreg som til no ikkje er råka av utbygging.
Nasjonalparksenteret ligg på Fosnes ved Strynsvatnet. (Foto: NRK)

Neste side:
· Heilårsdrift på hotella
Førre side:
· Campingturismen i Stryn
Hovedside:
· Milepælar i turistnæringa


MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no