Førre side:
·
Kjende personar i Hyllestad fødde 1800-1850
 |
Hans Systaddal. (©Fylkesarkivet) |
Hans Andersson Systaddal
(1853-1944) frå Systad, busett i Fjaler frå 1894. Bonde, skreddar og visediktar. Han var ein flink songar og kjøgemeister, og gav i 1911 ut ei bok med "Bryllups- og selskapssange" som han hadde samla.
(1860-1940) frå Leirvik. Handelsmann, bonde og Høgre-politikar.
(1861-1930) frå Skivenesvågen. Fiskehandlar.
(1867-1961) frå Kolgrov. Bonde, politikar og målreisingsmann.
(1868-1945) frå Ulvika, busett i Oslo. Lærar og skribent i årboka til Den Norske Turistforening.
(1868-1928) frå Hyllestad, busett i Vik. Lensmann, bankdirektør 1899-1928 og Venstre/Bondeparti-politikar.
Peder Elias Storaker
(1872-1928) frå Storaker. Lærar, språkmann og amatørbotanikar. Utdanna ved Stord lærarskule 1894. Arbeidde som lærar i Trysil, men interesserte seg for språk, og omsette m.a. fleire bibelske grunnskifter frå semittisk til nynorsk. Han samarbeidde med forskarar ved Bergen Museum i kartlegging av sjeldne mosearter i ytre Sogn. I 1828 omkom han under plantesanking då han fall utfor eit stup.
(1872-1953) frå Loftet i Fjaler, busett på Salbu. Industrigrunnleggjar og politikar.
(1877 - 1960) frå Løland. Smed og grunnleggjar av Løland Motorverkstad Verksted i Leirvik.
(1880-1952) frå Bøfjorden, busett i Leikanger. Lærar, avisutgjevar og redaktør.
Kristoffer A.N. Teige
(1887-1967) frå Skifjorden. Bonde og dugande slåttekomponist og felespelar som tok mange premiar på kappleikar. Tildelt Kongens fortenestemedalje.
Hans A. Risnæs
(1890-1966) frå Risnes. Gardbrukar og politikar. Ordførar i Hyllestad 1936-1941 og 1945 1955. Styreformann i Hyllestad Sparebank i ei årrekkje og styremedlem i Fylkesbaatane 1946-1960.
Olav Aas
(1890–1912) frå Hyllestad. Forskalingssnikkar. Vart drepen av ein bombesplint under bombinga av Vossevangen den 23. april 1940.
Peder E. Brendsdal
(1895–1945) frå Hyllestad. Skipsførar og krigsseglar. Styrmanns- og skipperskule. Omkom saman med resten av mannskapet då D/S ”Galatea” krigsforliste i St. George-kanalen på veg frå Liverpool til Barry den 21. januar 1945.
Andrea Bertine Sundbotten
(1897–1944) frå Hyllestad. Salongpike. Omkom då hurtigruteskipet D/S ”Irma” ved eit mistak vart torpedert på Hustadvika av to norske MTB-ar den 13. februar 1944. 61 menneske omkom.
Johan Kornelius Øen
(1897–1944) frå Hyllestad. Murar. Vart såra under eit bomeåtak mot den tyske ubåthamna i Laksevåg den 4. oktober 1944 og døydde av skadane 7. oktober 1944.