Jonas Løland arbeidde som ung m.a. på anlegg på Rjukan og i Årdal. Han kjøpte saman med Lasse Ness ein eigedom ved fossen i Bøelva og starta smedverkstad. Ei tid dreiv dei også tønneproduksjon.
Starta med trillebårer
Frå 1918 dreiv Jonas åleine, og produserte m.a. trillebårer og turbinar til småkraftverk. I 1918 bygde Løland slipp og starta vedlikehald av fiskebåtar og reparasjon av motorar. I åra kring andre verdskrig var vassturbinar og utstyr til småkraftverk det viktigaste produktet. Første båten - Loftesnesferja på 15 meter - vart bygd i 1938. Seinare utvikla verksemda seg til eit reint skipsverft.
Største arbeidsplassen i ytre Sogn
Løland Verft vart den den største arbeidsplassen i Sogn vest for Høyanger. Etter konkurs og ein mellomperiode som "Kleven-Løland", heiter verftet i 2001 Havyard Leirvik (sjå ).
Familieverksemd
Jonas Løland sine søner Anton (1903-1976), Nils (1904-1979), Harald (1905-1927), Johannes (1907-1939), August (1912-1997) og Magnus (1919-1994) arbeidde alle ved verksemda. Sjølv arbeidde Jonas i verksemda til 1955.
Jonas Løland vart tildelt Kongens fortenestemedalje i 1956.
|
Jonas Løland (t.d) vart overrekt Kongens Fortjenstmedalje av fylkesmann Nikolai Schei (t.h). Her er dei heime i stova på Indre Bø i 1956. (Foto © Fylkesarkivet) |