SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Naustdal:

Haugianarane i Vevring og Naustdal

Hans Nielsen Hauge var leiar for haugianarane.
Hans Nielsen Hauge var leiar for haugianarane.
Den gamle adelsgarden Svanøy vart på mange vis hovudsete for haugianarane på Vestlandet.

Publisert 02.10.2001 17:54. Oppdatert 07.10.2003 14:46.
Leiaren for den religiøse leksmannsrørsla, Hans Nielsen Hauge frå Østfold var ein dugande forretningsmann. I Bergen kom han i 1798 i kontakt med regimentsmed Erik Larsson Svorstøl frå Naustdal. Svorstøl fekk Hans Nielsen Hauge til å reise til Sunnfjord. Forkynnarferda førde til ei sterk vekkjing i bygdene langs heile Førdefjorden.

Hauge-venen Ole Torjusson frå Hallingdal fekk med Hauge si hjelp kjøpt den gamle herregarden på Svanøy i 1804, og tok familienamnet Svanøe. Her samla han ein stor haugianarflokk kring seg. Dei arbeidde på garden og dei ulike verksemdene som den driftige Ole Torjusson Svanøe bygde opp.

Ein av tenarane på Svanøy var Erik Olsson Gjellaker, som også kom frå Hallingdal. Han reiste som emissær over heile landet, og etter ei kort tid som eigar av garden Mjelva i Romsdalen, kjøpte han Tingneset i Vevring og slo seg til der. Eriks son Ola vart også ein sentral haugianar. I 1804 tok Bertel Nilsson Ullaland og Malina Hamra til å reise som emissærar for rørsla.

· Systrene Underli og vekkjinga i 1833
· Misjonsåkrar og misjonslam
· Forkynnarane frå Naustdal
· Haugianarane i samfunsstyringa
· Vevring Afholdsforening i 1854
· Bryllupsaksjonistane i Naustdal



Sjå også:
· Haugianarane på Svanøy og
· Svanøy-godset


MEIR OM NAUSTDAL 
Naustdal kommune

 
Aviser og media i Naustdal
Historia i Naustdal
Industri og næring i Naustdal
Kjende personar i Naustdal
Kommunehistoria i Naustdal
Krigshistoria i Naustdal
Kyrkjer i Naustdal
Samferdsle i Naustdal
Skular i Naustdal
Verd å sjå i Naustdal

 
Video frå Naustdal
Lyd frå Naustdal
HAUGIANARANE I SOGN OG FJORDANE 
Haugianar-kvinne grubla seg til døde?
Haugianarane i Luster
Haugianarar dreiv stamper og fargeri
Haugianarane i samfunsstyringa
Haugianarane i Vevring og Naustdal
Hans Nielsen Hauge
Haugianarane på Svanøy
Torgeir Halvardsson Næss
Peder Steen
Hans Feigum
Erik Larsson Svorstøl
Ole Torjusson
Erik Olsson Gjellaker
Malina Hamra
Stina og Maren Underli
Vevring Afholdsforening i 1854
Forkynnarane frå Naustdal
Anders Haave
Anders Redal
Ola Sjursson Saveland
Bryllupsaksjonistane i Naustdal
Misjonsåkrar og misjonslam
Religiøst liv i Aurland
Torbjørn Horten
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no