Fargeri på Hillestad
Peder Steen (1818-1894) var innflyttar frå Kristiansund. Han gjekk først i fargarlære hjå Hans Feigum før han i 1854 kjøpte seg gard på Hillestad i Hafslo og starta sitt eige fargeri. Sonen Jakob Steen dreiv fargeriet til 1918.
Stampe og fargeri i Marifjøra
I Marifjøra starta elles ein annan hafslobygding, Andreas Einarson Beheim, både stampe og fargeri ved elva i 1872, og han laga også plantefargar for sal. Sonen Georg Behaim tok over då faren døydde i 1944 og dreiv heilt fram til byrjinga av 1950-talet. Firmaet heitte A. E. Behaims Eftf.
Tøystamper i Indre Hafslo
Også på Kjørlaug og Sterri i Indre Hafslo var det tøy-stamper. Dette var verkstader der ein fekk krympa heimevove tøy ved at det vart stampa/banka av stokkar som vart drivne opp og ned som hamrar av eit vasshjul. Etter handsaminga i stampa krympa ikkje tøyet så lett ved seinare vask.
Teglverk i Hafslo
Vilken Sjursen, ein haugianar som kom til Hafslo og kjøpte seg gard der i 1782, skulle også vere drivar av eit teglverk som låg på Bjørkaug nedanfor Furehaug i Hafslo, men dette er noko uvisst.
Tøystampe i Luster
I Luster var Ola Brustova ein sentral haugianar. Han var skulemeister, og bygde etter oppmoding frå Hans Nielsen Hauge ei tøystampe.
Saltkoking i indre Sogn
Haugianarane i indre Sogn skal også ha prøvd seg på saltkoking. Hans Nielsen Hauge vart sjølv slept ut av fengsel for å organisere saltkoking av sjøvatn i naudsåra under Napoleons-krigane, og Svanøy i Sunnfjord vart eit senter for denne "industrien" - sjå:
Mønsterbruket Svanøy.
I indre Sogn skal folk frå haugianar-brørne ha prøvd seg på saltkoking m.a. i Saltviki ved Årdalstangen og i Saltgruva mellom indre og ytre Offerdal. Inne i fjordane måtte sjøvatn til saltkoking hentast opp frå 50 favners djup, elles var det for utblanda med ferskvatn frå dei store elvane.