|
Østenstadstova er frå 1500-talet. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Truleg er det ingen bygdelag i Sogn og Fjordane som har så mange velbevarte eldre hus som Jølster. Av 39 hus samla av
Sunnfjord museum i Movika i Førde, kjem 12 frå Jølster.
Det eldste er Østenstadstova som har datering 1500. Stova vart kjøpt for museet i 1913 og danna grunnstammen i det første museumsanlegget som vart reist på noverande Festplassen i Førde sentrum på 1920-talet. Her vart også Myklebustloftet reist. Her er buret frå tidleg 1600-tal, og loftet frå 1745. Begge desse husa vart flytta til det nye museumsområdet i Movika i 1951.
Løsetloftet er også tidleg 1600-tal, og kom til museet i 1953. Ei gamal segn fortel at kong Kristian den 4. skal ha overnatta i loftet under ei ferd gjennom Jølster på 1600-talet.
Ei lita matbu med særleg grovt tømmer kjem frå Sandnes i Jølster. Datert kring 1600, og flytta til museet i 1953. Segna seier at bua er bygd av ei einaste kjempefuru, hoggen i skogteigar som jølstringane hadde i Gjengedalen i Hyen.
Huusstova er datert til 1680, og var i bruk som bustadhus heilt til den vart flytta til museet i 1982.
Eit loft frå Søgnesand, datert ca. 1630, ligg lagra på museet, men er enno ikkje sett opp.
Elles finn ein m.a. ei løe frå Leirgrovbakke, datert 1840, på museet, ei mindre løe og eit geitefjøs som og stammar frå Jølster.
|
Bygningar på Sunnfjord museum. (Foto: NRK) |