Men området låg utsett til for flaum, og dei innsamla bygningane vart i 1951 flytta til husmannsplassen Movika ved Movatnet. Dei gamle bygningane på husmannsplassen vart innlemma i samlingane til muséet.
På 1980-talet fekk muséet brannsikkert lagerbygg med plass til utstillingar og kontorlokale. Ved sida av er det sett opp eit verkstadbygg for restaurering og reparasjonar.
Muséet har m.a. samla 39 gamle bygningar frå Sunnfjord.
Dei fleste er sette opp i friluftsmuséet ved Movatnet og på stølstunet som ligg litt unna dei andre bygga og som vart opna i 2006:
Stove frå Østenstad, Jølster, datering 1500-talet.
Bu frå Rørvik i Haukedalen, datering 1640.
Loft frå Myklebust i Jølster, dateringca. 1600–1745.
Kvern frå Kussli i Førde, datering ukjend.
Smie frå Kussli i Førde, datering ukjend.
Eldhus frå Viken i Gaular, datering ca. 1850.
Loftshus frå Viken i Gaular. datering ukjend/ca. 1850.
Loft frå Løset i Jølster, datering ca. 1640–1828.
Løe frå Leirgrovbakke i Jølster, datert ca. 1840.
Stall frå Viken i Gaular. datering ukjend.
Kufjøs frå Lunde i Gaular, datering ca. 1850.
Bu frå Sandnes i Jølster, datering ca. 1600.
Skulestove frå Guddal i Fjaler, datering 1891.
Husmannsstove, skykkje/do og løe/fjøs frå den opphavelege husmannsplassen i Movika, datering ca. 1863–1887.
Eldstove frå Espeset i Gaular, datering ca. 1850
Stove frå Huus i Jølster, datering ca. 1680.
Geitefjøs frå Kjøsnes i Jølster, datering ukjend.
Naust med løe frå Nes i Haukedalen, datering ukjend.
Løe frå Indrebø i Angedalen. datering ukjend/ca. 1880.
Stovehus frå Halbrend i Førde, datering ca. 1860.
Utløe frå Brenden i Jølster, datering ukjend.
Bualoft frå Søgnesand i Jølster, datering ca. 1630.
Sel frå Indrebø i Angedalen, datering 1942-1943.
Do frå Tufta i Gaular, datering ukjend.
Sel frå Hegrenes i Jølster, datering ukjend.
Skykkje frå Fleten i Gaular, datering ukjend.
Fjøs frå Årli i Gaular, datering ukjend.
Sel frå Hegrenes i Jølster, datering ukjend.
|
Naust frå Nes plassert ved Movatnet. (Foto: Arild Nybø, NRK) |