·
Handel og gjestgjevarstader på 1700-talet
ENKELTOMTALER:
vart grunnlagt 1900. Sparebanken heldt til i eige bygg i Årdal.
Fe og hestehandel
Anders Eikås frå Eikås dreiv som fehandlar kring år 1900. Bertil J. Årdal frå Årdal var på same tid registert som hestehandlar.
Kristen Sørenson Årdal
dreiv kring 1900 fargeri i Årdal.
Jølster Brandforsikringsselskab
vart skipa 1902. I tillegg til forsikring, dreiv dette branntrygdelaget med førebyggjande arbeid: Like etter krigen kunne dei stolt fortelje at dei disponerte ni firemanns handsprøyter fordelt kringom i kommunen.
Då staten i 1918 lova støtte til lokale vareruter, nytta jølstringane høvet til å skipe sitt eige kommunale bilselskap.
Det offisielle namnet på firmaet var ”Brørne Eikås Trevareindustri”. Hovudproduktet var dei kjende pennalhusa, der skuleborna kunne oppbevare skrivesaker.
Hans Astrup
starta den første sølvrevgarden i Jølster på Ålhus i 1925. – Sjå elles
Pelsdyrnæringa stor i Jølster.
Anders Helgheim
starta skreddarforretning på Skei i 1929. Fabrikken hadde ei tid opptil seks tilsette.
Brørne Eikås Trevareindustri
- sjå
Pennalfabrikken.
Leif Gåsemyr
starta 1933 bakeri på Skei. Han hadde 2 personar i arbeid, og leverte bakarvarer til Indre Jølster.
Jakob Sunde
starta i 1935 skreddarverkstad på Vassenden. I 1947 bygde Sunde nytt forretningsbygg. Verksemda hadde fem tilsette, og dreiv også manufakturforretning der dei m.a. selde ferdigsydde klede.
Espehaug Tinnstøyperi
på Vassenden vart grunnlagt 1936 av Arthur og Erling Espehaug. Støyperiet laga m.a. krokar, knappar og spenner for bunader, med særskilde mønster for dei ulike bunadane.
Johan Lunde
starta i 1939 trevarefabrikk på Skei. Verksemda sysselsette 3 personar, og produserte dører, vindauge og trapper. Dei produserte også vevstolar.
Hallvard Viken har bygd ut hovudavdelinga på Skei m.a. med kafeteria og ”julebutikk”, og skipa avdelingar i Førde og Geiranger, og 5 avdelingar i Bergen.
|
Alf Helgheim & Co. |
Alf Helgheim
starta 1946 ur- , optikk- og fotoforretning på Helgheim. Daglegvarer frå 1970. Flytta 1987 til Skei, der forretninga sel ur, optikk, foto, video, gull og sølvvarer.
Hans Viken
starta entreprenørforretning på Skei i 1948. Han dreiv sprenging og grunnarbeid og hadde kring fem tilsette.
Skei Servicesenter
vart grunnlagt 1958 av Jorulf Fugle, og sidan 1986 drive av Ola Fugle. Senteret driv bensinstasjon, skysstasjon for rutebilane, kro og campinghytter, og sysselsette i år 2000 på årsbasis 7 årsverk.
Aasen Hyttebygg
på Vassenden vart grunnlagt 1968 av Kåre Åsen. Verksemda fekk plass i kommunalt industriutleigebygg på Fluge. Etter konkurs i 1983 heldt verksemda fram som Jølster Bygg AS, med fleire eigarar. Jølster Bygg framstiller hytter og innreiingar, og sysselset 5 årsverk.
Vestlandske Felleskjøp
skipa avdeling på Skei i 1969 for sal av landbruksmaskiner. Flytta i 1999 inn i nybygg på 2300 kvm. og har 18 tilsette. Hadde i år 2000 ei omsetning på 65 millionar kroner. Selskapet heiter no
Felleskjøpet Øst Vest, etter fusjon i 1999.
entreprenørfirma på Vassenden vart starta av Ivar A. Sunde i 1970.
på Skei vart starta i 1976 av Jostein Sunde.
vart starta i 1979 av Arne Lesto og Oddne Fimland.
Jølster Rør AS
på Skei vart grunnlagt 1979 av Trond Aardalsbakke. Verksemda sysselset 4 personar.
LeFi Bakst
frå 1984 - sjå
Jølster Bakeri.
på Skei vart starta av Svein Årdalsbakke i 1991 av Svein Årdalsbakke.
Norsk Fiskesenter AS
på Vassenden vart skipa i 1992 av eigaren av
Jølstramuseet,
Eivind Fossheim d.y. Senteret driv som reisearrangør og tilretteleggjar av sportsfisketurar og kurs i sportsfiske.
vart skipa i 1997 og hadde frå starten sju eigarar.
Jølster Eigedomsselskap AS
- sjå
Ivar A. Sunde AS .
på Myklebust vart skipa i 2002 av Knut M. Olsen m.fl.
Jølstraauren
Jølstravatnet er eitt av Noregs beste fiskevatn. Frå gamal tid har det vore drive næringsfiske etter aure i vatnet. Fisketidene i vatnet og bruken av reiskap er strengt regulert. I samband med garnfiske om hausten vert store mengde jølstraaure lagt ned som rakaure, og seld til heile landet. Kjende fiskemottakarar er Jørgen Helgheim og Ivar Sægrov.
BP Maskin DA
maskinstasjon vart starta i Stardalen i 2007 av Pål Befring og Bård Arne Svidal. Firmaet driv leigekøyring og utfører m.a. slåtten for andre gardbrukarar.