SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Jølster

Matematikk-time ved Skei skule. (Foto: NRK)
Matematikk-time ved Skei skule. (Foto: NRK)

Sokneprest Erik Olsen

f. 1816, var prest i Jølster frå 1864 til 1871, då han fekk avskjed p.g.a. sjukdom. Etter at han vart pensjonist, dreiv han ei tid privat skule for ungdom som ville førebu seg til artium.

Publisert 15.08.2001 09:35. Oppdatert 15.05.2003 10:59.

Johannes Aalhus

(1880 –1910) frå Ålhus var lærar og målmann, som m.a. heldt kveldsskule med opplæring i nynorsk. Han stod sentralt i målstriden i Jølster kring 1905.

Heimeyrkesskulen i Jølster

Heimeyrkesskulen i Jølster vart grunnlagt i 1945 av lærar Kristian Eikås. Skulen var kommunal fram til 1949, då fylkeskommunen tok over drifta.

Sentraliseringstrid

Mellom øvre og nedre Jølster har det i dei fleste lokaliseringssaker vore sterke spenningar, der Skei og Vassenden har stått imot kvarandre. Slik var det også ved skiping av ungdomsskulen på byrjinga av 1970-talet. Kommunestyret vedtok at ungdomsskulen skulle samlast i sentralskule på Skei – eit vedtak som nedre bygda aldri fann seg til rette med. Etter 5 års drift, fekk difor nedre Jølster sin eigen ungdomsskule i eit påbygg til barneskulen på Vassenden.

Årdølene med eigen privatskule

Årdal hadde frå gamalt vore ”kommunesenter” med sparebank , der kommunale kontor leigde seg inn. Her vekte det sterke reaksjonar då kommunestyret vedtok at skulekrinsen skulle leggjast ned og borna sendast til Skei barneskule, og folk i Årdal gjekk til skulestreik. Årdølene skipa i 1972 eigen privatskule i Årdal med kring 30 elevar.
Privatskulen varde eitt år. Deretter fekk bygda ei ordning der dei eldste borna vart flytta til Skei, medan dei yngste fekk bli i Årdal i eit samarbeid med barnehage. Skulen i Årdal var lagt ned i 1987.

Dagens skular:

Skei skule (1.-10. kl.) 202 elevar
Vassenden (1.-10. kl.) 239 elevar

MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no