|
Gerd Dvergsdal var første kvinnelege ordførar i Jølster. |
Tor Hansson Veiteberg (1795–1856) var første ordførar i Jølster 1838-1842. Gerd Dvergsdal vart den første kvinnelege ordføraren i 1995.
Ved kommunereguleringa i 1965 fekk Jølster tillagt bygda Førde ved Breimsvatnet. Denne hadde tidlegare tilhøyrt Breim kommune.
Fram til kommunehuset på Skei vart teke i bruk i 1977, heldt kommune-administrasjonen til i sparebankbygget i Årdal. Frå gamalt av har det vore stadige feidar mellom øvre og nedre Jølster, Vassenden og Skei, om lokalisering av kommuneadministrasjon og -institusjonar.
I 1998 røysta fjærlendingane om kva kommune dei skulle høyre til i framtida. Alternativet å høyre til Jølster fekk berre 2 røyster. Sogndals-altenativet vann med få røyster over alternativet framleis å høyre til Balestrand kommune.
|
Kommunehuset på Skei. |
I dag grensar Jølster kommune mot Gloppen i Våtedalen, mot Sogndal på Jostedalsbreen, mot Førde ved Moskog, og mot Naustdal i fjella vestanfor Jølstravatnet.