Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 2. mars

• 729 nye smitta i Noreg
• Ny lov hindrar fleire i å stemme i Georgia
• Zuccarello kåra til vekas spelar

Oslo 20210207. Bydel Stovner i Oslo.

Stovner bydel har det høgaste smittetrykket i Oslo.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Kraftig smittehopp: 729 nye smitta i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 729 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 549 fleire enn dagen før og 503 fleire enn same dag i førre veka. Det daglege smittetalet har ikkje vore så høgt sidan 7. januar, viser Folkehelseinstituttet sin oversikt.

Ved midnatt var det registrert i alt 71.735 smittetilfelle her i landet. Sidan mars er 623 koronasmitta personar døde.

I Oslo er det registrert 137 nye smitta siste døgn. Det er 22 fleire enn dagen før, men 27 færre enn snittet den siste veka. Stovner bydel har det høgaste smittetrykket.

Gjer det vanskelegare å stemme i Georgia

I den amerikanske delstaten Georgia fekk republikanske politikarar måndag vedteke ei ny lov som avgrensar tilgangen til å stemme i val. Lova vart vedteken med 97 mot dei 72 stemmene til demokratane i underhuset i delstaten. Lova går no til senatet i delstaten til vidare debatt.

Lova krev mellom anna foto-id for å levere førehandsstemme, ho forkortar tida ein har til å be om stemmesetel til poststemming, avgrensar opningstider og stadar der mottaksboksar for førehandsstemmer kan bli plasserte, og stansar førehandsstemning tidleg om morgonen i helgane.

Demonstranter utenfor delstatsforsamlingen i Atlanta i Georgia i USA mandag

Demonstrantar samla seg utanfor delstatsforsamlinga i Atlanta for å protestere mot lova som dei meiner vil gjere det vanskelegare for svarte å stemme.

Foto: DUSTIN CHAMBERS / Reuters / NTB

Zuccarello kåra til vekas spelar i NHL

Den norske ishockeyspelaren Mats Zuccarello er kåra til vekas spelar av den amerikanske ishockeyligaen NHL sin spelarorganisasjon etter to mål og seks målgivande pasningar førre veka.

Mats Zuccarello kasta ikkje bort tida då han igjen var å sjå i lagoppstillinga til Minnesota Wild, noterer NHLPA i kåringa. Nordmannen mista starten av sesongen på grunn av skade i handleddet, men han har vore suveren etter skadeavbrekket.

 Kirill Kaprizov og Mats Zuccarello

Mats Zuccarello får gratulasjon av lagkompisen Kirill Kaprizov etter kampen der laget deira slo Colorado Avalanche i Denver 24. februar.

Foto: MATTHEW STOCKMAN / AFP / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no