Hopp til innhold

Republikanarar i Georgia med lov som avgrensar retten til å stemme

Republikanarane i den amerikanske delstaten Georgia fekk måndag vedteke ei ny lov som vil gjere det vanskelegare å stemme ved val.

Demonstranter utenfor delstatsforsamlingen i Atlanta i Georgia i USA mandag

Demonstrantar samla seg framfor delstatsforsamlinga i Atlanta i Georgia måndag for å protestere lova som dei meiner vil gjerne det vanskelegare for svarte å stemme.

Foto: DUSTIN CHAMBERS / Reuters / NTB

Lovforslaget vart lagt fram etter at demokratane vann både presidentvalet og to senatorval som følgje av rekordframmøte i november og januar.

Lova vart vedteken med 97 mot dei 72 stemmene til demokratane i underhuset i delstaten. Den går no til senatet til delstaten til vidare debatt.

66 sider lang lov

Det 66 sider lange og detaljrike lovframlegget krev mellom anna foto-id for å avleggje førehandsstemme, noko mange amerikanarar ikkje har. Lova forkortar og tida ein har til å be om stemmesetel til poststemming, avgrensar der mottaksboksar for førehandsstemmer kan plasserast og når dei skal vere opne, og stansar førehandsstemning tidleg om morgonen i helgane.

Demokratane meiner at lova i praksis vil gjere det vanskelegare å stemme, spesielt for afrikansk-amerikanarar.

Stacey Abrams

Demokraten Stacey Abrams får mykje av æra for at Georgia blei ein vippestat ved valet i 2020. Ho har arbeidd målretta for å få fleire svarte veljarar til å registrere seg etter at ho sjølv tapte guvernørvalet i 2018.

Foto: Seth Wenig / AP / NTB

Etter at demokraten Stacey Abrams begynte sin kampanje for å få fleire svarte, og særleg kvinner, til å registrere seg som veljarar, har talet på førehandsstemmer skote i vêret, til stor frustrasjon blant republikanarane. I 2018-valet stemte 223.000 på førehand i delstaten. I presidentvalet i 2020 stemte 1,3 millionar på førehand i Georgia, noko som gav Joe Biden ein viktig siger.

I dag er Georgia ein av 34 delstatar som ikkje krev grunngjeving om ein vil stemme på førehand. Republikanarane vil avgrense denne mogelegheita. Ein årsak dei oppgir er at tre veker med fri førehandsstemming har overbelasta valmedarbeidarane.

Stacey Abrams sier til MSNBC at det pågår ei rekkje forsøk på å innskrenke stemmeretten i USA no, leidd av delar av det republikanske partiet.

I fleire delstatar

Lova er ei av mange som republikanarane prøver å få gjennom i fleire delstatar for å innskrenke moglegheitene for å avleggje stemme.

Republikanarane seier slike lover må til for å rette opp igjen tilliten veljarane har til valsystemet, medan demokratane svarer at det er på grunn av Donald Trumps grunnlause påstandar om valfusk at folks tillit er svekt.

Protester utenfor delstatsforsamlingen i Atlanta i Georgia mot innskrenkninger i stemmeretten

Demonstrantane fryktar at innstramminga særleg vil ramme afroamerikanske veljarar.

Foto: DUSTIN CHAMBERS / Reuters / NTB

SISTE NYTT

Siste nytt