Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 12. oktober

• Semje i oljetransportmeklinga
• Trump forsvarer bruk av Fauci-sitat
• Virus kan leve på mobilen i 28 dagar

Tankbil med flybensin på Gardermoen.

STREIKEFAREN OVER: Oljetransportarbeidarane og Norsk Industri vart i natt samde om ein ny tariffavtale.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Semje i oljetransportmeklinga

Parat, Fellesforbundet og Norsk Industri vart rett etter midnatt samde om ein ny tariffavtale for oljetransportarbeidarane. Dermed vart det ikkje streik for sjåførane som køyrer ut drivstoff til bensinstasjonar og flyplassar.

I tråd med resultatet frå frontfaga får alle eit generelt tillegg på 50 øre per time frå 1. mai. Frå 1. november aukar minstelønnssatsen med 5,42 kroner. Minstelønn til verkstadarbeidarane aukar med 9,36 kroner i timen. Det gir eit lønsløft på 2,6 prosent, skriv Fri Fagbevegelse.

Oppgjeret går til uravstemming blant medlemmene i Parat og Fellesforbundet med svarfrist 30. oktober.

Trump forsvarer bruk av Fauci-sitat

President Donald Trump avviser at valkampanjen hans har vridd på ei utsegn frå smittevernekspert Anthony Fauci slik at det verkar som at Fauci rosar Trump for koronainnsatsen. – Det er villeiande og tatt ut av samanheng, seier Fauci.

Valkampannonsen bruker ein del av eit intervju frå mars i år der Fauci fortel kor hardt han har jobba med koronakrisa. Klippet får det til å høyrest som at han skryt av Trump og ikkje fagfolka i helseinstituttet.

Viruset kan leve på mobilen i 28 dagar

Australske forskarar har funne ut at koronaviruset kan leve på pengesetlar, mobilskjermar og rustfritt stål i 28 dagar, noko som er lenger enn ein hittil har trudd.

Studien frå det australske offentlege forskingsinstituttet CSIRO er gjennomført i laboratorium, med stabil luftfukt, temperatur på 20 grader og i mørke.

Internasjonalt er det likevel semje om at den viktigaste smittemåten for korona er gjennom luft- og dropesmitte.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no