Hopp til innhold

Fauci seier Trump-reklame vrir på koronasitat

Smittevernekspert Anthony Fauci seier at valkampanjen til Trump har redigert eit sitat slik at det ser ut som at han roser presidenten. Trump avfeier Faucis protestar.

Donald Trump og Anthony Fauci

FØLER SEG MISBRUKT: Anthony Fauci er USA sin fremste smittevernekspert og har stått ved president Donald Trump si side i tallause pressemøte i Det kvite huset.

Foto: MANDEL NGAN] [SAUL LOEB / AFP/NTB

Fauci, som er USAs sin leiande ekspert på smittevern, seier sitatet er klippa slik at det vert villeiande.

I annonsen seier Fauci at han «ikkje kan førestille seg at nokon kunne ha gjort meir» for å kjempe mot koronaviruset. Men då Fauci sa dette i eit intervju med Fox News i mars i år, snakka han om sin eigen innsats og innsatsen til dei andre fagfolka i helseinstituttet, og ikkje om presidenten.

Dette er den omstridde annonsen:

Utan løyve

I det 30 sekund lage reklameinnslaget verker det som at Fauci roser president Donald for handteringa av koronapandemien. Men heile sitatet han gav til Fox News i mars let slik:

– Eg har halde på med dette nesten heile tida. Eg er nede i Det kvite huset nærast kvar einaste dag saman med innsatsgruppa. Det er kvar dag. Så, eg kan ikkje sjå for meg, under nokre omstende, at nokon kunne ha gjort meir, sa Fauci.

Smitteverneksperten seier at han har vore svært varsam med å ta politisk stilling.

– I dei snart 50 åra eg har arbeidd i offentleg teneste har eg aldri offentleg støtta nokon politisk kandidat, sa han til CNN og nyheitsbyrået AFP etter at reklameinnslaget vart sendt.

Han streka under at kommentaren vart brukt utan løyve frå han, og at han er teken ut av samanheng frå ei fråsegn han kom med for fleire månader sidan om innsatsen til dei føderale helsestyresmaktene.

Trump forsvarer klippet

President Trump forsvarer bruken av klippet. Det gjer òg talsmann for Trump-kampanjen, Tim Murtaugh.

– Dette er verkeleg Faucis eigne ord. Vi har gjort ein fenomenal jobb, ifølgje visse guvernørar, og mange folk er samde i det, skriv presidenten på Twitter.

– Videoen er frå eit intervju med Fauci der han skrytte av arbeidet til Trump-administrasjonen. Orda som blir sagde er nøyaktige, og direkte frå Faucis munn, seier Murtaugh til CNN.

SISTE NYTT

Siste nytt