Hopp til innhold
Asylmottak og omsorgssentre skal varsle politiet når noen forsvinner.
Foto: RONALD HOLE FOSSÅSKARET / NRK

Asylbarna som forsvann

Oppsummert

Rundt 400 asylbarn har forsvunne frå mottak og omsorgssenter sidan 2015, og har framleis status som sakna. I tillegg kan utnytting gå under radaren når asylbarn bur på mottak eller i private heimar. Les alle saker her.

  • Redd Barna møtte Toppe med asylbarn-krav: – Skuffa

    Barneminister Kjersti Toppe (Sp) inviterte før jul Redd Barna til eit møte etter NRKs asylbarn-avsløringar. I møtet fredag 1. mars sette Redd Barna fram krav om å overføre dei eldste asylbarna til barnevernet. I tillegg tok dei opp utfordringa med asylbarn som kjem med følgjeperson til Noreg.

    Toppe seier til NRK at møtet var godt, og at overføringa til barnevernet er noko som «i alle tilfelle måtte utgreiast grundig».

    – Eg tar med meg desse innspela i arbeidet vidare i regjeringa, seier statsråden.

    Redd Barna er derimot skuffa.

    – Vi opplevde at dei lytta, men vi er skuffa over og meiner det er uforståeleg at det ikkje kom tydelegare forpliktingar og konkrete planar, seier Camilla S. Engeset i Redd barna.

  • Ikkje fleirtal på Stortinget for asylbarn-tiltak

    Etter dei mange NRK-avsløringane om asylbarn i Noreg, foreslo SV før jul å vedta ei tiltakspakke for einslege mindreårige asylsøkarar.

    Både Barneombodet og Likestillings- og diskrimineringsombodet stilte seg bak tiltaka i høyringsrunden. Men no er det klart at fleirtalet i kommunal- og forvaltiningskomiteen på Stortinget seier nei til forslaget.

    SVs Birgit Oline Kjerstad er opprørt.

    – Eg er svært skuffa over at Sp og Ap signerer på justisministeren sin påstand om at alt er godt nok. Det er ganske utruleg med høyringssvara, tilsynsavvika og NRK sin dokumentasjonsserie, seier ho.

    Sjølv om justisminister Emilie Mehl i eit skriftleg innspel avviser SVs forslag, opnar ho for å sjå på forbetringstiltak på mottak for dei eldste asylbarna.

    «Vi (...) vil vurdere å stille enda strengare krav til bemanning, barnefagleg kompetanse og styrke tilsynsordninga, slik at ev. avvik blir fanga opp og utbedra."»

    Vi ser klassebildet av klassen som niåringen gikk i. Han er anonymisert i bildet. Det finnes mange glade elever som står rundt ham og smiler. Han står i midten av bildet med en rød og grå genser.
  • Barneminister Toppe ber alle kommunar sikre asylbarn mot omsorgssvikt

    – Eg vil oppmode alle kommunar igjen om å repetere overfor sine tenester det ansvaret dei har for å sikre at barn som kjem til Noreg, ikkje blir utsett for omsorgssvikt, skriv barneminister Kjersti Toppe (Sp) i ein e-post til NRK.

    Førre veke fortalde NRK at ingen har omsorgsansvar for asylbarn som vel å flytte til private adressar. Redd Barna meiner kommunale barnevern bør få plikt til å alltid undersøke om barna har det bra.

    No vil statsråden invitere Redd Barna til eit møte på nyåret for å snakke om saka. Ho er sjølv bekymra for at asylbarn som kjem med følgepersonar til Noreg kan bli utsett for kriminelle handlingar.

    – Det er naturleg at ein er særleg observant på barn som bur privat hos andre vaksne, enn foreldre eller formelle, skriv Toppe.

  • Overfører ikkje asylbarn til barnevernet i 2024

    SV fekk ikkje gjennomslag for å overføre ansvaret for dei eldste asylbarna frå Utlendingsdirektoratet til barnevernet neste år. Det går fram av statsbudsjettforliket med regjeringa for 2024.

    SV hadde sett av 111 millionar kronar i sitt alternative statsbudsjett til endringa, med verknad frå desember 2024.

    Målet er å få meir barnefagleg kompetanse og tettare oppfølging rundt dei eldste asylbarna og tettare oppfølging.

    – Vi er sjølvsagt skuffa over at ein ikkje får til meir på asylfeltet, seier Birgit Oline Kjerstad, asylpolitisk talsperson for SV.

    Ho seier dei jobbar vidare med lovforslaget dei leverte i november om å gi ansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar over 15 år til barnevernet.

    Birgit Oline Kjerstad, asylpolitisk talsperson SV
    Foto: Silje Rognsvåg / nrk
  • KrF vil opprette politieining for å finne asylbarn

    Kristeleg Folkeparti blar opp 30 millionar kroner i sitt alternative statsbudsjett for 2024 for å sikre at asylbarn blir leita etter når dei forsvinn frå mottak og omsorgssenter.

    Partiet foreslår å bygge opp ei sentralt eining, til dømes under Politidirektoratet. Der skal politidistrikta kunne få råd og bistand til etterforsking og internasjonalt kontakt, opplyser nestleiar Dag Inge Ulstein til NRK.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no