Youtube-stjerner klare for returoppgjer

Boksekampen mellom to av dei største Youtube-stjernene i verda enda uavgjort i august i fjor. I november er det klart for returoppgjer i USA mellom dei to.

KSI mot Logan Paul

RETUROPPGJER: Boksekampen mellom Youtuberane Logan Paul og KSI endte uavgjort i Manchester i august i fjor. I november blir det ny kamp i heimbyen til Paul, Los Angeles.

Foto: TOM JACOBS

Etter lengre tids skitkasting på nettet møttest britiske KSI og amerikanske Logan Paul i bokseringen til ein amatørkamp i Manchester i august i fjor. Dei to er blant verdas største Youtube-stjerner med nesten 20 millionar følgjarar kvar.

Kampen blei sendt direkte på Youtube, som for første gong tok betalt for ei direktesending. 760.000 sjåarar betalte rundt 80 kroner for å følgje kampen, som etter all førhandsomtalen og opphausinga, blei eit antiklimaks. Begge kjendisane fekk inn fleire gode slag, men kampen enda uavgjort.

Men 9. november møtest dei to til ny kamp, denne gongen som profesjonelle, i Staples Center i Los Angeles, melder BBC og fleire andre utanlandske medium.

Ikkje på Youtube

Returoppgjeret skjer i regi av boksepromotøren Matchroom Boxing, som skriv at dei to Youtube-stjernene no har blitt profesjonelle boksarar etter at dei bestod medisinske testar i førre veke.

Det vil blant anna seie at dei skal bokse utan hjelm, slik dei gjorde i den første kampen.

Denne gongen er det ikkje Youtube som har retten til å vise kampen, men britiske sportsstrøymetenesta Dazn.

Dei ønsker å bli eit slags Sports-Netflix, og er på stadig jakt etter nye marknader. Og då passar denne kampen som hand i hanske, seier visepresident i Dazn i Nord-Amerika, Joe Markowski, til Washington Post..

– Dei er dei nye, moderne superstjernene, det kan vi ikkje kome bort frå. Vi lever i ei tid med sosiale medium, og det er stor interesse for denne kampen blant fansen, og dei rår over ein stor digital tilhengerskare.

Kampklare

Britiske KSI, som eigentleg heiter Olajide William Olatunji, hadde trent boksing i eitt år før kampen, og blei rekna som favoritt før kampen i fjor. Han ser fram til omkampen.

– Endeleg, eitt år etter kampen vår, skal eg få gå i ringen igjen for å slå Logan Paul. Skal eg vere ærleg, boksa eg ikkje særleg bra i den første kampen. Likevel klarte eg uavgjort, seier KSI til Matchroom Boxing.

Medan Logan Paul meiner året som har gått sidan sist har gjort at han har fått eit favorittstempel.

– Sist klarte ikkje KSI å slå meg, trass i at eg berre hadde trent i tre månader. Medan han har kasta bort det siste året på å prøve å bli ein rappar, har eg brukt tida til å trene kvar einaste dag.

Før den første kampen var det mange som var usikre på kor djupt striden mellom dei nettkjendisane stakk. Men før omkampen i november seier begge at dei tek kampen på alvor.

– Dette er ikkje berre nokre Youtuberar som yppar til kamp. Dette er ein ekte kamp, seier Paul til Washington Post.

SISTE NYTT

Siste meldinger