Avretting Narumsbakken.

Drapsmannen som kom inn frå kulden

Den dødsdømde har lagt hovudet på blokka. Bak står den aldrande skarprettaren med øksa heva. Han skjelv tydeleg på hendene. Over 2000 menneske står heilt stille mens presten les Fadervår. Den milde septemberlufta dirrar av spenning. Så høgg skarprettaren til.

Det blir ei blodig førestilling. Skarprettaren treffer ikkje skikkeleg med dei skjelvande hendene sine. Det går eit gisp gjennom menneskemengda. Han prøver igjen med same resultat. Fleire tilskodarar svimar av, andre snur seg vekk i avsky. Så prøver han for tredje gong, men treff heller ikkje no skikkeleg. Først etter det fjerde hogget lukkast han, men berre så vidt.

«Først efter det fjerde Hug med paafølgende Sagning med Øxen lykkedes det at faa Hovedet skilt fra Kroppen, som derefter overgaves til det brændende Baal», stod det i ei avis nokre dagar etter avrettinga.

Verste sidan vikingtida

Slik enda den 25 år gamle småbarnsfaren Nils Nilsen Narumsbakken, også kalla Narumseie, livet sitt. Han var den verste massedrapsmannen i norsk historie sidan vikingtida. Denne makabre rekorden hadde soldaten og husmannen frå Søndre Land i Oppland heilt til Anders Behring Breivik massakrerte 77 menneske, dei fleste ungdomar, i Oslo og på Utøya 22. juli i 2011.

Minnet om Narumsbakken, eller Mordar-Nils som han blir kalla lokalt, er framleis levande i bygdene langs Randsfjorden.

Nils Nilsen Narumsbakken tok livet av åtte menneske, fire born og fire vaksne, på husmannsplassen Kanten i heimbygda ei januarnatt i 1833. Han kom inn frå kulden for å hemne seg og å leite etter eit lommeur.

Nils hadde ikkje noko godt ord på seg i heimbygda. Han var hemnfus, sa folk, og han stal. Bygdefolket meinte han var godt opplært både til hemn og tjuveri av mor si, som heller ikkje hadde noko godt rykte.

Skarprettarøksa til Anton Lædel.

Dette er skarprettarøksa Anton Lædel brukte under avrettinga av Nils Narumsbakken. Øksa gjekk i arv i fleire generasjonar i den kjende skarprettarfamilien Lædel.

Foto: Justismuseet

Husmannsplassen Kanten

Det har gått 186 år sidan massakren på Kanten.

Lars Erik Narmo er arkeolog og ansvarleg for kulturminneplanen i Søndre Land kommune. Han har sørga for at dette svarte kapittelet i kommunen si historie har fått sin plass i kulturminneplanen.

Ein dag i slutten av mars tek han oss med til staden der ugjerninga skjedde på Fluberg, ikkje langt frå brua over Randsfjorden. Det er eit vårdrag i lufta, men det er framleis godt med snø på bakken.

Intervju med lokal historiker om henrettelse av mann som myrdet to familier med øks for så å sette fyr på huset.

Lars Erik Narmo fortel om det som skjedde på Kanten.

Moderne bustadhus har erstatta husmannsplassane som var der tidlegare. Staden ligg vakkert til med utsikt til Randsfjorden, den fjerde største innsjøen i Noreg. Det er vanskeleg å tenkje seg at dette er åstaden for eitt av dei verste brotsverka i norsk historie.

Frå vegen ser vi inn i eit snødekt skogsområde. Tre-fire meter inn i skogen er det ei grop eller eit søkk i bakken.

– Akkurat der låg husmannsstova på Kanten. Det er framleis restar av murane på staden, og ein gong eg grov litt i jorda der fann eg beinrestar. Eg reknar med at beinrestane etter drapsoffera vart gravlagde i vigsla jord, men det er grunn til å tru at liket av Nils Narumsbakken vart brent her på restane av husmannsplassen. Og han vart aldri gravlagt. Så det kan ha vore beinrestar frå han eg fann, men det kan også ha vore frå dyr. Det er vanskeleg å vite sikkert, seier Lars Erik Narmo.

Eit tapt lommeur

Sokneprest Herman Meldahl i Fluberg gjekk bort hausten 1831. Då det såkalla nådeåret til enka var gått neste haust, og ho måtte flytte frå prestegarden, vart det tillyst auksjon over eigedelane deira. Som vanleg under auksjonar på den tida var det rikeleg tilgang på øl og brennevin.

Og som det ofte gjer når rusdrykken flyt, så er det nokre som får i seg for mykje. Ein av dei var husmannen Nils Rødneseie. Då han vakna opp frå rusen dagen etter auksjonen, hadde han ikkje lenger det verdfulle dobbeltkapsla lommeuret sitt av sølv på seg.

Det byrja å gå rykte i bygda om at det var Nils Nilsen Narumsbakken som hadde teke lommeuret. Sidan Narumsbakken var soldat, vart tjuveriet meldt til obersten i «Lands Kompagni af valderske Batallion», ein del av «Valderske nationale Musketeerkorps».

Lars Østensen Rødnes frå husmannsplassen Kanten viste svært stor interesse for å hjelpe øvrigheita med å finne klokka. Forfattaren Torgrim Sørnes, som i boka «Ondskap» tek føre seg saker her i landet som enda med dødsstraff, karakteriserer Rødnes som «Randsfjordens selvutnevnte Sherlock Holmes».

Han skal ha vore uvanleg ivrig i tenesta, og han fann klokka. Narumsbakken hadde selt eller bytta bort lommeuret til ein annan mann i bygda, og det tok ikkje lang tid før husmannsdetektiven Rødnes hadde løyst saka.

Lars Rødnes bodde med kone og tre born på Kanten, men han hadde også minst to born utanfor ekteskap. Den fattige 40-åringen hadde nok av utgifter. Kanskje var det håpet om påskjøning som gjorde at han la for dagen slik iver i tenesta?

Han fekk i alle fall i oppdrag å oppbevare lommeuret fram til saka mot Narumsbakken kom opp.

Lommeur.

Tankar om hemn

Lommeuret tyngde nok Nils Nilsen Narumsbakken ein del. Han hadde fleire tjuverisaker på seg frå tidlegare, og om han vart dømd denne gongen, så ville han få eit lengre opphald bak murane. Korleis han skulle hemne seg på amatørdetektiven, og kanskje i same slengen få tak i lommeuret?

Nils Narumsbakken og Lars Rødnes skal ha hatt eit skeivt auge til kvarandre også før saka med lommeuret. No eskalerte fiendskapen, og for Narumsbakken sin del utvikla det seg til blindt hat.

Hatet overskygger alt anna i livet til husmannen på Narumsbakken. Det einaste han tenkjer på er hemn, og korleis han skal hindre at lommeuret skal bli bevismateriale i ei rettssak som kan sende han i fengsel.

Ein plan tek form i hovudet hans. Ein djevelsk plan som skal føre mange menneske i døden.

På husmannsplassen Kanten bur det åtte menneske, fire vaksne og fire born. Det er den før nemnde Lars Østensen Rødnes (40), kona hans Ellen Marie (40) og dei tre borna deira Ole Andreas (5), Mari (2) og Karen (3 md.). Dei var ein såkalla innerstfamilie, som leigde seg inn hos den eigentlege husmannsfamilien.

Det var 74 år gamle Peder Mikkelsen og kona hans Inga Maria (70). Dei var barnlause, men hadde ei snart ti år gammal jente frå andre sida av Randsfjorden buande hos seg, Helen, eit slags fosterbarn.

Innerstfamilien hadde endå lågare sosial status enn husmannsfamilien.

Eit nattleg besøk

Ved 22-tida 21. januar 1833 har dei fleste gått til ro for natta på Kanten. Folk la seg tidleg på landsbygda på den tida. Berre småbarnsmora Ellen Marie er oppe.

Brått høyrer ho det knirke i snøen utanfor huset og ein mann kjem inn døra, utan å banke på. Mannen blir ståande ved døra med lua godt trekt nedover panna. Ho greier ikkje sjå kven det er.

Ho byr han å kome inn og varme seg, men mannen svarar ikkje. Ho spør kvar han kjem frå. Han svarar at han kom over isen frå andre sida av Randsfjorden. Etter ei lita stund går han derfrå medan han brummar noko uforståeleg.

No har Lars Rødnes vakna. Han lurer på kven som har vore inne, og ifølgje forfattaren Per Hohle i boka «De endte på skafottet», kjem det til denne replikkvekslinga mellom ekteparet.

– Åkken var detta?

– Je trur det var’n Nils Narumsbakken.

– Å, jasså, trur’u det. Var’e den fanten, så kom’n itte i no’ godt ærend!

Ekteparet fortel om det som hadde skjedd til fleire naboar dagen etter.

Med øksa under jakka

To kveldar etterpå kjem Nils Narumsbakken tilbake til Kanten. Under ytterjakka har han ei øks han har lånt av broren sin. Før han går til Kanten er han som snarast innom husmannsplassen Løvlien, som ligg på vegen. Det er uklart kvifor han går innom der.

Ved 22-tida har alle gått til ro på Kanten. Narumsbakken kikar inn kjøkkenvindauget og konstaterer at alle er i seng. Han kjenner på døra, og ho er ulåst. Det mystiske besøket to kveldar før har ikkje fått dei til å låse døra.

Han listar seg over golvet der han veit at Lars Rødnes og kona ligg. Han lyftar øksa og slår erkefienden kraftig i hovudet med øksehammaren. Kva som vidare skjer er det fleire ulike versjonar av, men ifølgje rettsprotokollen vert Rødnes berre svimeslått av slaget, og han greier å kome seg opp.

Narumsbakken ser at Lars Rødnes, berrbeint og nesten naken og med blod rennande nedover ansiktet, flyktar ut gjennom døra og ned i snøen. Livredd og i sjokk. Han legg desperat på sprang i djupsnøen nedover mot Randsfjorden.

Den yngre og sprekare Nils Narumsbakken tek han igjen. Det kjem til eit basketak på liv og død i snøen. Lars gjer eit fortvilt forsøk på å få tak i øksa, men han greier ikkje å overliste angriparen. Han ber for livet sitt, men svaret er eit kraftig slag med øksehammaren mot hovudet. Han døyr momentant, og snøen blir farga raud av blodet.

Drapsmannen let Rødnes bli liggjande i snøen og går opp igjen til huset. Vel inne kikar han bort i senga til det eldre ekteparet. Peder er borte. Har han greidd å kome seg ut? Narumsbakken finn han ikkje i kjøkkenet eller stova. Han tenner ei tyristikke til å lyse med og går vidare inn koven, eit kammers innanfor kjøkkenet.

Det tek ikkje lang tid før han ser Peder. Han sit samankropen i eit hjørne, livredd. Han ber for livet sitt, men det er ingen nåde å få hos Nils Narumsbakken. Svaret er eit drepande slag i hovudet med øksehammaren.

Dei to kvinnene ligg enno i sengene sine, fullstendig i sjokk. Narumsbakken slår først i hel Ellen Marie, den yngste av dei. Deretter går han over til andre sida av rommet, der 70 år gamle Inger Maria gret og ber for seg. Hemnaren frå Narumsbakken svarar med eit velretta slag med øksehammaren mot hovudet.

No er dei fire vaksne døde, og turen er komen til borna. Dei to yngste borna til Lars og Ellen Marie, Mari på to og eit halvt år og Karen på tre månader, ligg i same senga som foreldra. Snart har den desperate drapsmannen også deira liv på samvitet.

Han tek seg vidare til ein sengebenk i kjøkkenet. Der ligg fem og eit halvt år gamle Ole Andreas. Han deler seng med Helene på snart ti år, men ho er ikkje i senga. Den vesle guten er eit enkelt offer for den storvaksne husmannen.

– Je’ kjenne deg, Nils

Så er det berre tiåringen igjen, Helene, fosterbarnet. Han finn henne raskt, det er ikkje så mange plassar å gøyme seg i kjøkkenet. Det livredde barnet ser på drapsmannen med store tårefylte auge. Ifølgje boka «De endte på skafottet» blir følgjande sagt mellom dei to.

Du kjenner itte meg du, seier han til jenta.

Å, jau, je kjenne deg Nils, svarar ho.

Det har gått ei historie i bygda om at Narumsbakken eigentleg ville spare vesle Helene, men at han ombestemte seg då ho sa at ho kjende han igjen.

Så lyfter han øksa også mot henne, det åttande offeret på husmannsplassen Kanten. Planen hans er å få massakren til å verke som ei ulukke.

Drapsmannen forsikrar seg om at alle inne i huset er døde. Så går han ut i snøen og hentar liket av Lars Rødnes, mannen han hatar over alt. Han lempar den døde mannen opp i senga, der kona og dei to minste borna ligg døde.

Framleis er det fyr i grua. Flammane lagar kanskje eit trolsk lys inne på kjøkkenet, rørslene frå den døyande elden kastar skuggar på veggen.

Nils Narumsbakken har ein plan å følgje. Han må viske ut spora etter basketaket med Lars Rødnes nede på jordet utanfor huset. Han bryt seg ein bjørkekvist og feiar snø over blodspora. Han tek det han ser i den månelause natta. Det kjem nok meir snø snart, håper han.

Fødselsdagen

Klokka har passert midnatt, og 24. januar er 25-årsdagen til Nils Narumsbakken. Heime på husmannsplassen har han kone og ei lita jente på rundt eitt år. Også foreldra hans bur på plassen. Han har også eit barn utanfor ekteskap med ei jente frå bygda.

Han tenkjer nok ikkje på åremålsdagen. No gjeld det å finne lommeuret. Han leitar høgt og lågt, inne i huset og i uthuset, men uret finn han ikkje.

Han gir opp leitinga, men raskar med seg det han finn av verdisaker og kontantar før han går til neste steg i planen, å setje fyr på den gamle tømmerstova.

Nils Narumsbakken har gjennomført planen sin, det er på tide å gå heim. Det er fem kilometer frå Kanten til Narumsbakken.

Ifølgje lokalhistorikaren Terje Nordraak har det blitt fortalt i bygda at han gjekk baklengs i dei gamle spora sine heilt til han kom opp på hovudvegen.

Flammane har fått godt tak i dei tørre tømmerveggane. Snart vil alt vere nedbrent, og det vil sjå ut som ei ulukke.

Nils er sliten når han kjem heim. Han går inn i stallen og gøymer tjuvegodset, før han tek vegen inn i huset. Her vaskar han seg grundig, før han vekkjer kona og ber henne sette fram mat. Mora vaknar også, faren er bortreist på skogsarbeid.

Han et godt, før han legg seg i senga for å sove.

Før han legg seg, krev han at både kona og mora, om dei får spørsmål, skal fortelje at han hadde vore heime i går kveld og i natt.

Brann på husmannsplassen Kanten.

Brannen på Kanten

Ved halvfemtida på morgonen vaknar folk på garden Rødnes av eit kraftig lysskjer. Det blir stor oppstandelse når dei ser flammar og røyk velte opp over grantoppane som ligg mellom garden og husmannsplassen. Det er ingen tvil om at det er brann på Kanten.

Dei vaksne i huset kjem seg raskt i kleda og skundar seg ned til husmannsplassen. Flammane står høgt til vers.

Elden har fått godt tak når gardsfolket kjem fram, særleg logar det ut frå vindauget i koven og frå loftsgluggen. Inngangsdøra let seg ikkje opne. Dei knuser eit vindauge, ropar på både Lars og Peder, men ingen svarer. Dei gjer eit desperat forsøk på å sløkkje brannen, men må gi opp. Huset er overtent.

Det kjem folk frå andre nabogardar til, men det er lite dei kan gjere. Det ser ei stund ut til at også uthuset skal gå med, så naboane går i gang med å tømme det.

Etterpå snakkar dei lågmælt saman. Dei reknar med at alle dei åtte i huset har mist livet i brannen, men synest det er rart at ingen har kome seg ut. Fleire av sengene stod trass alt ikkje langt frå vindauga, og alle sov i første etasje.

Når naboane forlèt Kanten ut på morgonsida, er dei sikre på at det er snakk om ein branntragedie som følgje av eit uhell.

Ingen tenkjer tanken om at det brennande infernoet kan skuldast ei desperat hemnakt og jakta på eit lommeur.

Her låg husmannsplassen Kanten.

Under snøen inne i skogen her ligg framleis restane etter husmannsplassen Kanten. Huset vart aldri bygd opp igjen etter massakren og brannen her i 1833.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

– Verste ulukka i manns minne

Nils Nilsen Narumsbakken vaknar ut på føremiddagen og ter seg som han brukar å gjere. Ifølgje rettspapira heldt han seg heime den dagen. Tidleg på kvelden kjem ei ung jente innom husmannsplassen og fortel om det fæle som har hendt på Kanten. Tilsynelatande er Narumsbakken sjokkert over det han får høyre.

Dette må vere den verste ulukka i manns minne her i bygda, seier han.

Ut på dagen har oska på brannstaden vorte såpass kald at det er mogleg å gå inn der. Naboane finn etter kvart dei forbrende leivningane av dei åtte som hadde budd der. Heller ikkje no er det nokon som har i tankane at dødsårsaka var noko anna enn brannen.

Neste dag legg Nils Narumsbakken vegen over isen på Randsfjorden for å vitje syster si på den andre sida. Det blir fortalt i bygda at då han gjekk derfrå og ned bakkane mot fjorden den ettermiddagen, så sa systera at det ser ut som han Nils er utan hovud.

Tre dagar etter brannen går to karar og leitar etter noko i branntomta, truleg lommeuret som skulle vere hovudbeviset i saka mot tjuvknekten Nils Narumsbakken. Det har ikkje kome nysnø etter brannen.

Dei to oppdagar fot- og blodspor frå trappa inn til huset og på eit jorde som går ned mot Randsfjorden. Det er tydelege fotspor frå to menneske, ein med uvanleg store sko og ein som har vore berrføtt. Spora endar nede i ei stor grop i snøen, eit tydeleg avtrykk etter ein menneskekropp. Rundt gropa er snøen full av blodflekkar.

Dei finn også blodflekkar på eit tre, og det er spor etter at nokon har prøvde å feie snø over dei verste blodflekkane. På trestammen er det også blod og spor etter blodige hender som har gripe om eit par av greinene.

Dei melder straks frå til lensmannen, og deretter går det raskt.

Ordet går frå gard til gard, frå husmannsplass til husmannsplass. Snart veit heile bygda om funnet på Kanten, og no er ingen lenger i tvil om at brannen var tent på for å skjule eit forferdeleg brotsverk. Og få er i tvil om kven som står bak ugjerninga.

Nils Nilsen Narumsbakken blir arrestert på ettermiddagen same dagen, laurdag 26. januar 1833.

Ordre om arrestasjon

Det var sjefen for «Lands Kompagni af valderske Batallion» som gav ordre om at Nils Narumsbakken skulle leggjast i jern. Futen Meinich gav ordre om ransaking av husmannsplassen. Dei fann ikkje tjuvegodset, men derimot eit par sko som passa heilt til avtrykka rundt branntomta.

Og skoa tilhøyrde den storføtte Nils Narumsbakken.

Mora Berte Narumsbakken sverja på at sonen var heime brannkvelden og den etterfølgjande natta.

Kona svarte derimot utan å blunke at han ikkje hadde vore heime, og ho la til at ho hadde sett at han hadde ein skinnpung på seg med seks dalar i. Folk som kjende dei som budde på Kanten var sikre på at det var skinnpungen til Lars Rødnes. Pengane hadde han fått eit par dagar før drapskvelden.

Først nekta Nils Narumsbakken all kjennskap til udåden, men han mangla eit truverdig alibi.

Etter som dagane gjekk merka soldatane som vakta han ei endring med han. Bevisa mot han har tårna seg opp. Soldatane registrerte at han gjekk meir og meir i seg sjølv, og at han var djupt ulukkeleg.

3. februar la han korta på bordet. Han, og han åleine, var ansvarleg for den forferdelege ugjerninga på Kanten.

Truleg forstod han alt då at det var berre ein utgang på denne saka.

Narumsbakken i fengsel.

3. februar 1833 tilstod Nils Narumsbakken overfor premierløytnant Jacob Zegler at det var han som var ansvarleg for ugjerninga i Kanten 23. januar same år.

«En ilde berygtet person»

Det vart sett ned ein såkalla kombinert kommisjon som skulle undersøkje saka nærmare, og samtidig felle dom. Mor og son var tiltalt i same rettssak. Det var snakk om ein kombinert krigsrett og sivil domstol, sidan Nils var soldat og mora ikkje.

I rettssaka fekk Narumsbakken godt skottsmål frå det militære, men soknepresten hadde ikkje så mykje positivt å seie:

«Fra ungdommen af paa flere Maader have han ytret et ondt Gemyt, som dels har vist sig i Lyst til Tyveri, dels i Hang til Had og Hevn». Blant sine sambygdingar er han kjendt som «en ilde berygtet Person».

I retten var Nils Narumsbakken roleg, og han svarte villig på alle spørsmåla. Han tilstod dei åtte drapa, men han nekta for at det var han som var på Kanten to kveldar før ugjerninga. Han sa også at han hadde planlagt å drepe Lars Rødnes, men ikkje dei sju andre i huset.

Han blir dømd til å «miste sin Hals og derefter at brændes, samt til de skadelidte at udrede ein Bod af 40 Lod Sølv eller 20 Speciedaler, og lige saa meget til Statskassen».

Han måtte også betale halvparten av sakskostnadene, medan mora skulle betale den andre halvparten. Berte Narumsbakken vart dømd til eitt års tukthus for å ha gitt falsk forklaring.

Høgsterett stadfesta dommen og slo fast at det ikkje kunne bli snakk om nåde. 15. august stadfesta kongen at dommen «skulle fullbyrdes utden Formildelse».

Avisoppslag om Narumsbakken.

Det var ikkje så mange aviser i 1833, men saka fekk brei dekning i dei som var. Notisen oppe til høgre er ein annonse for ei bok som er gitt ut om massedrapet i Søndre Land.

«En slæm kjæft»

Høgsterett peika på mora si rolle som ei viktig årsak til at Nils Nilsen Narumsbakken vart ein kaldblodig massedrapsmann. Vitna forklarte seg ulikt om kva slags menneske Berte Narumsbakken var. Nokre hadde ikkje så mykje å utsetje på henne, medan andre hadde ei negativ innstilling. Men alle var samde om at ho hadde eit fargerikt språk, for å seie det forsiktig.

Eitt av vitna i rettssaka sa om henne at «hun er frisk i kjæften, men ellers har jeg intet ondt om henne». Eit anna vitne seier at «hun har været andset for å ha en slem kjæft».

Det høyrer med til historia at tukthuset i Kristiania, der Berte sat i eitt år, hadde svært strenge reglar for blant anna språkbruk. I løpet av det året ho sona vart ho gjentekne gonger straffa for bannskap.

Rettsreferatet gir elles inntrykk av ei grundig saksbehandling. Dommaren brukte mykje tid på å finne ut sanninga om det mykje omtalte lommeuret, samt andre gjenstandar Nils Narumsbakken var skulda for å ha stole.

Den første tida sat drapsmannen fengsla ulike stader i nærområdet, men etter rettssaka vart han overført til Akershus festning i Kristiania. Her sona han på Slaveriet saman med blant andre den legendariske tjuven og rømmingseksperten Gjest Baardsen Sogndalsfjæren.

«Ikke i beskienket tilstand»

Tilbake på åstaden på Kanten, februar 2019. Vi kan førestille oss korleis drapsmannen kom nedover bakkane med øksa gøymt inne under ytterkleda.

Kva tenkte han? Var han målbevisst og klar på kva som skulle skje? Hadde han motførestilllingar? Hadde han drukke seg til mot?

Akkurat det er uklart. Narumsbakken var innom plassen Løvlien før han gjekk til Kanten drapskvelden. Anders Larsen Løvlien sa på spørsmål frå dommaren då han vitna i rettssaka, at han «ikke kunne skiønne at Nils Nilsen paa den omforklarede Tid var i beskiænket Tilstand».

Når det er sagt, så var det mykje brennevin blant folk flest på denne tida. Det var mykje heimebrenning, og folk drakk ofte brennevinet bart, fortel Lars Narmo.

Rettarstaden

Lars Erik Narmo.

Lars Erik Narmo er arkeolog og ansvarleg for kulturminneplanen i Søndre Land kommune.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Narmo tek oss med frå drapsstaden opp dit avrettinga av Narumsbakken skjedde. Vi ruslar oppover vegen eit stykke frå brannstaden, rundt 100 meter kanskje. Han peikar opp i den tette skogen.

Mellom einerkratt og småskog skimtar vi såvidt ein stor, flat stein. Vi kavar oss gjennom snøen opp til den nedlagde jernbanelina, før vi klatrar den siste bakken opp til steinen.

– Det er ganske sikkert at det var her på denne steinen at avrettinga av Nils Narumsbakken skjedde. Ein av naboane her, Alf Strandeng, fortalde meg at bestemor hans hadde vist han staden. Ho igjen hadde fått informasjonen frå si eiga bestemor, og ho kunne så vidt hugse det som skjedde, seier Narmo.

Staden ligg midt mellom riksvegen og jernbanelina. I 1833 var området rundt steinen ei stor open slette, i dag har skogen teke over.

Vi tenkjer på det som skjedde den gongen, prøver å sjå for oss korleis skafottet var bygd over steinen. Prøver å førestille oss den store folkemengda som stod og venta på avrettinga, og på sjølve halshogginga som var så makaber og langdryg. Snur oss rundt og ser ned mot der husmannsplassen Kanten låg og vidare ut over Randsfjorden.

Det knyter seg fortsatt ein del historier til denne staden. Det blir fortalt at ein mann og sonen hans hadde vore og fiska på Randsfjorden ein sein sommarkveld. Når dei kjem oppover bakkane mot rettarstaden, seier sonen med eitt:

– Sjå det flotte huset der oppe, far. Det lyser i alle vindauga.

Han peikar rett opp på rettarstaden, men faren ser ingenting.

– Ein mann vart halshogd der ein gong, var det einaste faren svarte.

Ferda til skafottet

Nils Narumsbakken sit på Akershus festning fram til 1. september. Denne dagen blir han med militær eskorte transportert til heimbygda si. Avrettinga skal skje like ved staden der dei bestialske drapa skjedde.

Eit skafott blir reist på ei lita høgd rundt 100 meter frå der huset hadde stått. Her skal Narumsbakken «miste sin hals» klokka 10 om føremiddagen 7. september 1833.

Før han set seg opp i vogna på Akershus festning får han ein av soldatane til å kjøpe ein pose med kaker. Dei skal kona og det eitt år gamle barnet hans heime på Narumsbakken få som avskilsgåve.

Den gamle skarprettaren Anton Lædel i Kristiania skal stå for avrettinga. Han har hogd hovudet av mange opp gjennom åra, men no er han ein gammal mann som skjelv kraftig på hendene.

Intervju med lokal historiker om henrettelse av mann som myrdet to familier med øks for så å sette fyr på huset.

Lars Erik Narmo orienterer om rettarstaden.


På morgonen denne dagen tek ein kommando på 300 soldatar frå «Valderske Korps» oppstilling rundt skafottet.

Utanfor denne ringen av soldatar, skriv Per Hohle, var det var påfallande mange kvinner. Det var gammal overtru at blod frå ein halshogd illgjerningsmann hadde legedom mot ulike skavankar og sjukdomar. Så snart hovudet hadde falle, gjaldt det å kome fram til skafottet og fukte tørkle og andre tøystykke med blodet hans på.

Når den dødsdømde stig opp på skafottet, utan noko på hovudet og kledd i bukse og jakke, kjem han saman med presten Peter Fredrik Bassøe. Presten spør om han er skuldig. Nils Narumsbakken svarar eit høgt og tydeleg «ja». Skarprettaren Lædel passar på at den dødsdømde ikkje skal sjå øksa.

Ein blodig affære

Eit tørkle blir bunde over auga hans før han kneler ved blokka og plasserer halsen på denne. Framferda hans desse siste minutta blir karakterisert som verdig.

Avrettinga blir ein blodig affære.

Ei avretting er eit storhende, og det strøymer på med folk heile morgonen. Det er uklart kor mange som har samla seg rundt skafottet denne septemberdagen, men det er minst 2000. Andre meiner det er over 3000.

Avretting Narumsbakken.

Massedrapsmannen Nils Nilsen Narumsbakken, Mordar-Nils, tok livet av åtte menneske i januar 1833. I september same året vart han avretta ved halshogging like ved drapsstaden.

Det skjedde ikkje så mykje på bygdene på den tida, så ei avretting var noko alle ville få med seg. Det kom folk langvegsfrå for å sjå Nils Narumsbakken forlate jordelivet.

Det var også slik at styresmaktene gjerne ville at folk skulle møte opp. Tanken var at det kunne ha ein allmennpreventiv verknad. At menneske som har sett ei avretting ville bli skremde frå å gjere seg skuldige i alvorlege brotsverk.

Morgenbladet skreiv dette fredag 13. september 1833:

«Land, den 8de September: – Igaar Formiddag Kl. 10 blev Nils Narumseidet henrettet på sitt Misgjerningssted. Schafottet var omgivet af en Commando på 300 Mand af det vlderske Corps. Forbryderen var meget fattet og ganske rolig, dog lagde han bedende sit Hoved paa Blokken. Skarpretteren var denne gang mindre heldig end sædvanlig, da han fire Gange brugte sin Øxe, førend han fik aaf det forbryderske Hoved».

Oppland Arbeiderblad.

Det har vore skrive mykje om Nils Narumsbakken opp gjennom åra. Dette oppslaget er frå Oppland Arbeiderblad.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Narumsbakken

Husmannsplassen Narumsbakken, eller berre Bakken eller Bakvendtbakken, ligg rundt fem kilometer på skrå oppover i lia, delvis langs den gamle kongevegen mellom Oslo og Bergen, som går langs Randsfjorden.

Lars Narmo har ikkje greidd å lokalisere nøyaktig kvar husmannsplassen der Nils Nilsen Narumsbakken budde låg, men han viser oss eit område mellom fylkesvegen og ein nedlagt skule.

– Det var omtrent her plassen Narumsbakken låg, seier han.

Også her har skogen teke over.

Det er vakkert her oppe i lia. Det er utsikt over store delar av bygda, og sjølvsagt mot Randsfjorden. Nedover til venstre ser vi ned mot kommunesenteret i Hov, medan utsikta andre vegen går mot dei grankledde åsane nedover mot Odnes, Fluberg og staden der det forferdelege skjedde.

Psykiatrisk diagnose

Korleis utvikla Nils Narumsbakken seg til å bli ein av noregshistorias verste drapsmenn?

Det har vore nemnt at mora Berte hadde ein dårleg innverknad på han. Historier som blir fortalt om den unge husmannsguten, tyder på at han i dag truleg ville ha fått ein eller fleire psykiatriske diagnosar. Uvørden og med få sperrer, er ein karakteristikk.

Terje Nordraak skriv i årboka for Land i 2008, Landingen, at han brukte å leike seg med å leggje den eine handflata med sprikande fingrar inn på ein stokk. Han tok tømmerøksa i andre handa og hogg til mellom fingrane så flisene spruta.

Han skal under bygging av ein låve, der dei øvste stokkane var lagde på plass, plutseleg ha teke eit lite barn under armen, gått opp stigen til toppen av bygget, og så balansert vidare rundt heile bygget med det livredde og gråtande barnet.

Forfattaren og legen Torgrim Sørnes har skrive fleire bøker om saker som har enda med avretting. I boka «Ondskap» skriv han blant anna om massedrapet i Søndre Land i 1833.

– Narumsbakken har alle teikn på å vere psykopat. Han verkar vere blotta for kjensler for andre menneske. Han var også dyreplagar. Han hadde alle dei klassiske teikna på psykopati, seier Sørnes til NRK.

– Kva med angeren har viste?

– Vi veit ikkje kor ekte den angeren var. Han forstod at dødsdom var einaste utgangen, og han var vel nærmast hjernevaska av presten. Det var slik dei tenkte den gongen. Dei dødsdømde skulle angre gjerningane sine, og slik vere klare for eit evig liv etter avrettinga, legg han til.

Nils Narumsbakken lèt etter seg kone og eit lite barn heime på husmannsplassen. Mora måtte sone eitt år på tukthuset. Faren hans budde også på plassen, men han var borte på arbeid då ugjerningane skjedde. Lokale kjelder har lite å fortelje om han, bortsett frå at han også bar namnet Nils Narumsbakken.

Nils hadde også fleire syskjen.

Vi veit lite om kva dei som var igjen opplevde, om bygda tok vare på dei eller om dei vart utstøytte. Vanskelege tider var det nok for dei, både økonomisk og sosialt. Terje Nordraak reknar med at det ikkje var så enkelt for etterkomarane opp gjennom åra.

Det dobbeltaksla lommeuret av sølv, som var opphavet til alt elendet, vart aldri funne igjen.

Andre langlesingssaker av Bent Tandstad:

Døden i meieriet - «et mistænkelig dødsfald»

«Ein kjenslekald, aggressiv seksualavvikar med manglande impulskontroll»

Den siste drosjeturen

Året då Volvo skulle bli norsk og oljen i Nordsjøen svensk

Kyrkja som brann