Kyrkjebrann i Sykkylven

KYRKJA SOM BRANN: Sykkylven kyrkje brann ned til grunnen i 1983. Framleis er lokalsamfunnet usikre på kva som skjedde.

Foto: Marco Vaglieri / Illustrasjon

Kyrkja som brann

Det er morgonen 2. februar 1983. Der den 100 år gamle trekyrkja i Sykkylven stod, er det berre brannruinar igjen.

Eit heilt bygdesamfunn er i sjokk og sorg. Politiet greier aldri å slå fast ei sikker brannårsak, men mykje tyder på at brannen var påsett.

Kva var det eigentleg som skjedde denne dramatiske vinternatta? Ein brann startar ikkje av seg sjølv. Starta brannen inne i kyrkja, eller kom elden utanfrå? Var det folk inne i kyrkja denne natta? Var det feil på det elektriske anlegget?

Dagane gjekk og spørsmåla var mange. Dei snødekte og rykande brannruinane minte bygdefolket på den tragiske hendinga. Politiet gjekk ut og etterlyste fleire bilar, og dei bad alle som kunne ha vore i nærleiken av kyrkja brannatta om å melde seg.

Ingen bileigarar melde seg. Ikkje så mange andre heller.

Naboar vi har snakka med synest det er rart at dei aldri vart kontakta av politiet.

Bil parkert ved kyrkja

Brann i Sykkylven kyrkje 1983.

Litt av den eine veggen stod att etter brannen.

Det mest konkrete tipset gjekk på at ein stor varebil var parkert ved kyrkja før brannen starta. Ingen fylgde politiet si oppmoding om å melde seg. Politiet gjekk også ut og sa at to lysestakar i sølv, som stod framme ved alteret, var sporlaust borte.

Dette førte til spekulasjonar om at det var både brannstifting og tjuveri. Det var ein rykteflaum i bygda, og ved lensmannskontoret var dei sparsame med opplysningar til pressa.

Det kom branntekniske ekspertar frå Kriminalpolitisentralen i Oslo, og dei leitte etter spor i brannruinane i fleire dagar. Dei var minst like sparsame med opplysningar til journalistane.

Kripos-ekspertane viste til rapporten dei skulle levere, medan lensmannskontoret gjentok oppmodinga til dei eventuelle bilførarane om å melde seg.

Det var grobotn for rykte i sunnmørsbygda.

Etterforskingsdokumenta

Brannen i Sykkylven kyrkje.

KYRKJA SOM BRANN: Sykkylven kyrkje brann ned til grunnen i 1983. Framleis er lokalsamfunnet usikre på kva som skjedde.

Foto: NRK

Eg var sjølv journalist i lokalavisa på den tida. Eg hugsar det som frustrerande at det var vanskeleg å få ut konkrete nyheiter frå etterforskinga.

Politioverbetjent Eivind Klokkersund.

Leiar for påtaleavdelinga i Møre og Romsdal politidistrikt, Eivind Klokkersund.

I over 33 år har kyrkjebrannen surra i bakhovudet mitt, og tidlegare i år tok eg avgjerda om å prøve å finne ut meir om det som skjedde denne mørke vinternatta i 1983.

Ein naturleg stad å starte var med etterforskingsdokumenta frå den gongen.

Eg søkte politimeisteren i Møre og Romsdal om innsyn i dokumenta, og fekk til svar at det ikkje var noko i vegen for det. Problemet var berre at dei ikkje kunne finne dokumenta i arkivet sitt.

Det vart leitt med lys og lykter, men dokumenta var ikkje å finne. Korkje Sykkylven lensmannskontor eller politihovudkvarteret i Ålesund har papira. Dei er heller ikkje sende over til Riksarkivet i Trondheim, slik viktige saker skal.

– Papira er makulerte

Etter fleire veker kjem det endelege svaret frå Møre og Romsdal politikammer:

Saka vart kategorisert som ein «forseelse» (misferd), og etter gjeldande reglar kan etterforskingsdokumenta i slike saker slettast etter 11 år.

VIDEO: Tende nokon på Sykkylven kyrkje?

Uløyste saker som er i kategorien «forseelser», og som det ikkje er utsikt til kan verte løyste, kan etter lova makulerast etter 11 år.

– Denne saka vart etter ei grundig vurdering, der tilsette både ved politikammeret i Ålesund og ved lensmannskontoret i Sykkylven deltok, sett på som ei sak det ikkje var mogleg å finne ein gjerningsperson, seier politioverbetjent og sjef for retts- og påtaleavdelinga ved Møre og Romsdal politikammer, Eivind Klokkersund.

Det er viktig å hugse på at ingen av dei som deltok i etterforskinga eller var i leiande stillingar i Sunnmøre politidistrikt den gongen, er i politiet lenger. Dei som jobbar der i dag veit såleis svært lite om kva som låg bak avgjerda om å makulere dokumenta, bortsett frå at det ikkje såg ut til å vere mogleg å oppklare saka.

Mange kyrkjebrannar

Politiet forsikrar at denne avgjerda vart teken etter ei grundig politifagleg vurdering, og dei viser til paragrafar som seier at saker der det verkar usannsynleg at dei skal bli løyste, kan makulerast etter 11 år. I denne saka kunne altså det skje i 1994.

Er det grunn til å trekkje i tvil den politifaglege vurderinga?

Vi veit at det sidan 1983, og særleg på 1990-talet, har vore mange påsette kyrkjebrannar her i landet. Det er vanskeleg å sjå ein direkte samanheng, men kan ein sjå bort frå det?

Brann i Sykkylven kyrkje i 1983.

Ettersløkking morgonen etter brannen i Sykkylven kyrkje 2. februar 1983.

Foto: NRK

Vi veit også at det var mange påsette brannar i Sykkylven kommune på 1990-talet. Ein del av dei er oppklarte, men slett ikkje alle.

Kan ein sjå bort frå at det kunne ha vore ein samanheng?

Ville det ikkje vere naturleg i det minste å sende dokumenta til Riksarkivet, slik at historikarar kunne få tilgang til dei i framtida?

Politiet er klare på at dei ikkje har gjort noko feil i denne saka. På spørsmål om dei ville ha handla akkurat på same måten om dei hadde fått ei liknande sak i fanget, er svaret likevel nei.

- Då ville ikkje dokumenta ha vorte makulerte, er det klare svaret frå Eivind Klokkersund.

- Ei grundig etterforsking

Då sit vi igjen med det vi kan finne i avisene, og det er sant å seie ikkje så mykje. Her finn vi politiet sine etterlysingar av diverse bilar som er observerte i løpet av natta, og elles svært lite handfast. I det store og heile verkar det som politiet stod på bar bakke.

Eg får tak i lensmannsbetjenten som den gongen var etterforskingsleiar i saka, Reidar Gussiås. Han er i dag pensjonert frå politiet, men han hugsar saka godt. Han fortel om ei lang og grundig etterforsking, som han seier burde ha slutta med at saka vart løyst.

Han vil ikkje fortelje noko frå etterforskinga, men blir overraska når vi fortel at alt materialet er makulert.

Kyrkjebrann i Sykkylven.

Kyrkja vart bygd i 1882, men vart vigsla først i 1983. 100-årsjubileet skulle etter planen feirast seinare på året.

Foto: NRK

Ein av dei som har sett ettterforskingsmaterialet, er kyrkjearkitekten Arne Erik Sæther. I samband med ei bok han skreiv tidleg på 1990-talet om norske kyrkjer, «Kirker som bygg og bilde», fekk han tilsendt dokumenta. Denne boka kom ut i ny og oppdatert utgåve i 2001.

- Uhyggjeleg regelmessig

Han hugsar ikkje detaljar frå materialet, men minnest at det handla mykje om observasjonar av bilar ulike stader, og at politiet aldri fann fram til bileigarane.

I boka kjem Sæther inn på dei mange kyrkjebrannane her i landet i åra som fylgde. Han skriv blant anna:

«Så uhyggelig regelmessig var dette, at dersom det ikke brant en kirke ett år, så kunne man forvente to det neste året. I 1992 steg plutselig antall nedbrente kirker til 5, og alle var påtent. Et nytt fenomen var oppstått: Satanismen. Mennesker som hevdet at de dyrket Satan gikk til angrep på kirkebygget. Andre hev seg på bølgen på grunn av spenning og aggresjon. I 1990-årene har 17 kirker brent ned, hvorav 9 er bekreftet påtent».

Mangel på bevis

Sykkylvsbladet melde 9.november 1983, altså vel ni månader etter brannen, at lensmannskontoret no hadde fått oversendt rapporten frå dei branntekniske ekspertane i Kripos. Her står det at dei ikkje kunne bevise at brannen var påsett.

Etterforskingsleiaren seier til avisa at saka i hovudsak var ferdig etterforska av lensmannskontoret, og at dei ville sende saka over til Sunnmøre politikammer til vidare vurdering.

Ei 100 år gammal trekyrkje brenn ned til grunnen. Uvurderlege kunstverk går tapt. Det er ei sterkt traumatisk oppleving for innbyggjarane i kommunen. Det er grunn til å tru at brannen er påsett, men politiet arkiverer altså saka som ein «forseelse».

Det vil seie i same kategori som småtjuveri og fyllekøyring. I ordboka finn vi denne forklaringa på ein forseelse: Eit mindre lovbrot. I juridisk samanheng: Eit mindre lovbrot som gir maksimalt tre månader i fengsel.

Historisk verdi

Sidan dette var ei sak som aldri vart løyst, kan ein forstå at ho er vanskeleg å kategorisere. Men det at etterforskingsmaterialet hadde historisk verdi, og i alle fall burde vore sendt til Riksarkivet, ser ikkje ut til å ha vore med i vurderinga til politiet.

Eldar Høidal

Historikar Eldar Høidal er sterkt kritisk til at etterforskingsmaterialet for ei så viktig hending som ein kyrkjebrann, ikkje blir arkivert for ettertida.

Foto: Privat

Historikar Eldar Høidal ved Sunnmøre museum er ein av mange som reagerer på at etterforskingsmaterialet frå brannen i Sykkylven kyrkje i 1983 er makulert.

– Dette er materiale som heilt klart burde vore arkivert i Riksarkivet. Historikarar om 50 eller 100 år kan sjå samanhengar som vi ikkje ser i dag. Det er ikkje bra at etterforskingsdokumenta er borte, seier han til NRK.

Han meiner det er naudsynt å sjå på rutinane for makulering av slike dokument.

- Det bør ikkje vere opp til politiskjønn å vurdere kva som kan vere interessant å ta vare på av arkivmateriale for ettertida. Eg håpar at ein er komen lenger på dette feltet i dag, avsluttar Eldar Høidal.

Når vi fortel folk vi snakkar med om kva som har skjedd med etterforskingsmaterialet, reagerer alle med vantru. At no vil det aldri bli mogleg å finne ut kva som verkeleg skjedde.

Bil med kraftig motor

I avisoppslaga frå dagane etter brannen er det nemnt fleire bilar, men ein observasjon er ikkje å finne i avisene vi har gått gjennom. Det kan ha vore eit viktig spor, men vi får altså ikkje vite om dette var noko politiet visste om.

Maskinistvakta ved det som då heitte Sykkylven kommunale kraftverk (i dag Sykkylven Energi) blir rutinemessig ringt opp av alarmsentralen ved større brannar. Det skjedde også natt til 2. februar 1983.

- Eg fekk ein telefon litt etter kl. 03.40 med beskjed om at kyrkja brann. Eg ringde deretter til vakthavande montør og varsla han, seier mannen til NRK.

Maskinisten bur høgt oppe på Erstadbakkane, med vidt utsyn over store delar av bygda. Etter å ha varsla montørvakta, gjekk han ut på verandaen sin.

– Det første eg la merke til var ein bil som kom køyrande i stor fart innover Tynes-stranda på andre sida av fjorden. Det var mørkt, og eg såg berre lysa på bilen og høyrde lyden av han. Det var kraftig lyd, truleg var det ein V8-motor, fortel han.

Frå verandaen såg han også flammar og røyk frå kyrkja i sentrum.

Vi veit at ein større bil, ein slags varebil, vart observert ved kyrkja før brannen starta. Kan bilen maskinisten høyrde køyre i full fart innover langs riksveg 60, vere same bilen som vart observert utanfor kyrkja før brannen starta?

Riksveg 60 går vidare til Stranda, Stryn, over Strynefjellet til Grotli, Skjåk og til Gudbrandsdalen og E6. Det ville såleis vere fullt mogleg å kome seg langt unna i løpet av natta.

Hadde nokon motiv?

Eller er det meir sannsynleg at bilen høyrde til i bygda? Kor mange bilar med V8-motor var registrerte i Sykkylven på den tida?

Hadde nokon motiv for å ville brenne ned kyrkja?

På bygda har det vore snakk om at det kunne ha vore ein hemnaksjon av ein eller fleire som kjende seg urettferdig behandla av kommunen og bygdefolket. Var dette tema for etterforskarane?

I eit intervju med Sykkylvsbladet fredag 18. februar sa dåverande lensmann Erling Lillevik at det var ingen spesielt mistenkt i samband med brannen. Det gjekk på det tidspunktet rykte om arrestasjonar i saka, men dette var altså berre oppspinn.

Rapporten frå Kripos, som er makulert saman med resten av etterforskingsmaterialet, konkluderte altså med at dei ikkje kunne bevise at brannen var påsett.

– Brannen var påsett

Under arbeidet på branntomta hadde Kripos-betjentane hjelp av Knut Hatlenes (86), som då var vedlikehaldsarbeidar i Sykkylven kommune. Han deltok i gravinga i ruinane, og han er ikkje i tvil.

- Vi fann ut kvar brannen starta, og det var på utsida av kyrkja mot kyrkjegarden, seier han.

Han fortel at det var to store hol i muren på denne sida. Ein mann som tidlegare hadde vore under kyrkja, fortalde til Hatlenes at det var sju barnegraver der. Det var også mykje tørr spon der, hadde han fortalt.

Med barnegraver er det meint born som døydde før fødselen. Desse kunne ikkje gravleggjast på vanleg måte, og det var ikkje uvanleg at foreldra fann stader ved kyrkjene der dei plasserte dei små kistene.

Knut Hatlenes.

Knut Hatlenes, som assisterte Kripos på branntomta, er ikkje i tvil om at brannen var påsett.

Foto: NRK

Han brukar stokken sin til å teikne den gamle kyrkja i sanden, og viser kvar han meiner brannen starta.

– Det var truleg berre å hive ei fyrstikk inn, det var ikkje naudsynt å bruke tennvæske ein gong, seier pensjonisten.

– Det var berre å fjerne redskapskistene som var framfor holet, så var det fritt fram, legg han til. Han trur fleire kjende til desse hola i kyrkjemur-veggen.

– Fann årestaden

- Eg veit ikkje kva Kripos konkluderte med, men eg er sikker på at brannen starta her. Det var tydeleg at det var i dette området det hadde brent sterkast, det såg vi på oska. Dette var årestaden, seier han.

Hatlenes fortel også at dei fann restane av vindaugshasper og dørlåsar under gravinga. Desse var alle i lukka posisjon, seier han. Det meiner han utelukkar at det var folk inne i kyrkja.

Det var også eit vindauge som skulle ha vore ope i eit tilbygg til kyrkja, men Hatlenes seier at dette ikkje stemmer.

Han kan også fortelje at dei fann restane av dei to lysestakane av sølv, som ein trudde var blitt borte, i brannruinane. Årsaka til at dei var usikre på det, var at det dei fann lite sølv i oska.

– Det var nok mindre sølv i lysestakane enn det dei trudde, minnest Hatlenes.

– Straumen var avslått

Den pensjonerte læraren Per Arne Grebstad er og var ein av dei nærmaste naboane til kyrkja. Han var sterkt knytt til den gamle trekyrkja, og brannen gjekk sterkt inn på han. Saman med dei andre naboane vart han ståande og sjå på flammehavet denne natta.

Han fortel at han snakka mykje med mannen som var kyrkjeverje den gongen, ein mann som no er død.

– Han fortalde meg at straumen i den delen av kyrkja der brannen må ha starta, var slått av for å spare pengar. Brannen kunne ikkje ha starta i det elektriske anlegget, seier han.

Per Welle, som var brannsjef i Sykkylven den gongen sa i fleire intervju i tida etter kyrkjebrannen at han var sikker på at brannen var påsett.

Det var ei kald natt til 2. februar, med fint klart ver, ifølgje protokollen til brannvesenet. Det gjekk nokre lette snøbyer i omegnen, men det var så å seie vindstille.

Sløkkingsarbeidet er til fånyttes. Den gamle trekyrkja blir raskt overtent, og etter ein halvtime rasar klokketårnet. Brannvesenet må konsentrere seg om å hindre at brannen spreier seg til nabobygningar.

Heldigvis er det vindstille. Hadde det vore kuling, som ikkje er uvanleg på denne tida av året, kunne fleire hus og driftsbygningar i nabolaget ha vore i fare.

Den nye kyrkja i Sykkylven.

Den nye kyrkja i Sykkylven er bygd opp rett ved sida av der den gamle kyrkja stod.

Sorg og mismot

Sykkylven, ein kommune med rundt 7000 innbyggjarar, stod med eitt utan hovudkyrkje. Folk var prega av sorg og mismot. Dei fleste hadde sterke minne frå denne kyrkja. Ho hadde fylgt innbyggjarane i bygda i høgtid, sorg og glede i 100 år.

100-årsjubileet for kyrkja fall saman med 100-årsjbileet for kommunen, og det var planlagt ei storstilt feiring seinare på året.

Sykkylven har fått ei ny, flott og moderne kyrkje, som dei fleste er godt nøgde med. Men det blir framleis snakka om kva som skjedde natt til 2. februar 1983.

Når vi snakkar med folk om kyrkjebrannen, er det lett å merke engasjementet, både blant faste kyrkjegjengarar og andre. Det er tydeleg at mange har sterke minne.

Det er vondt å ikkje få vite kva som eigentleg skjedde.

Laster kart, vennligst vent...