Ullersmo landsfengsel.

«Ein kjenslekald, aggressiv seksualavvikar med manglande impulskontroll»

Det er 17. mars 1974. Ut av fengselsporten på Ullersmo landsfengsel kjem ein mørkhåra, kraftig bygd 34-åring med bart og markerte kinnskjegg. Han skal seinare gå inn i historia som ein av dei verste seriedrapsmennene dette landet har fostra.

Mannen blir sett fri på prøve frå, etter hans meining, ein urimeleg dom på fem års fengsel for valdtekt, lekamsskading og utukt.

Han har greidd håret i nakken framover på hovudet for å skjule at han er skalla på toppen. Han går bort med målbevisste steg. Han har ikkje tenkt å sjå seg tilbake.

Snart er han på veg i bilen sin, ein kvit Ford Taunus 12M med svart tak og karakteristiske svarte fartsstriper på sidene, til eit nytt liv. Ny jobb, ny stad å bu og ny dame på ein heilt annan kant av landet. Kanskje hadde han eit håp om å ha lagt den vonde tida bak seg.

Dette er historia om det nye livet hans.

Ørsta i Møre og Romsdal fredag 18. oktober 1974: Denne kvelden blir 12 år gamle Bodil Brungot borte på veg frå sentrum til heimen sin nokre kilometer unna. Det går ut etterlysing, politiet brukar alle tilgjengelege ressursar, frivillige leitar, alle tenkjelege og utenkjelege stader blir søkte gjennom, men det er ingen spor etter jenta.

Bilen til Edgar Antonsen.

Dette er bilen som skulle kome til å stå i sentrum for ugjerningane, ein kvit Ford Taunus 12M med markerte fartsstriper.

Foto: Politiet

Utan spor

Politiet står i starten utan spor. Det lokale lensmannskontoret får raskt hjelp av Kripos, som var i distriktet i samband med eit mistenkjeleg dødsfall i nabokommunen Volda. Kripos-teamet blir leidd av Leif A. Lier.

Sjølv bur eg i nabobygda Volda på denne tida, sjølve skulebygda på Sunnmøre. Saman med hundrevis andre ungdomar frå bygdene rundt er eg hybelbuar der. Eg er 19 år og har starta siste året på gymnaset. Forsvinninga i Ørsta er det store samtaleemnet, og spekulasjonane er mange.

Få trur 12-åringen har forsvunne frivillig.

Reportasje fra Dagsrevyen

VIDEO: Innslag i Dagsrevyen 3. november 1974.

Det er lett å merke den nervøse stemninga, særleg blant jentene. Alle blir meir forsiktige, ingen likar å gå ute åleine etter det har vorte mørkt. Det ligg ei sterk spenning i den regntunge oktoberlufta. Det blir kaldare dag for dag, alle merkar at vinteren er på veg.

Rykta kunne fortelje at den forsvunne jenta brukte å haike når ho skulle heim frå sentrum.

Haiking var svært vanleg blant ungdom på denne tida. Tanken låg vel bak i hovudet at det kunne vere farleg, men dei fleste rekna med at sjansen for å bli utsett for noko var svært liten. Og det var langt mellom bussane, spesielt på kveldstid.

Men det var ingen haikarar å sjå langs vegane i distriktet etter at det vart kjent at ei 12 år gammal jente i Ørsta var sporlaust borte.

Eg var redd. Ingen visste kva som hadde skjedd. Det kom politifolk på dørene, dei leitte i kjellarar og letta på alle kumlokk.

Anita Nybø

Total uvisse

Eg har eit par kilometer å gå frå hybelen når eg skal på trening om kvelden. Vegen er i hovudsak utan gatelys. Sjølv ein langt frå mørkeredd 19-åring gjer seg sine tankar på ein slik tur.

Leif A. Lier i 1974.

Etterforskingsleiar Leif A. Lier blir intervjua av Dagsrevyen i november 1974.

Foto: NRK

Køyrer det ein drapsmann rundt i distriktet? Er det kanskje han i bilen som kjem mot meg no?

Den første veka går i total uvisse, sju lange dagar og netter for familie og vener, og for heile lokalsamfunnet. Håpet om at den 12 år gamle jenta skulle dukke opp igjen i live, blir meir og meir urealistisk.

Ørsta-kvinna Anita Nybø (54) var eitt år yngre enn Bodil Brungot. Ho hugsar godt den uhyggjelege stemninga i heimbygda. Ho fortel om sjokket over at ei jente på hennar eigen alder vart sporlaust borte. Dei to jentene var ikkje i same venekretsen, men ho visste godt kven Bodil var.

Anita Nybø frå Ørsta.

Anita Nybø hugsar godt stemninga i Ørsta då Bodil Brungot vart borte.

Foto: Privat

– Eg var redd. Ingen visste kva som hadde skjedd. Det kom politifolk på dørene, dei leitte i kjellarar og letta på alle kumlokk. Eg hugsar at far min deltok som frivillig i leitinga etter Bodil. Det var heilt uverkeleg, seier ho.

Eit avgjerande tips

Ørsta fredag 25. oktober 1974: Ei veke etter at den 12 år gamle jenta vart meldt sakna, får politiet inn eit avgjerande tips. Ein 15-åring fortel at han såg Bodil Brungot gå inn i ein bil kvelden ho vart borte.

Bilen var kvit med svarte fartsstriper på sidene, kan guten fortelje.

Det var ikkje mange bilar i nærområdet som passa til dette signalementet. Men det lokale lensmannskontoret visste om ein. Ein mann dei har vore i kontakt med før i samband med etterforskinga av diverse innbrot, hadde ein slik bil.

To betjentar frå lensmannskontoret får ordre om å hente mannen inn til avhøyr. Mannen har budd i Ørsta kommune berre nokre få månader. Han jobbar på Møre Trikotasjefabrikk i Hovdebygda. Han bur på hybelhuset «Låna», der fleire titals kvinner som jobbar på fabrikken også har hybel.

Han har ein kvit Ford Taunus 12M med svarte fartsstriper, som passar med bilen vitnet såg ei veke tidlegare.

Han er kjend for å køyre mykje rundt i distriktet, og han tek ofte på unge jenter som haikar, blir det fortalt.

Bror med i bilen

Dette er mannen frå starten av artikkelen. 34 år gamle Edgar Antonsen frå Horten i Vestfold. I 1971 vart han dømd til fengsel i fem år for valdtekt, lekamsskading og utuktig omgang med mindreårige, men vart sett fri på prøve 17. mars 1974.

Han hadde starta det nye livet sitt med jobb og bustad i Hovdebygda i Ørsta og ny kjærast i nærområdet.

Den 20 år gamle halvbroren Terje Antonsen kom til Ørsta eit par månader seinare. Han var kjend som ein del av det stadig veksande narkotikamiljøet i Horten, og flyttinga skulle hjelpe han ut av dette miljøet. Han har sona i ungdomsfengsel for vinnings- og narkotikabrotsverk.

Han er ofte saman med storebror Edgar i bilen, og han blir også arrestert same dagen.

Fleire hundre frivillige har brukt time etter time på å leite etter den forsvunne jenta. Røde Kors, naboar, vener, alle har delteke. Det var ein dugnad utan like i lokalsamfunnet. Den store leitedugnaden held fram også etter at dei to vart arresterte.

Amper stemning

Nyheita om arrestasjonen slo ned som ei bombe.

Spenninga fekk ei utløysing. Mange reagerte med sinne, stemninga var amper. Det kjem etter kvart fram at Edgar Antonsen kom til kommunen rett frå fengselet, der han sona ein dom for fleire brutale valdtekter.

Det vart stilt spørsmål om korleis ein mann med ein slik bakgrunn kunne sleppast laus i eit lokalsamfunn, utan noko form for åtvaring. Til alt overmål fekk han seg jobb i ei bedrift der det i hovudsak jobba kvinner. I hybelhuset der han fekk tildelt husrom var det også eit solid kvinnefleirtal.

34-åringen var sett fri på prøve. Skulle ikkje det bety at han var under oppsikt? At han hadde ei form for meldeplikt? Kjende politiet til bakgrunnen hans? Burde ikkje i det minste arbeidsgivaren bli varsla om det?

Vi diskuterte saka både i skuletimane og i friminutta. Det var ein del etiske problemstillingar i saka, som passa godt inn i samfunnsfagstimane. Vi visste at det i enkelte miljø var regelrett lynsjestemning, og diskusjonen gjekk friskt om ei lovgjeving som hadde det gjort det mogleg for to kriminelt belasta personar å flytte til ein ny stad, tilsynelatande utan at nokon visste om fortida deira.

Men mange minna også om at enno var ingen dømt i saka, og at alle skal sjåast på som uskuldige heilt til det er felt ein dom.

Foreldra våre la ned totalforbod mot haiking og vi fekk klar beskjed om å vere skeptiske til framande menn. Eg trur ikkje eg såg nokon som haika i alle fall det første året etter at dette skjedde

Mariann Ulseth

– Det var nifst

Anita Nybø fortel at sjokket var stort då det kom fram at to menn som jobba og budde i Ørsta var arresterte, mistenkte for å ha teke livet av Bodil.

– Det var nifst. Eg vart innprenta av foreldra mine om å vere forsiktig, og at eg aldri måtte haike. Som 11-åring var eg uansett for ung til å haike, men haike-forbodet prega meg i heile ungdomstida. Og det har eg teke med vidare også til mine born, seier ho.

Mariann Ulseth.

Mariann Ulseth seier det vart heilt slutt på haiking etter det som skjedde med Bodil Brungot.

Foto: Privat

Systera hennar Mariann Ulseth var 18 år då uhyggja kom til fredelege Ørsta. Ho fortel at ho før dette skjedde ofte haika saman med venninner, men at forsvinninga gjorde at det vart ein brå slutt på dette.

– Det var heilt uforståeleg at noko slikt kunne skje i Ørsta. Foreldra våre la ned totalforbod mot haiking og vi fekk klar beskjed om å vere skeptiske til framande menn. Eg trur ikkje eg såg nokon som haika i alle fall det første året etter at dette skjedde, seier ho.

Nekta for alt

I starten nekta begge brørne kjennskap til den sakna jenta, men yngstemann tok etter kvart til å vakle. Han hadde ifølgje fleire aviser den gongen abstinensar etter lang tids narkotikabruk.

5. november, nesten tre veker etter at Bodil Brungot forsvann 18. oktober, braut 21-åringen saman og tilstod. Det var han og halvbroren som hadde teke livet av den 12 år gamle jenta.

Då eldstemann forstod at broren hadde tilstått, la han også korta på bordet, i alle fall nokre av dei. I eit intervju med Regionavisa , ei lokalavis for Søre-Sunnmøre, seier ein av politimennene som avhøyrde han, Morten Haavik, at Edgar Antonsen var ein hard nagl. Han vedgjekk aldri noko som helst utan at han forstod at det ikkje nytta å lyge lenger.

Den no pensjonerte politimannen seier rett fram at Edgar Antonsen var det mest usympatiske mennesket han nokon gong har møtt, medan han var mildare stemt overfor broren.

I avhøyra kjem det fram stadig nye detaljar om det som skjedde.

Drapet på Bodil Brungot.
Innslag frå Dagsrevyen november 1974.

VIDEO: Tilstår drapet på 12 år gamle Bodil Brungot. Dagsrevyen 5. november 1974.

På veg heim frå sentrum

Fredag 18. oktober 1974: Ved 22.30-tida denne kvelden var Edgar og Terje Antonsen ute og køyrde i bilen til Edgar, tilsynelatande utan noko spesielt mål.

12 år gamle Bodil Brungot var på veg heim etter ein tur til sentrum i Ørsta.

Ho haika, og dei tok henne på berre nokre få kilometer frå heimen hennar. Eldstemann sat bak rattet på Taunusen, som berre hadde to dører. Den yngste av brørne sette seg i baksetet saman med 12-åringen.

Dei køyrde rett forbi huset der ho budde og til Øyadalen. Der braut dei seg inn i ei hytte, valdtok jenta, for så å kvele henne til døde.

Etterforskingsdokumenta inneheld grufulle detaljar om det som skjedde. Den 12 år gamle jenta var sjanselaus mot dei to vaksne mennene.

Deretter pakka dei den døde jenta inn i eit par ullteppe dei fann i hytta. Så lempa dei drapsofferet i bilen og køyrde til eit sandtak på Store Standal ved Hjørundfjorden, der ho vart skjult under nokre kvistar ikkje langt frå vegen. Den yngste av brørne viste etter kvart politiet kvar dei hadde dumpa henne.

Men det skjedde ikkje før han hadde prøvd seg på eit par andre forklaringar, slik som at ho var dumpa på sjøen eller at det berre var broren som visste det, sidan det var han som kvitta seg med liket.

Gravsteinen til Bodil Brungot.

Bodil Brungot er gravlagd på kyrkjegarden i Ørsta.

Foto: Svein Nordal

Stort narkotikamiljø

Våren 1974: I Horten i Vestfold er 20 år gamle Terje Antonsen ein del av det som blir karakterisert som det stadig hardare narkotikamiljøet i byen. Det starta med sniffing alt som barn og så balla det på seg med stadig tyngre narkotiske stoff.

Han har forklart at han starta med sniffing i 12-årsalderen, og at han sniffa dagleg i tre år. Så gjekk han over på hasj, og seinare vart det sterkare stoff, blant anna morfin og LSD. I tillegg til dette drakk han alkohol.

For å vere ein såpass liten by hadde Horten eit stort narkotikamiljø. Narkotika var eit problem her lenge før mange andre byar det var naturleg å samanlikne med.

Ei av forklaringane er at København-båten lenge hadde stopp her. Ein liten skyssbåt tok passasjerane til og frå danskeferja.

Terje Antonsen var eit fast innslag i narkotikamiljøet. Han sokk stadig djupare ned i myra. Han var småkriminell og sona i det som i dommen blir kalla eit ungdomsfengsel. Han vart sett fri på prøve og fann ut at han måtte kome seg ut av miljøet i Horten og Vestfold.

Jobb og hybel

I mellomtida har Edgar Antonsen etablert seg i Ørsta. Han fortel halvbroren at det er mogleg å få seg jobb der, og Terje ser på det som ein sjanse til å kome seg bort frå Horten.

I starten bur Terje på hybelen til Edgar i hybelhuset «Låna» i Hovdebygda. Seinare får han seg jobb og hybel i Ulsteinvik, vel ein time med bil og ferje frå Ørsta. Han hadde kanskje ein tanke om å kutte ut narkotikamisbruket når han kom til den nye staden, men det skjedde ikkje.

Det gamle livet hans fylgde med på flyttelasset.

Han er saman med halvbroren når han har fri. Dei to mennene blir ofte observerte køyrande langs vegane i Ørsta og nabobygdene. Dei tek på haikarar, spesielt unge jenter.

Drapet på Bodil Brungot.

Blir knytt til ny forsvinning

Sjokket og vantrua etter drapet på Bodil Brungot har ikkje lagt seg i Ørsta, før saka tek ei ny alvorleg vending.

Molde i Møre og Romsdal juli 1974: Vi går tilbake i tid, tre månader før drapet på 12-åringen i Ørsta. Den årlege jazzfestivalen i Molde er akkurat ferdig, og mange tilreisande startar på reisa heim frå romsdalsbyen. 31 år gamle Oddbjørg Helene Jystad frå Oslo er ei av desse. Ho reiser åleine og har planar om å haike.

Familien melder henne sakna når ho ikkje kjem tilbake til Oslo, og politiet startar etterforsking. Den siste sikre observasjonen av henne var på kaia i Molde medan ho venta på ferja til Vestnes.

Politiet sender ut etterlysing av kvinna, som er ein ivrig hobbyfotograf. I etterlysinga er også kameraet hennar nemnt, eit dyrt japansk fotoapparat som ikkje var så vanleg den gongen.

Sommaren blir til haust, men politiet stod utan avgjerande spor etter eller tips om 31-åringen.

Eit nytt tips

Ørsta november 1974: Midt under den hektiske etterforskinga av drapet på Bodil Brungot i Ørsta, får politiet inn eit tips. Ein mann som har sett etterlysinga av Oddbjørg Helene Jystad, fortel at han hadde sett Edgar Antonsen med eit slikt kamera.

Avisa VG fekk inn eit tips om at dei to halvbrørne hadde prøvd å selje eit fotoapparat på gata i Ørsta, utan å lukkast.

Etterforskarane konfronterte den eldste av Antonsen-brørne med desse opplysningane, men han nekta all kjennskap til kameraet.

Leif A. Lier

Tidlegare Kripos-sjef Leif A. Lier var etterforskingsleiar for drapet på Bodil Brungot i Ørsta i 1974.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Politiet nekta å gi seg. Dei sette i verk ein storstilt leiteaksjon etter kameraet i eit skogsområde i Hovdebygda, ikkje langt frå hybelen til Edgar Antonsen. Dåverande etterforskingsleiar for Kripos, Leif A. Lier, fortel til NRK at blant andre Røde Kors deltok i leitinga, og at leitemannskapa nærmast gjekk på kne medan dei saumfór skogbotnen.

Til slutt fann dei kameraet slengt under ein busk, og dei to halvbrørne måtte gjennom nye knallharde avhøyr. Lier seier at dei leitte akkurat i dette området fordi Edgar Antonsen var observert med eit kamera her.

Braut saman

Brørne nekta all kjennskap til fotoapparatet, men til slutt var det, som i Bodil-saka, veslebror Terje som braut saman. Han fortalde at dei hadde plukka opp Oddbjørg Jystad på ferjekaia på Vestnes.

Først vart ho bakbunden i baksetet på Edgar Antonsens Ford Taunus 12M. Seinare valdtok Edgar henne, før han tok livet henne, ifølgje Terje Antonsen. Edgar Antonsen la på si side skulda på halvbroren.

Dei dumpa liket i ein nedlagt tunnel like ved Åndalsnes, men tok med seg fotoapparatet til offeret.

Seinare får saka endå ein makaber dimensjon.

Sommaren 1962 var Edgar Antonsen ei tid mistenkt i ei sak der ei nabokvinne i Horten, Bertha Holten, vart funnen død med ein lampeleidning rundt halsen. Saka vart etter ei tid lagt bort, og politiet konkluderte med sjølvmord.

Politiet tok opp att etterforskinga av saka i 1971, men dei greidde ikkje å kome vidare.

Drapet på Bertha Holten.

– Nekta for tjuvperm

Den følgjande historia fortel noko om personlegdomen til Edgar Antonsen.

Dødsannonse Bertha Holten.

Avisa Dagbladet trekte fram saka med nabokvinna i samband med etterforskinga av drapa på Bodil Brungot og Oddbjørg Helene Jystad. Dei skreiv at Edgar Antonsen var mistenkt for å ha teke livet av den 80 år gamle kvinna, og at det skulle ha skjedd medan han var på tjuvperm frå militæret.

Edgar Antonsen vart rasande, og han gav klar beskjed til etterforskingsleiar Leif A. Lier. Få Dagbladet til å dementere at han hadde vore på tjuvperm, så skulle han tilstå drapet. Lier kontakta avisa. Dagbladet dementerte, og Antonsen tilstod at han tok livet av kvinna for å skjule eit tjuveri av 800 kroner.

Dagbladet hadde truleg blanda saman denne saka med ei anna sak, der Edgar Antonsen vart dømd for tjuvperm.

Dermed kunne påtalemakta tiltale den 34 år gamle hortensmannen for tre drap. Den nesten 14 år yngre halvbroren var aldri mistenkt i saka frå 1962.

Rettssak i Rinnan-salen

Edgar og Terje Antonsen i retten.

Edgar Antonsen med bart til venstre på biletet, Terje Antonsen heilt til høgre. Biletet er frå rettssaka mot dei to i Trondheim i 1975.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Rettssaka mot dei to brørne starta i Frostating lagmannsrett i Trondheim 13. oktober 1975, rundt eitt år etter drapet på Bodil Brungot. Saka vart ført i den såkalla Rinnan-salen i tinghuset. Det var i denne salen at den illgjetne landssvikaren Henry Oliver Rinnan fekk dødsdommen i rettsoppgjeret etter krigen.

Under heile rettssaka skulda dei to halvbrørne på kvarandre. Makabre detaljar frå dei to drapa vart grundig vurderte av dommarane. Det var aldri mogleg å bevise kven av dei to som snakka sant, og det enda med at begge vart dømde til livsvarig fengsel med sikring.

Det skin likevel gjennom at retten meinte at Edgar var hovudmannen, og at Terje var under sterk påverknad og hardt press frå halvbroren.

«Han har massive, medfødte defekter, og det er sterk fare for gjentakelse av straffbare handlinger».

Karl-Ewerth Horneman

Den rettspsykiatriske rapporten om Edgar Antonsen var ifølgje det som kom fram i pressa den gongen, den sterkaste erklæringa frå dei psykiatrisk sakkunnige nokon gong i norsk rettshistorie:

«Edgar Antonsen er en følelseskald seksualpsykopat, og må medisinsk sett betraktes som en sadist som finner tilfredsstillelse i å mishandle dyr og mennesker. Han er en farlig potensiell drapsmann, og i gitte situasjoner kan han være en fare for sin halvbror Terje Antonsens liv».

- Sterke, abnorme drifter

Edgar Antonsen på veg inn i rettssalen.

Edgar Antonsen blir ført inn i rettssalen under rettssaka i Trondheim tinghus i 1975.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Karl-Ewerth Horneman (1920-2002), sjølve nestoren i norsk rettspsykiatri, slo fast at Edgar Antonsen hadde mangelfullt utvikla sjelsevner med sterke abnorme drifter. Og det heiter vidare:

«Han har massive, medfødte defekter, og det er sterk fare for gjentakelse av straffbare handlingar».

I dommen frå Frostating lagmannsrett står det følgjande om Edgar Antonsen:

«Han er ikke sinnssyk, gjennomsnittlig begavet, men med massive avvik i karakter, temperament, følelses-, viljes- og driftslivet. Han er uttalt følelseskald, aggressiv seksualavviker med manglende impulskontroll. Kombinasjonen av disse egenskaper gir sadistiske trekk».

På dette tidspunktet var det ei brei oppfatning blant journalistar som dekka saka og juristar, at Edgar Antonsen aldri nokon gong ville bli ein fri mann. Sjølv forsvarar Erik Secher sa i prosedyren sin at han aksepterte at klienten hans aldri ville bli sett på frifot.

Vi veit i dag at det ikkje gjekk slik. Edgar Antonsen vart ein fri mann igjen, og han gjorde seg skuldig i eit nytt grufullt brotsverk. Meir om dette seinare.

Sniffing og narkotika

I rapporten om Terje Antonsen heiter det blant anna at han på grunn av sniffing av Lynol i ung alder, og seinare misbruk av narkotika, også leid av varig svekka og mangelfullt utvikla sjelsevner. Det står følgjande i rapporten:

«Han har følelseskalde tendenser, og det er fare for gjentakelse av straffbare handlingar hvis han kommer under innflytelse av sterke personer».

Det heiter vidare:

«Han har klare karaktermessige defekter, svak, viljeløs, holdningsløs som lett lar seg lede, og følelseskald».

Han har følelseskalde tendenser, og det er fare for gjentakelse av straffbare handlinger hvis han kommer under innflytelse av sterke personer.

Karl-Ewerth Horneman

Dei sakkunnige slo likevel fast at det var håp om ei sjeleleg modning for hans del. Under gode vilkår kan han bli både meir haldningssterk og viljesterk, står det.

Ekspertane ser bort frå at Terje Antonsen kunne ha gjort seg skuldig i dei to drapa på eiga hand. I dommen står det blant anna at han var imponert over storebroren og hadde stor respekt for han. Ei slags skrekkblanda beundring, skriv dommaren.

Ulukkeleg barndom

Det kom fram i rapporten at særleg Edgar Antonsen hadde hatt ein tragisk og ulukkeleg barndom. Det var alkoholmisbruk i stor stil i barndomsheimen, foreldra gjekk frå kvarandre, og då han var ti år gammal vart både han og syskena hans plasserte på barneheim.

Han budde på barneheimen fram til han var 15 år, då han reiste til sjøs. Han sigla i utanriksfart i ti år og fekk gode skottsmål for arbeidet sitt.

Det er noko som går igjen i skildringane av Edgar Antonsen. Han har ei sterk æreskjensle for jobben sin. Han er også svært pertentleg med seg sjølv, og han har vorte karakterisert som jålete. Fleire har nemnt hentesveisen som skjulte at han var skalla på toppen.

Han var også svært oppteken å halde orden rundt seg, men var også kjent for eit ustyrleg temperament når ting ikkje gjekk hans veg.

Då to lensmannsbetjentar kom for å ta han inn til avhøyr i Bodil-saka, slo han seg vrang. Ikkje fordi politiet ville snakke med han, men fordi han ikkje hadde tid. Han skulle nemleg på jobb eit par timar seinare.

Til slutt fekk dei han med. Men dei måtte gå med på at han køyrde i eigen bil, slik at han skulle rekke kveldsskiftet på jobben. Han kom seg aldri på jobb den dagen. Han vart fengsla, mistenkt for drapet på Bodil Brungot. Men før det laga han stor brudulje på lensmannskontoret, der han blant anna trua med å drepe lensmannen.

Rettspsykolog Pål Grøndahl.

Pål Grøndahl er ein av dei fremste rettspsykologane her i landet i dag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Alt heng saman med alt

Rettspsykolog Pål Grøndahl ville ikkje ha brukt uttrykket «medfødte defekter» som årsak til at nokon blir drapsmenn. Han meiner det ikkje finst vitskapleg støtte for at nokon blir fødd som kriminell eller drapsmann.

– Biologi som medfødde genetiske avvik gjer deg ikkje til drapsmann, det må også vere eit miljø som vil påverke det biologiske. Ein kan ha eit uheldig arvematieriale, men det er det mange som kan ha. For å gjere seg skuldig i drap er det fleire uheldige faktorar som må vere til stades samstundes. Alt heng saman med alt, seier den erfarne psykologen.

Han meiner det ikkje er mogleg å peike på enkeltfaktorar som kan gjere eit menneske til mordar eller valdsutøvar. Mange kan ha kjent seg avviste i barndomen, men berre eit fåtal av dei gjer seg skuldige i alvorlege brotsverk. Mange kan ha ein tøff oppvekst, men dei aller færraste endar opp som drapsmenn.

– Det er summen av alt som kan føre deg inn på eit kriminelt spor, det vil kallar for ein kumulativ effekt, og ofte kan slump spele inn. Men det er slik at til tidlegare ein person blir valdeleg, til større sjanse er det for ytterlegare vald. Og i svært sjeldne tilfelle endar det opp med drap og annan alvorleg valdsbruk seinare i livet, legg han til.

– Manglar stabil farsfigur

Krimforfattaren Jørn Lier Horst har bakgrunn som etterforskar ved politiet i Larvik.

Han fortel at dei aller fleste drapsmenn og valdsutøvarar han har møtt i åra i politiet, har ein ting til felles. Dei mangla ein stabil farsfigur i oppveksten og har opplevd generell omsorgssvikt.

Forfattaren og ekspolitimannen har skrive om seriedrapsmenn i bøkene sine, men seier at det er utypisk her i landet at ein person gjer seg skuldig i drap meir enn ein gong.

Det amerikanske føderale politiet FBI sin definisjon på ein seriedrapsmann er å ha gjort seg skuldig fleire enn to drap, slik at Edgar Antonsen kjem inn under den kategorien.

Lier Horst sine 20 år som politietterforskar har lært han at dei fleste drapsmenn er likare oss vanlege menneske enn vi trur.

– Vi jagar eit monster, men personen vi arresterer er oftast veldig lik oss andre. Dei har meir til felles med oss enn det som skil oss frå dei. Motiva som ligg til grunn for eit drap, hemn, sinne, begjær, er kjensler som alle kan ha, seier han.

Ein annan observasjon den erfarne politietterforskaren har gjort gjeld anger. Han fortel at han sjeldan har opplevd at ein gjerningsperson har kjent oppriktig anger fordi det dei har gjort har gått ut over eit anna menneske og eventuelle pårørande.

– Mi erfaring er at angeren først og fremst gjeld dei sjølve, at dei angrar på at dei har gjort noko som har sett dei sjølve i ein svært vanskeleg situasjon, seier Jørn Lier Horst.

Forfattaren Jørn Lier Horst.

Jørn Lier Horst har 20 års erfaring som kriminaletterforskar. I dag er han forfattar på heiltid. Her er han i skrivestova si i Stavern.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Oppvekst på barneheim

Menneske som har møtt Edgar Antonsen fortel at han var svært oppteken av seg sjølv og sine eigne problem.

I Arne Beckers gate i Horten, i eit stille nabolag med utsikt mot Oslofjorden, ligg det som ein gong var Horten barnehjem. Den staselege, gamle mursteinsbygningen ligg fint til i ei grøn lunge i bakken ovanfor sentrum av småbyen.

Barneheimen var driven av Det Norske Totalavholdsselskap (DNT). Vi veit at mange med liknande barndom som Edgar Antonsen har søkt tilflukt i rusen. Det skjer aldri med han. Han rekna seg som fråhaldsmann og var svært stolt av diploma sine frå DNT.

Systera hans sa i retten at syskena hadde det bra på barneheimen, men at Edgar bar nag til mora for å ha sendt dei vekk. Ho fortalde ifølgje VG at «Edgar var den største mammadalten» av dei alle.

Han var sterkt knytt til mora, men ho makta ikkje å ta seg av dei etter skilsmissa.

Vi veit lite om korleis Edgar Antonsen hadde det på barneheimen, men ein tidlegare styrar, som vitna i rettssaka i 1975, sa at han skikka seg bra der. Han var stille og heldt seg mest for seg sjølv, fortalde ho i retten.

– Skapte frykt rundt seg

Det har seinare kome fram at det på 1950- og 1960-talet skjedde alvorlege overgrep mot born på Horten barnehjem.

Horten kommune har betalt ut 21 millionar kroner i erstatning til 43 menneske som var utsette for overgrep medan det kommunale barnevernet hadde ansvaret for dei. 22 av sakene var frå Horten barnehjem, dei fleste av dei frå 50- og 60-talet.

Rettspsykolog Pål Grøndahl fortel at undersøkingar blant overgriparar viser at rundt 30 prosent av dei hadde sjølve vore utsette for overgrep.

Tidlegare Horten barnehjem.

Edgar Antonsen budde på Horten barnehjem frå han var ti til han var 15 år gammal. Dette er bygningen i dag.

– Det store fleirtalet, altså 70 prosent av overgriparane, har ikkje vore utsette for overgrep. Offer/overgripar-syklusen er ikkje så sterk som vi ofte trur, seier han til NRK.

Dei som budde på Horten barneheim gjekk på vanleg skule. Ein mann som gjekk nokre år under Edgar Antonsen på skulen, kan fortelje at alle var redde for han.

– Eg hugsar at han trua broren, som også budde på barneheimen, til å bere ranselen sin. Han gjekk rett bak han med ein liten kniv i handa, og han stakk om ikkje broren gjorde som han sa, seier mannen.

Han skapte frykt rundt seg.

– Fortalde om fleire drap

Det kom fram under rettssaka at han hadde fortalt til halvboren Terje at han hadde teke livet av fleire kvinner i utlandet medan han var i utanriksfart. Halvbroren sa at han eigentleg ikkje trudde på det, men at det var noko han fann på for «å setje seg i respekt».

Også andre eg har snakka med stadfestar at Edgar Antonsen spelte på frykt under heile oppveksten.

Vi veit at han i Ørsta budde i eit hybelhus der det også budde fleire titals kvinner, som han også jobba saman med. Så vidt vi veit var han aldri ufin eller hadde upassande framferd overfor nokon av desse.

Det blir fortalt at fleire av kvinnene han jobba saman med var redde for å gå heim åleine på kvelden etter at Bodil Brungot vart meldt sakna. Edgar Antonsen køyrde dei heim og jatta med om kor forferdeleg det var med den forsvunne jenta.

Den då 34 år gamle mannen var ofte til stades på festar, og han køyrde gjerne festdeltakarar til og frå. I det heile oppheldt han seg mykje i bilen, den tidlegare omtalte kvite Taunusen med svarte fartsstriper. Han tok ofte opp haikarar.

I valet mellom å gå nokre kilometer og å bruke tommelfingeren, valde mange born og unge på den tida det siste. Og i dei aller fleste tilfella gjekk det bra.

For 12 år gamle Bodil Brungot enda det med døden.

Livsvarig fengsel med sikring

Begge brørne vart dømde til livsvarig fengsel med sikring. Edgar godtok dommen i lagmannsretten straks, medan forsvararen til Terje, stjerneadvokaten Olav Hestenes, anka saka til Høgsterett. Han meinte det var urimeleg at dei to brørne fekk same straff, sidan Edgar var den mest aktive av dei to.

Advokat Olav Hestenes i 1988.

Olav Hestenes var forsvarar for den yngste av Antonsen-brørne i rettssaka i Trondheim i 1975.

Foto: Eystein Hanssen / NTB scanpix

Høgsterett aviste anken.

Yngstemann Terje Antonsen var den første av dei to som vart sett fri frå fengselet. Han vart ein fri mann i 1981, utstyrt med ny identitet. Det betyr at han har skifta namn, fekk nytt personnummer og kanskje også ei ny historie.

Han sa under rettssaka at han ynskte å ta utdanning i fengselet, og han skal ha verka truverdig på at han ville gjere opp for seg og byrje eit nytt liv.

Etter det NRK kjenner til budde han i Oslo og døydde der i desember 2015.

Seksjonsleiar og overbetjent Frode Gunnar Larsen i Kripos fortel at det ved tildeling av fiktiv identitet er ein føresetnad at personen bryt alle band til det tidlegare livet sitt. Det kan også vere snakk om å hjelpe ein person til eit nytt liv i utlandet.

Han gjer det klart at ein ved tildeling av ny identitet også får eit nytt fødselsnummer.

– Vil aldri bli sett fri

Då dommen mot Edgar Antonsen fall i 1975 trudde dei fleste at han aldri ville bli sett fri igjen. Men 13 år etter, i 1988, var han igjen ein fri mann. Då flytta han til ei lita bygd i Vest-Finnmark, der han bygde seg eit lite hus. Då hadde han skifta namn til Olav Edgar Stensrud.

Han var gift i ein periode, men ekteskapet tok slutt etter kort tid. Han levde eit einsamt liv i den vesle bygda, der han livnærte seg av diverse handverksarbeid i tillegg til trygd.

I 1993 vart han etterlyst av politiet igjen etter å ha valdteke den ti år gamle dottera til tilsynsføraren sin i bygda der han budde.

Nokre dagar etterpå vart han funnen død i ei steinur ikkje langt frå huset sitt. Politiet konkluderte med sjølvmord. Han vart gravlagt på Tromsø gravlund.

Anonyme telefonar

Faren til Bodil Brungot vart intervjua av journalist Svein Nordal i Regionavisa for tre år sidan. Her kjem det fram at faren fleire gonger hadde fått telefonar frå anonyme personar, truleg i Finnmark, som sa at dei visste kvar Edgar Antonsen budde, og at det var planar om å ta livet av han.

Den siste telefonen fekk han kort tid før trippeldrapsmannen vart funnen død.

Informasjonen vart gitt vidare til politiet i Finnmark, og politimeisteren sa då at dei ville vurdere om det var grunnlag for ei ny vurdering av saka. Sidan har det ikkje kome fram noko nytt.

Statsadvokaten som tok avgjerda om å setje Edgar Antonsen fri, sa i eit intervju med VG etter det nye overgrepet, at han angra på avgjerda.

(Eksterne kjelder: Statsarkivet, Regionavisa, Horten lokalhistoriske senter, NTB, Gjengangeren, VG, Dagbladet)