Stenersen-saka
Foto: Illustrasjon: Marius Wibe

Den siste drosjeturen

«Jeg kjører noen turister som har kjørt sundt bilen sin. Turen er til Storfjord, Møre. Kommer tilbake lørdag eller søndag. Gudmund».

Ein lapp med denne teksten er det siste livsteiknet frå drosjesjåfør Gudmund Stenersen (59) frå Ytre Rendalen i Hedmark. Dette er torsdag 13. juli 1972. Sidan har ingen sett eller høyrt noko frå han.

Gudmund Stenersen.

Drosjesjåfør Gudmund Stenersen forsvann frå Ytre Rendalen i Hedmark 13. juli 1972.

Foto: NTB scanpix

Passasjerane i drosjen hans denne sommardagen har heller aldri meldt seg. Det er ei sak med svært mange spørsmål, men ingen svar.

Forsvinninga er eitt av dei mest omtalte kriminalmysteria her i landet dei siste 50 åra. Saka er etterforska i fleire omgangar. Trass i at politiet er sikre på at nokon har teke livet av Stenersen, manglar det gjerningspersonar, åstad og eit lik.

Dei har heile tida arbeidd ut frå ein teori om at motivet var pengar.

Lappen Stenersen la igjen.

Lappen Gudmund Stenersen la igjen på kjøkkenbordet heime i Ytre Rendalen.

Eit ordensmenneske

Mysteriet startar alt før Stenersen forlèt heimbygda. Han er kjent for å vere eit ordensmenneske. Når borna finn lappen på kjøkkenbordet denne julidagen, står barbermaskinen hans enno i støpselet. Lesebrillene hans ligg att ute i låven, og den elles så pertentlege drosjesjåføren har ikkje teke med toalettmappe eller klesskift, trass i at han skal på langtur.

Heller ikkje køyreboka der han sirleg noterer alle drosjeturane, bensinfylling og oljeskift har han teke med.

Stor interesse for Stenersen-saka

Eit lite utval av det som er skrive om Stenersen-saka opp gjennom åra.

Kona hans er på overnattingsbesøk hos mor si i Øvre Rendalen. Han ringer ikkje til henne og gir beskjed. Han møter den 26 år gamle sonen og den 13 år gamle dottera på vegen, men stansar ikkje for å fortelje at han skal reise bort. 26-åringen er busett på Kongsvinger, men er heime på besøk.

Lappen på kjøkkenbordet er einaste beskjeden.

Kva er det som hastar slik?

Mest sannsynleg har han med seg ei skinnmappe han brukar til bilhandel. Stenersen er i tillegg til å vere drosjesjåfør også ein habil bilreparatør, og han handlar ein del med bilar. Han har avslutta ein bilhandel dagen før og har truleg mellom 4000 og 8000 kroner i skinnmappa, ein stor sum i 1972.

4000 eller 8000. Var det ein sum nokon kunne drepe for?

Denne skinnmappa har aldri blitt funnen.

Sannsynleg reiserute.

Den sannsynlege reiseruta til D 25098.

Foto: Kart: Morten Skramstad / NRK

Tur/retur Rendalen?

Olav Seljesæther var etterforskingsleiar i Kripos då saka vart teken opp igjen i samband med ein radiodokumentar i NRK hausten 1986. Frå sitt pensjonisttilvære i Gildeskål i Nordland seier han til NRK at han hugsar saka godt.

– Vi må gå ut frå at dei som bestilte drosjeturen i Ytre Rendalen hadde planar om ein snartur til Møre for så å returnere til Rendalen. Kvifor skulle han elles skrive på lappen at han kom heim laurdag eller søndag? Normalt ville han lett kunne ha kome heim dagen etter om det berre var for å setje av passasjerane der, seier Seljesæther (76).

Men korleis rimar dette med at han skulle køyre nokre turistar som hadde «kjørt sundt» bilen sin?

Det blir aldri funne ein bil i Rendalen eller distriktet rundt som kan knytast til dei mystiske passasjerane. Det er ingen bilar som har brote saman i dette området i dagane før 13. juli 1972.

Gudmund Stenersen dukkar ikkje opp laurdag eller søndag, slik han har ymta om på lappen. Men han blir ikkje meldt sakna før ei veke etter han forsvann, torsdag 20. juli.

Vitne i Rendalen fortel om to eller tre passasjerar i drosjen denne juli-torsdagen.

– Kor lenge var han med i drosjen?

Erik Westby.

Erik Westby var sentral i etterforskinga av Stenersen-saka både på 1980- og 1990-talet.

Foto: Kjell Åge Kampestuen / NRK

Erik Westby, i dag seniorkonsulent i Innlandet politidistrikt, var sentral i etterforskinga både i 1986/87 og i 1997. Han meiner det er eit viktig spørsmål kor lenge Gudmund Stenersen var med i sin eigen drosje.

– Han ville truleg ikkje blitt med lenge dersom dette utvikla seg til ein heisatur. Det er ikkje tvil om at drosjen har vore innom fleire stader på Sunnmøre og i Romsdal, men det kan vere andre som har køyrt. Dei kan også ha brukt drosjelua hans, seier Erik Westby til NRK.

Han viser til at saka har vore etterforska svært breitt. Det har vore teoriar om at dei som hyra drosjen var turistar, haikarar, fiskarar eller anleggsarbeidarar. Men ingen av spora har ført fram.

Sannsynleg reiserute i Møre og Romsdal.

På strekninga Rendalen-Dombås er det fleire alternative vegar.

Foto: Kart: Morten Skramstad / NRK
Intervju med etterforskingsleiar Rolf Harry Jahrmann om Stenersen-saka (1972).

VIDEO: Intervju med etterforskingsleiar Rolf Harry Jahrmann i august 1972.

Åndalsnes 24. juli 1972

Det er tidleg på morgonen. Kåre Erlandsen les avisa i husværet sitt i sentrum av Åndalsnes i Møre og Romsdal før han skal på jobb i bokhandelen, der han er ekspeditør. Her ser han etterlysinga av ein grå drosje, ein Ford Taunus 17M stasjonsvogn med bilnummer D 25098, og han kjenner straks igjen bilen.

– Eg hadde sett bilen i fleire dagar frå frukostbordet mitt, og eg undra meg litt korleis ein drosje kunne stå parkert på same staden fleire dagar på rad. Eg trur det var 19. eller 20. juli eg la merke til bilen første gongen, men han kan ha stått der lenger, seier Kåre Erlandsen til NRK.

Trass i at det er over 45 år sidan dette skjedde, så er minna om det klare. Han fortel at han straks melde frå om drosjen på parkeringsplassen i sentrum av Åndalsnes, og at det ikkje gjekk lenge før politiet var på plass med teknikarar og etterforskarar.

– Men eg synest det er rart at politiet aldri tok kontakt med meg etter at eg melde frå om bilen. Ville det ikkje vere naturleg å ta opp ei forklaring frå personen som først oppdaga den etterlyste bilen?, spør han.

Det einaste som er 100 prosent sikkert i denne saka er altså at Gudmund Stenersen reiste frå Ytre Rendalen ut på dagen 13. juli 1972, og at drosjen vart funnen på Åndalsnes måndag 24. juli. Bilen er grundig reingjort, og både førarkortet hans og vognkortet er borte. Nøklane står framleis i tenninga.

Det som ligg igjen i bilen er sjåførlua hans og ein pakke Pall Mall med nokre få sigarettar i. Stenersen sjølv røykte aldri sigarettar.

Slik stod drosjen parkert på torget i Åndalsnes.

Drosjen til Gudmund Stenersen stod parkert i sentrum av Åndalsnes i fleire dagar fram til måndag 24. juli 1972.

Foto: Politiet.

Kvar er Storfjord?

Med det same Gudmund Stenersen og drosjen hans blir etterlyst, byrjar det å kome inn tips frå publikum. Mange har sett den D-registrerte drosjen. I det første døgnet etter han forlèt Rendalen blir Stenersen og drosjen hans sett blant anna på Dombås, på Elverum, i Bagnskleivene i Valdres, i Isfjorden utanfor Åndalsnes og fleire stader på Sunnmøre.

Ein del av desse observasjonane må vere feil. Den naturlege køyreruta frå Rendalen til Møre er over ein av vegane til Østerdalen, vidare til Gudbrandsdalen til Dombås og så vidare forbi Lesjabygdene, Bjorli og til Åndalsnes.

Frå Åndalsnes går vegen via Tresfjord og Vestnes, over Ørskogfjellet til Ørskog, og så vidare til Ålesund. Stordal ligg på ein sideveg innover langs Storfjorden med avkøyring frå Ørskog. Frå Liabygda er det ferje over til Stranda, og så går vegen gjennom Sykkylven, ei ny ferje over fjorden til Magerholm og så vidare til Ålesund.

Målet for turen var Storfjord på Møre. Storfjorden er ein 86 kilometer lang fjord på Sunnmøre med fleire fjordarmar, og frå kysten og innover er fjorden innom ti kommunar. Hareid, Sula, Ørsta, Sykkylven, Ålesund, Skodje, Ørskog, Stordal, Stranda og Norddal.

Bortsett frå ei lita grend langt inne i sidefjorden Hjørundfjorden, er det ingen stad som heiter Storfjord. Og den vesle grenda vart raskt sjekka ut av saka.

På Sunnmøre er drosjen til Stenersen er observert både i Ålesund, Sykkylven, Skodje, Ørskog, Stordal og Stranda.

Ottar Storheim (89) frå Stordal.

Ottar Storheim frå Stordal møtte den D-registrerte drosjen fleire gonger i løpet av nokre få dagar.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Stordal ved Storfjorden

Fleire av dei mest truverdige observasjonane er gjorde i Stordal tidleg på morgonen fredag 14. juli, altså dagen etter at drosjen starta frå Ytre Rendalen. Denne morgonen er det storbrann i Hove møbelfabrikk, ein fabrikk som ligg heilt inntil riksvegen gjennom bygda. Hovudvegen er stengt, og trafikken blir dirigert over på ein gardsveg.

Fleire melder frå at dei har sett drosjen i samband med denne brannen, og ein observasjon er særleg detaljert.

Gardbrukar Ottar Storheim, som i dag er 89 år gammal, var fast meldar for Sunnmørsposten i Stordal. Han fekk tips om brannen og rykte ut for å ta bilete for avisa. Etterpå ville han snakke med kvinna som først hadde oppdaga brannen, og han parkerte bilen sin midt på gardsvegen då han gjekk inn for å møte henne. Han tenkte ikkje over at vegen vart brukt til omkøyring.

– Det var då eg oppdaga drosjen til Stenersen første gongen. Då det seinare vart publisert bilete av mannen og bilen, var eg ikkje i tvil. Det var han som køyrde den D-registrerte drosjen som ikkje kom seg forbi bilen min. Då eg gjekk ut for å flytte bilen, såg eg at han var irritert over å måtte vente. Dette var i 8-9-tida om morgonen, seier Storheim.

Sjølv om det har gått over 45 år er han sikker i si sak. Det var Stenersen han såg, og det var fleire passasjerar i drosjen. Også fleire andre i Stordal melde frå om at dei hadde sett den etterlyste drosjen i morgontimane denne fredagen.

Brann på Hove Møbel i Stordal 14. juli 1972.

Mange har fortalt at drosjen til Stenersen vart tvungen til å stanse i Stordal på grunn av brannen i Hove Møbler fredag 14. juli 1972.

Nytt møte med drosjen

Seinare på dagen såg Storheim bilen igjen. Det var på vegen til Ålesund mellom Dyrkorn og Vaksvik, på ein stad som blir kalla Kokarsteinen. Det var ein vakker og varm sommarkveld, fortel han, og dei fleste gjekk lettkledde.

– Drosjen var parkert like ved vegen. Stenersen stod og pussa på bilen, medan dei tre passasjerane stod og snakka med ein fjerde person. Denne karen hadde sin eigen bil. Eg la ikkje merke til noko spesielt med passasjerane, korkje klesmessig eller når det gjaldt utsjånaden. Men eg la merke til at sjåføren hadde ei kvit lue på seg, nærmast ei slik som blir kalla songarlue, seier han.

Eit slikt hovudplagg er aldri funne, og det har ikkje kome fram at Stenersen verkeleg hadde ei slik lue.

Storheim meiner at det var altfor varmt til at han kunne ha hatt på seg ei vanleg sjåførlue.

Så såg han ikkje noko meir til drosjen før måndagen etter, 17. juli. Då dukka den grå Ford Taunusen opp like ved heimen hans i Øvre Stordal, fortel han.

Ottar Storheim frå Stordal i Møre og Romsdal.

Ottar Storheim peikar på staden der han nesten kolliderte med den D-registrerte drosjen.

Foto: Bent Tandstad / NRK

– Eg skulle køyre inn på hovudvegen frå gardstunet mitt. Då kom drosjen køyrande oppover dalen. Det er god plass på vegen, men det verkar på meg som om han prøver å køyre på meg med vilje. Eg måtte leggje bilen ut på marka ved sidan av for å unngå kollisjon, og eg såg at passasjeren i framsetet treiv tak i rattet for å svinge unna. I ettertid har eg tenkt at sjåføren kan ha vore i bilen mot sin vilje, og at dette kunne vere eit rop om hjelp, seier 89-åringen.

Han fortel at begge bilane hadde låg fart, slik at ein samanstøyt ikkje ville ha ført til personskade. Men begge bilane kunne ha blitt såpass skadde at dei ikkje kunne køyre vidare.

Seinare på dagen såg han drosjen igjen på Grodås i Hornindal, fortel han. Storhaug var på veg til Stryn og hadde stans på Grodås. Då køyrde drosjen forbi i retning Stryn, og det var same sjåføren.

– Vi hadde ein lang stans på Grodås, og etter rundt ein time så ser eg drosjen kome tilbake. Dei køyrde mot Sunnmøre, men i større fart enn dei hadde gjort tidlegare på dagen. Det var for langt unna til at eg kunne sjå om det var same mannen som sat bak rattet, seier Ottar Storheim.

– Eg er ikkje imponert over politiet sitt arbeid i denne saka. Det gjekk ti år før dei kontakta meg for eit vitneavhøyr. Det verka ikkje som dei var spesielt interesserte i å løyse saka, legg han til.

Storheim vart avhøyrt av politiet i 1982, men etter det høyrde han ikkje noko meir. Han laga ei teikning av dei fire som var om bord i drosjen i februar 1987. Denne teikninga er oppbevart hos politiet på Elverum.

Teikning av vitne Ottar Storheim.

Denne teikninga av personane i drosjen er laga av Ottar Storheim.

Var Stordal det eigentlege målet for drosjeturen? Og hadde passasjerane i drosjen kontaktar i den vesle sunnmørsbygda?

Personar i søkelyset

Ottar Storheim trur ikkje dei var i bygda anna enn ved gjennomkøyring, men andre vitne har sagt at dei såg drosjen stå parkert utanfor eit hus i bygda. NRK veit at politiet etterforska konkrete personar i samband med denne observasjonen, men utan å kome nokon veg.

Det skal ha vore snakk om personar med ei eller anna form for tilknyting til anleggsmiljøet.

Eit anna vitne i Stordal sa i politiavhøyr 30. juli 1972, altså rundt to veker etter at Stenersen forsvann, at han hadde sett ein lys D-registrert drosje stå parkert utanfor nabohuset. Han sa då at han trudde at ein person han hadde kjennskap til frå før, kan ha vore ein av passasjerane i drosjen.

Det er uklart om dette sporet vart etterforska vidare.

Ei kvinne på gjennomreise fortalde til politiet at ho møtte ein mann som passa til signalementet av Stenersen i sentrum av Stordal fredag 14. juli. Mannen bad om å få låne brillene hennar for å lese noko, har ho forklart.

Ein av dei som trur at Stordal var det eigentlege målet for drosjeturen frå Ytre Rendalen, er tidlegare politioverbetjent i dåverande Sunnmøre politidistrikt, Frode Asbjørnsen. Han er no pensjonist. Han etterforska saka både på 1980- og 1990-talet, og han avhøyrde også ein mann som har tilstått drapet.

Tilståinga

Denne mannen er no 62 år gammal og er dømd for bestialske drap på to kvinner, eitt på 1980-talet og eitt på 1990-talet.

– Vi veit at han ikkje kunne ha vore med drosjen frå Rendalen, fordi han den dagen vart utskriven frå fyllearresten i Ålesund. Han har forklart seg på ein måte som gjer at det ikkje var grunnlag for å ta ut tiltale mot han, seier Asbjørnsen til NRK.

Skodjebrua i Skodje i Møre og Romsdal.

Ein no 62 år gammal mann, dømd for to drap, tilstod at han tok livet av Gudmund Stenersen her ved Skodjebrua på Sunnmøre. Politiet festa ikkje lit til forklaringa.

Foto: Bent Tandstad / NRK
Det ble satt i gang nye avhør i Stenersen-saken i 1997 i forbindelse med at saken snart var foreldet.

VIDEO: Mann tilstår drap.

Mannen fortalde etterforskarane at han hadde haika med drosjen frå Åndalsnes, at han hadde teke livet av Stenersen ved Skodjebrua og deretter dumpa liket i sjøen. Han sa det var etter ein krangel om pengar, men at sjåføren berre hadde småpengar på seg.

Denne mannen sonar i dag ein sikringsdom på Ila landsfengsel.

Han forklarte at han hadde reist i drosjen saman med to såkalla «sterke menn», som reiste rundt og opptredde med styrken sin. Men det var ikkje slike arrangement i Møre og Romsdal i det aktuelle tidsrommet.

Asbjørnsen fortel at Ellingsøy utanfor Ålesund var eit heitt tips då dei etterforska saka i 1986. Mannen som har tilstått drapet var busett på øya på denne tida.

Det er fredag 14. juli på kvelden. Det er varmt, fint ver, fellesferien har nettopp starta, og mange på Ellingsøya sit ute på verandaene og terrassane sine.

– Fleire sa til oss at dei hadde sett ein ukjent drosje utanfor eit hus på øya, der det ofte var fest. Då vi gjekk ut med bilete av drosjen, var det endå fleire som hadde sett han. Men etter kvart var det stadig fleire i politiet som miste trua på dette sporet, seier Asbjørnsen.

Dåverande Kripos-etterforskar Olav Seljesæther er ein av dei. Han har lang erfaring frå saker der vitne er sikre på at dei har sett noko, og som det seinare har vist seg ikkje kan stemme. Mange av dei som var i det aktuelle vart avhøyrde, men det kom aldri fram noko som kunne knyte dei til Stenersen eller passasjerane hans.

Saksmappene i Stenersen-saka.

Saksmappene til Stenersen-saka fyller fleire hyllemeter hos politiet på Elverum.

Foto: Kjell Åge Kampestuen / NRK

Eit hus på Ellingsøy

Det tek under ein time å køyre frå Stordal til Ellingsøya, så det er ikkje motstrid mellom forklaringane til dei seier dei såg bilen i Stordal og dei som seier dei såg han på Ellingsøya. Fleire vitne hugsar at det var varmt og fint ver denne fredagen.

NRK hadde blant anna eit fjernsynsintervju med ein nabo til huset på øya der drosjen skal ha blitt sett, og han var heilt sikker på at det var drosjen til Stenersen han såg denne varme sommarkvelden i 1972. Dette var rundt 14 år etter at drosjesjåføren frå Rendalen forsvann.

Folk som kjende Gudmund Stenersen seier det ville vere utenkjeleg at han blei med passasjerane sine på fest. Dei seier også at han aldri ville ha overnatta i bilen. Det er eit fakta at ingen overnattingsstader har hatt besøk av korkje bilen eller dei som var om bord. Har dei overnatta hos kjenningar?

Har Gudmund Stenersen på eitt tidspunkt gått frå å vere drosjesjåfør til å bli ei eller anna form for gissel? Vart han trua av passasjerane sine?

Køyrde rundt på Sunnmøre?

Laurdag 15. juli blir det gjort ein truverdig observasjon av Stenersen på Baers Cafeteria på Stranda. Om dei hadde vore på Ellingsøya kvelden før, kva hadde dei då å gjere på Stranda neste dag? Og så i Stordal igjen måndagen etter?

Denne laurdagen vart drosjen observert også i Sjøholt i Ørskog kommune, som ligg på strekninga mellom Ålesund og Åndalsnes. Drosjen skal ha vore sett også i Sykkylven. Er desse observasjonane korrekte, tyder det på at Taunusen frå Rendalen køyrde mykje rundt på Sunnmøre.

Var dei på leiting etter personar dei kjende frå før?

Olav Seljesæther fortel at fleire miljø vart etterforska i samband med saka. Eitt spor var at det kunne ha vore personar som hadde arbeid om bord på ein fabrikktrålar, som hadde hamna i Rendalen etter ein heisatur til Oslo.

Eit anna spor peika i retning på at passasjerane i drosjen kunne ha vore anleggsarbeidarar eller personar med kjenningar i bransjen. Det var bygging av ei stor kraftline i Rendalen i 1972, og det var mange som arbeidde på anlegget.

Mange i politiet såg på dette sporet som det viktigaste.

Eit ektepar på Ellingsøy er sikre på at det var drosjen til Gudmund Stenersen dei såg.

VIDEO: Sjå innslaget frå Dagsrevyen i 1997.

Vengedalen i Isfjorden

I Vengedalen i Isfjorden utanfor Åndalsnes var det også eit anlegg, som gjekk mot slutten på denne tida. Fleire av dei som jobba på dette anlegget skal ha byrja å jobbe på anlegget i Rendalen.

– Vi fekk aldri tilgang til eit kartotek over dei som jobba på anlegga, så det er mange vi ikkje snakka med. Det var gjort forsøk både på 70 og 80-talet, men vi fekk aldri full oversikt over miljøet, seier Seljesæther.

Over 1000 personar har kome med tips eller blitt avhøyrde i denne saka, så det ligg føre svært mykje informasjon.

– Det var konkrete personar i søkelyset, men det rann ut i sanden. I alle slike saker der det er så enormt mykje informasjon, kan 90 prosent av politiarbeidet gå ut på å kvitte seg med det som ikkje skal vere med vidare. Då hender det at viktige opplysningar har hamna i denne kategorien, seier han.

Seljesæther trur at dette kan vere ei årsak til at det aldri har vore mogleg å identifisere passasjerane i drosjen. Han meiner det er svært lite truleg at Stenersen forsvann frivillig.

– Då skulle det i alle fall ikkje vere nokon grunn for passasjerane å ikkje melde seg. Nei, det har nok skjedd noko som ikkje burde ha skjedd, seier den erfarne politimannen.

Han meiner det ikkje er tilfeldig at bilen vart funnen igjen i sentrum av Åndalsnes, like ved jernbanestasjonen. Passasjerane kan ha reist tilbake til Austlandet med tog, trur han.

Fleire personar melde frå at dei hadde sett drosjen i Åndalsnes-området. Vitne melde frå om at bilen hadde stått utanfor eit hus i Isfjorden, og det var også observasjonar av at han hadde køyrt oppover mot anleggsområdet i Vengedalen.

NRK veit at konkrete personar var i søkelyset etter desse observasjonane, men politiet greidde aldri å knyte dei til saka.

Graving i sandtak

Eit vitne fortalde til politiet at dei hadde køyrt over Trollstigen nattetid, då dei såg to unge menn som såg ut som dei grov ned noko i eit sandtak. Politiet undersøkte denne staden seinare, men fann ikkje noko.

Det var også fleire innbrot i Åndalsnes-området i den aktuelle tidsperioden, og ingen av desse vart oppklarte.

Ved å ta ferje frå Stranda kunne ein lett kome seg til Valldal i Norddal kommune. Frå Valldal går vegen vidare gjennom dalen til Trollstigen, den kjende turistvegen til Åndalsnes.

I perioden frå 14. juli og ei god veke framover er det gjort mange observasjonar av det som kan vere drosjen til Gudmund Stenersen.

Det som går igjen i mange av vitnemåla er at ein av passasjerane skal ha hatt ein breibremma hatt på seg, og at to av dei har ei såkalla Davy Crockett semska skinnjakke med frynser på seg, eit plagg som var populært blant unge menneske på den tida. Det kan også vere snakk om ei slik jakke i kunstskinn.

Det blei også sagt at passasjerane var brune i huda, noko som tyda på at dei kunne ha opphalde seg mykje i sola. Dette vart teke til inntekt for at dei kunne vere anleggsarbeidarar. Alderen på passasjerane blir av dei ulike vitna sagt å vere mellom 20 og 30 år.

Vitne sa også at minst ein eller to av passasjerane i drosjen snakka austlandsdialekt.

Den siste etterforskingsinnsatsen vart sett inn i 1997, før saka ville bli strafferettsleg forelda. Eit siste forsøk vart gjort, men politiet kom heller ikkje denne gongen nærmare ei løysing. DNA-teknologien var nettopp teken i bruk, og det vart knytt håp til at ein kunne finne DNA-materiale på sigarettsneipane som vart funne i oskebegeret i drosjen.

Heller ikkje nye undersøkingar av fingeravtrykka som vart funne i bilen gav noko resultat.

Stenersen-saka.
Foto: Illustrasjon: Marius Vibe

Truande telefonar

Mange av vitna frå 1972 er borte i dag, sjansen blir stadig mindre for at det kan finnast ei løysing på mysteriet. Det er likevel godt mogleg at det er nokon som veit kva som skjedde. Etter radiodokumentaren han laga i 1986 saman med kollegaen Øyvind Bæk, fekk Kjell Åge Kampestuen i NRK Hedmark, også medforfattar av denne artikkelen, fleire telefonar han oppfatta som truande.

– Det var særleg eit par telefonar som var ekle, der vedkomande sa at han visste kva som hadde skjedd, og at v hadde vore på villspor i radiodokumentaren. Eg opplevde dialekten på vedkomande som at han kunne vere frå Møre og Romsdal, seier han.

Ei av årsakene til at det var mange forvirrande observasjonar i 1972 kan vere at det var fleire bilar i distriktet desse dagane som likna på drosjen til Stenersen. Blant anna ein drosje frå Stor-Elvdal, også det i Østerdalen. Denne var også D-registrert, og dei tre første siffera i nummeret var identiske med registreringsnummeret til Taunusen til Stenersen.

Ein drosje frå Eidskog, også den D-registrert, var i området, pluss ein E-registrert drosje frå Oppland. Det vart også registrert ein annan bil som likna på Taunusen. Det var midten av juli og fellesferie, slik at det var stor trafikk og mange ukjende bilar på vegane.

Dette har truleg gjort at det har vore mange feilobservasjonar.

I 1986 vart det laga ein radiodokumentar om Stenersen-saka

VIDEO: Frå Dagsrevyen i 1986.

Bitane som manglar

Vi får kanskje aldri vite kva som skjedde med Gudmund Stenersen og kven passasjerane hans var. Det har vore mange teoriar, men dei manglande bitane i puslespelet har aldri falle på plass.

Den sterkaste teorien er at ein eller fleire av passasjerane i drosjen kan ha teke livet av han. Dette har vore hovudsporet til politiet heilt sidan 1972.

Ein kan heller ikkje sjå bort frå at 62-åringen som har tilstått drapet, snakka sant. Politiet meiner det er lite sannsynleg, men ser ikkje bort frå at han kan hatt kjennskap til den eller dei som har gjort det.

Ein teori er at han forsvann frivillig. Det gjekk rykte om både ei reise til Brasil og om eit russisk cruiseskip som skal ha vore i Åndalsnes på tida då drosjen hans var der. Politiet har aldri funne haldepunkt for denne teorien.

Ein annan teori er at Stenersen har vore utsett for ei ulukke etter at han sette av passasjerane. Politiet meiner dette er lite sannsynleg. Då ville dei som var passasjerar i drosjen ikkje ha nokon grunn til å ikkje å melde seg.

Det har også vore lansert ein teori om at Gudmund Stenersen vart teken av dage alt før drosjen reiste frå Rendalen. Eit vitne fortalde at bilen hans stod parkert oppe i nærleiken av anleggsområdet der i ein og ein halv time på ettermiddagen torsdag 13. juli.

Det har snart gått 46 år sidan desse julidagane i 1972. Håpet om at saka skal bli løyst blir mindre og mindre, men det er all grunn til å tru at nokon der ute veit kva som skjedde.

Det kan enno skje at nokon har behov for å lette hjartet sitt og fortelje det dei veit.