Hopp til innhold

Waras sambuar om at dei ikkje ville ha kameraovervaking: Det er kameraer over alt!

Ifølgje Filter Nyheter ville ikkje Waras familie ha kamera­overvaking etter truslar. Statsrådens sambuar avviser dette.

Justisministeren har mottatt en rekke trusler og opplevd ubehagelige hendelser ved hjemmet sitt i Oslo

Justisministeren har motteke ei rekke truslar og opplevd ubehagelege hendingar ved heimen sin i Oslo

Natt til søndag blei justisminister Tor Mikkel Wara for femte gang på tre månader utsett for ei alvorleg trusselhending.

Ukjente gjerningspersonar tente på ein bil som stod i oppkøyrselen til familien. Brannvesenet kom raskt til staden og fekk sløkt brannen. Politiet veit førebels ikkje kven som står bak påtenninga.

Fekk nei frå familien

Bilde frå statsrådens hus søndag viser skilt som opplyser om at det er eit kameraovervaka område ved det private tryggingsselskapet Stanley Security.

Kamera hos justisministeren

Bustaden til justisminister Tor Mikkel Wara er no kameraovervaka etter fleire truande hendingar. Natt til søndag blei ein bil som tilhøyrer familien påtent i oppkøyrselen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Ifølgje nettavisa Filter Nyheter har det ikkje vore slik lenge.

Etter fleire trusselhendingar i vinter, skal politiet og Politiets tryggingsteneste (PST) ha sett på kameraovervaking døgnet rundt som det mest opplagde tiltaket for å gjere ei god etterforsking.

Det skal derimot familien til justisministeren ha sagt eit overraskande nei til. Dei skal også ha vore negative til andre tiltak og førespurnadar frå politiet.

Frustrasjon i politiet

Dette skal ha ført til frustrasjon internt i Oslo politidistrikt og PST, samstundes som nettopp politiet fekk kritikk frå det offentlege for mangel på kameraovervaking av området.

Søndag var det også fleire politikarar som reagerte på at dette kunne skje nok ein gang ved statsrådens bustad.

Verken PST eller justisministeren ønskjer å kommentere saka over for Filter Nyheter.

Sikkerheita ved bustaden skal ha blitt skjerpa den siste tida, skriv nettavisa.

Sambuar avviser

Waras sambuar, Laila Anita Bertheussen, avviser i eit offentleg Facebook-innlegg at familien har takka nei til overvaking:

«Den «beste» kommer dog fra Filternyheter.no 10.03.2019: «Waras familie sa nei til kameraovervåkning etter trusler – politiets etterforskning ble vanskeligere....ifølge Filter Nyheters kilder» Dette er jo helt galskap. Er dette «gode, men ubekreftede rykter»?😳 Hvor tar han det fra?

Hvis mitt hjem blir mere overvåket nå tør jeg knapt og gå på do. Det er kameraer over alt!

Alle disse konspirasjonsteoriene og løgnene er en stor ekstra belastning i tillegg til all terroren vi utsettes for.»

Ho skriv at ho var heime åleine då bilen blei påtent natt til søndag, og at ho blei varsla om det av politiet.

Filter svarar

Redaktør Harald Klungtveit i Filter Nyheter kommenterer overfor VG at dei kontakta Bertheussen for ein kommentar før dei la ut saka si, men ikkje fekk svar.

– Når det kjem til fakta, er det ikkje noka motsetning i det ho nemner – at det i dag er kameraovervaking ved bustaden – og vår artikkel, som fokuserer på situasjonen tidlegare i etterforskninga, skriv Klungtveit, som er kjent med Facebook-innlegget hennar.

AKTUELT NÅ