Hopp til innhold

Vil ha nytt ord for Utøya-overlevande

Helsedirektoratet skal prøve å finne andre formuleringar når dei i framtida skal omtale dei overlevande frå Utøya.

Utøya, ofre, pårørende tilbake

Overlevande på besøk på Utøya.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Fylkeslegen i Sør-Trøndelag har bede Helsedirektoratet å sjå nærare på bruken av ordet «overlevande» for dei som opplevde terrorangrepet på Utøya, skriv Adresseavisen.

I januar sendte Fylkeslegen eit brev til direktoratet for å be om revurdering av bruken av omgrepet overlevande.

No vil helsedirektoratet leite etter eit nytt ord å bruke.

LES: – Ikke bruk begrepet «Utøya-overlevende»
LES: – Søsken av Utøya-rammede er forsømte

– Stigmatiserande

– Det kan nemleg vere stigmatiserande for dei overlevande å bli omtalt som berre dette, argumenterte Fylkeslegen.

– Vi vil på bakgrunn av Fylkeslegen sitt framlegg gå gjennom kva slags omgrep vi skal bruke i denne saka, og prøve å finne ei meir nøytral nemning på dei som overlevde angrepa på Utøya, skriv rådgjevar Inga Fjelltveit Skagseth i Helsedirektoratet i ei tilbakemelding til Fylkeslegen i Sør-Trøndelag.

– Dette vil vi gjere i samarbeid med relevante fagmiljø, seier ho.

LES: AUF inviterer til åpen uke på Utøya

Vil finne nøytralt ord

Assisterande fylkeslege Harry P.A. van de Water er nøgd med at direktoratet vil prøve å finne eit meir nøytralt ord.

–Det er godt å høyre at også direktoratet ser at ordvalet er viktig, særleg i denne samanhengen seier han.

Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging (RVTS) i Midt-Norge og Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress meiner omgrepet overlevande gir feil fokus.

LES: – Flere kommuner har ikke gjort noen ting for 22. juli-ofrene

AKTUELT NÅ