– Fargane på endereolen her endrar seg kvar sesong. Akkurat no går det i raudt, seier dagleg leiar Kjersti Vasli.
Rommet fløymer over av sorterte og opphengde bruktklede. Vaffellukta brer seg i lokalet.
– No trur eg me får besøk, seier Vasli og banar veg forbi hyller med bøker og sko.
Inn døra kjem næringsminister Jan Christian Vestre (Ap). Han har med ei gåve til Norges Frivilligsentraler, og deira kring 90 bruktbutikkar.
På frivilligsentralen kan ein òg kjøpe ting til heimen.
Foto: Knut Are Tornås / NRKBakgrunnen er eit omfattande regelverk for sal av brukte ting.
Alle har fram til no måtte spurd politiet om løyve til å drive butikk. Alle varer skal førast i protokoll når dei kjem inn, og når dei blir selde. Fyrst skal dei etter lova ha vore i fjorten dagar salskarantene for å hindre at tjuvegods blir seld vidare.
– Det er ikkje noko problem i slike butikkar. Difor har departementet konkludert med at butikkar som driv på frivillig basis ikkje må ta omsyn til regelverket, seier Vestre.
Kjersti Vasli har drive frivillighetssentralen sidan oppstarten for nær 20 år sidan.
Foto: Knut Are Tornås / NRKStyremedlem Arvid Askø i Norges Frivillighetssentraler meiner avklaringa er på sin plass.
– Frivilligheita har ikkje passa inn i regelverket. Her er det ikkje omsetnad av betydning, og heller ikkje heleri, påpeikar han.
Det er rundt 490 frivilligsentralar i Noreg. – No blir det lettare for fleire å starte butikkar, seier Arvid Askø.
Foto: Knut Are Tornås / NRKVil skrote heile lova
Med seg til frivilligsentralen hadde statsråden òg ei gåve til dei som driv kommersiell bruktbutikk. Han meiner regelverket i sin heilskap er utdatert.
– Vi vil skrote heile lova. Ho blei laga før nokon tenkte på sirkulær økonomi eller Finn.no. I løpet av neste år kjem det eit nytt og oppdatert regelverk, seier næringsministeren.
Kjøp og sal av brukte klede er populært som aldri før. Framtiden i våre hender-leiar Anja Bakken Riise er ein av dei som tidlegare har omtala brukthandellova som eitt av hindera for ein sirkulær økonomi:
– For veldig mange små og ideelle aktørar står den veldig utdaterte brukthandellova i vegen, sa ho i oktober.
Næringsministeren lovar eit nytt regelverk på plass i løpet av neste år. For frivillige butikkar gjeld den nye tolkinga allereie no.
Vestre fann favorittboka si i bruktbutikken sitt vell av bøker. Han enda med å kjøpe boka – på lovleg vis.
Foto: Knut Are Tornås / NRKPolitiet vil behalde kontroll
Allereie i mars 2019 blei eit framlegg om å oppheve lova sendt på høyring. Den vidare prosessen blei då sett på vent grunna koronapandemien.
Ein av dei kritiske røystene var politiet, som meinte at lova var viktig for å hindre kriminalitet. Protokollføring og oppbevaringsplikt bidrar til å halde oversikt over eventuelle kriminelle aktørar.
– Vi ynskjer å hindre ulovleg omsetnad. Samstundes ser vi at det kan vere behov for modernisering, seier Liv Aaberg Corneliussen i Politidirektoratet.
Foto: Knut Are Tornås / NRKBodskapen er den same i dag.
– Å sørge for at ein ikkje bidrar til omsetnad av stolne gjenstandar er eit viktig førebyggjande føremål for politiet. Det håpar vi å framleis kunne gjere, sjølv om regelverket blir endra, seier seksjonsleiar i Politidirektoratet Liv Aaberg Corneliussen.
– Vi skal inn i sirkulæralderen, ikkje tilbake til steinalderen, seier Vestre om det nye regelverket for brukthandel.
Foto: Knut Are Tornås / NRK– Det er nok stolen kunst og bilar dei er opptekne av. Vi skal lytte til innspela, men dagens lov er ikkje noko å flikke på, seier Vestre.