Hopp til innhold

Meiner norsk politi forskjellsbehandlar bruktbutikkar

Bruktbutikken i Hustadvika får lov å selja varene sine straks. I Bergen krev politiet at varene må stå to veker på lager i «karantene». – Me finn oss ikkje i det.

Hanne Wollan (t.v.) og Andrea Nordvik i bruktbutikken Loppeliten i Bergen.

PROTESTERER: Hanne Wollan (t.v.) og Andrea Nordvik i bruktbutikken Loppeliten i Bergen har vore nøydde til å gøyma varer bak plast i ein to vekers karanteneperiode.

Foto: NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I bruktbutikken Loppeliten i Bergen har dagleg leiar Hanne Wollan den siste tida dekt til butikkhyllene med plast, fordi dei må venta i to veker med å selja dei.

Det er brukthandellova som seier dette, og Vest politidistrikt gir ikkje butikken fritak frå denne regelen.

Samtidig – ein annan stad i landet – går butikken Kirppis utanfor Molde så det susar. Dei treng ikkje å ha varene sine på lager.

Det har Møre og Romsdal politidistrikt avgjort.

– Forskjellsbehandling

I begge butikkane er konseptet at kundar leiger ei butikkhylle der dei stiller ut brukte klede. Butikken tek seg av salet, mot ein prosentdel av fortenesta. Når hylla blir tom, kan kunden fylla på.

– Å få dispensasjon har vore heilt uproblematisk for Kirppis, seier Marte Drejer Haldorsen. Ho peikar på at fritaket er heilt avgjerande for at dei skal kunna driva.

Marte Drejer Haldorsen i bruktbutikken Kirppis i Molde

FEKK FRITAK: Marte Drejer Haldorsen i bruktbutikken Kirppis utenfor Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

Men i Bergen har politiet bestemt at bruktvarene må i to vekers «karantene».

Føremålet med brukthandellova er å førebyggja omsetjing av ting som er stolne eller ulovleg mottekne. Det skal gjera det lettare for politiet å spora opp slike gjenstandar.

Regelen er at varer skal lagrast i to veker før dei kan seljast vidare. Samtidig kan politiet gjera unntak frå denne regelen.

Styreleiar Andrea Nordvik i Loppeliten i Bergen protesterer mot den ulike praksisen i politiet.

– Me har funne ti butikkar som har identisk konsept som oss som får lov til å driva. Me finn oss ikkje i denne forskjellsbehandlinga.

– Går konkurs utan dispensasjon

For dei ferske butikkeigarane i Bergen har den siste tida vore ei berg-og-dal-bane.

Dei fekk ei strålande opning og selde varer for over 500.000 kroner den første månaden.

Så banka politiet på døra og sa at dei måtte stenga, fordi dei ikkje lagra varene i 14 dagar.

Etter to dagar opna dei opp att 22. august, men no med eit nytt, mellombels lagersystem.

– Om me ikkje får dispensasjonen, så går me konkurs. Me veit ikkje korleis me skal løysa dette i praksis i lengda, seier Nordvik.

Mangel på lagerplass og kundeflukt er to av dei største utfordringane.

Mange hyller er no tomme, fordi kundar har blitt usikre og kansellert leiga si.

På toppen av hyllene står store posar med varer som er i lagerkarantene.

Andrea Nordvik i bruktbutikken Loppeliten i Bergen.

– Eg håpar politikarane tek tak i brukthandellova raskt, seier Andrea Nordvik.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Må venta på svar

Loppeliten har klaga på avslaget til Vest politidistrikt, og klagen ligg no hjå politidirektoratet.

Firmaet har òg søkt om delvis dispensasjon om at berre varer til over 500 kroner må lagrast. Dei fleste varene deira kostar mellom 60 og 80 kroner.

– Det er ingen som vil stela 200 bodyar heime hjå nokon, levera dei i butikken til oss og registrera seg med namn og kontonummer, seier Nordvik.

Kristi Fürstenberg i Vest politidistrikt kommenterer saka slik:

– Det er vanskeleg for meg å svara på andre saksbehandlarar si vurdering. Me har vurdert lova, forarbeida og retningslinjene frå Politidirektoratet, slik me alltid gjer.

Krev lovendring

Loppeliten vil ikkje berre ha dispensasjon. Dei vil òg ha ei endring i sjølve lova.

– Det skal jo vera så grønt og berekraftig alt saman i Noreg, men så skal det vera vanskeleg å driva brukthandel, seier Wollan.

– No må det skje noko med heile brukthandellova, meiner Nordvik.

Ho meiner det må bli lettare for gründerar å starta opp liknande konsept, utan at dei må «jobba seg gjennom tolkingar av ei lov som ikkje er tolka likt i heile landet».

Fleire politikarar har vore innom butikken.

– Det hastar å finna ei løysing, seier stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp).

Ho har stilt eit skriftleg spørsmål i Stortinget, der ho etterlyser ei meir tidsriktig lov og meir lik behandling av brukthandel.

Også Sveinung Rotevatn i Venstre meiner brukthandellova må justerast.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) svarte i går at brukthandellova ikkje er tilpassa dagens samfunn. Han skriv at han arbeider med eit forslag som skal fremja sirkulær økonomi, altså gjenbruk.

Marte Drejer Haldorsen i bruktbutikken Kirppis i Molde

Uvissa rundt politiets lovforståing bremsar ekspansjonsplanen til Kirppis .

Foto: Roar Strøm / NRK

Skaper uro

I Hustadvika utanfor Molde har butikken Kirppis gått godt sidan 2020. Dei har ambisjonar om å starta fleire butikkar, men ulik handsaming gjer dei uroa.

– Når me ikkje er trygge å få dispensasjon i andre politidistrikt, set det ein stoppar for butikkane me er i ferd med å etablera andre plassar. Me har full sympati med Loppeliten, seier Haldorsen.

I går fekk bruktbutikken Loppeliten i Bergen avslag frå Vest politidistrikt på søknaden om permanent fritak frå «karantene» for varer under 500 kroner.

Men samstundes fekk dei melding frå politiet om at kravet om 14 dagars lagring blir mellombels oppheva medan politidirektoratet behandlar klagen.

– Dermed kan me førebels fjerna plasten, men me er ikkje nøgde før me får fast dispensasjon, og før kravet i lova blir fjerna, seier Nordvik.