Hopp til innhold

Eva må vege kvart plagg om ho skal følge lova

I 2019 vurderte regjeringa å skrote brukhandellova. No er dei ikkje like sikre lenger. Neste veke kjem saka opp på Stortinget.

Eva Sessford, Upscale

BRUN JAKKE, STORLEIK 48: Brukthandelforskrifta seier at Eva Sessford må registrere alle klesplagg ho får inn i gjenbruksbutikken sin.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Du må registrere kva som har kome inn. Vekt, storleik og farge på kvart plagg. Det tek mykje tid. Eg får inn tusenar av plagg, seier Eva Sessford.

Sidan hausten 2019 har ho drive gjenbruksbutikk i Gloppen og teke imot tonnevis med klede.

Ho sette seg inn i gjeldande lover og reglar, men at brukthandelforskrifta eksisterte oppdaga ho først nyleg.

Forskrifta til lova stiller krav om omfattande protokollføring.

– Eg vil ikkje få tid til å gjere andre ting, som å planlegge og halde kurs og foredrag eller lage redesign for sal, seier ho.

Enn så lenge tek ho difor berre imot klede frå faste kundar.

Upscale, Sandane

TUSENAR AV PLAGG: Eva Sessford seier ho har tusenar av plagg og gjenstandar i butikken sin. Å skulle registrere alt ho får til vil ta altfor mykje tid, seier ho.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Foreslår å endre reglane

Denne veka fremja Miljøpartiet Dei Grøne forslag i Stortinget om å endre regelverket. Forslaget skal stemmast over tysdag neste veke.

– Systemet gjer det vanskeleg å drive bruktbutikk. Det er veldig komplisert og ein del reglar er unødvendige, seier Arild Hermstad, fungerande leiar i Miljøpartiet Dei Grøne.

Forskrifta seier også at butikkane ikkje kan ta imot gjenstandar frå personar under 18 år, og at alle gjenstandar må oppbevarast i 14 dagar før dei kan endrast på eller seljast.

Føremålet med regelverket er å motverke heleri.

– Vi meiner vi må ta vekk registreringsplikta på varer som ikkje har særleg stor salsverdi. Det er ikkje der den store helar-verksemda skjer, seier Hermstad.

Meiner regelverket er utdatert

– Regelverket er utdatert og til hinder for ein meir sirkulær økonomi med meir gjenbruk, seier leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise.

Ho meiner intensjonen er god, men at krava om registrering og lagring av kvardagsvarer verkar mot hensikta.

– Det kan gi meining å stille den type krav for dyrare varer som smykke, mobiltelefonar eller dyrare sportsutstyr, men her meiner vi at vi må sjå på justeringar, seier ho.

Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender.

UTDATERT: Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender meiner brukthandelforskrifta er til hinder for sirkulær økonomi.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Foreslo å oppheve lova i 2019

Det er Nærings- og fiskeridepartementet som har ansvar for brukthandellova og brukthandelforskrifta.

I 2019 sende departementet ut eit høyringsforslag om å oppheve lova.

– Brukthandellova gjør det vanskelegare å drive med gjenbruk og resirkulering, og vi vurderer derfor å fjerne heile lova, sa Torbjørn Røe Isaksen, som den gong var næringsminister.

Prosessen stoppa opp då departementet måtte prioritere arbeidet med kompensasjons- og støtteordningar som følge av koronapandemien.

– Dette er framleis tilfelle. Det vil seie at vi dessverre ikkje forventar å kunne legge fram endringar i nærmaste framtid, seier dagens næringsminister, Iselin Nybø (V).

Statsråden viser til at fleire i høyringsrunden var positive til forslaget, mens andre hadde vektige argument mot.

– Tilbakeskritt i arbeidet mot svart økonomi

– Det vil vere et stort tilbakeskritt i arbeidet mot svart økonomi og for et seriøst arbeidsliv dersom brukthandellova avviklast, uttalte Noregs bilbransjeforbund.

Det er derfor ikkje openbert at lova bør opphevast, meiner Nybø.

– Høyringsinnspela peiker blant anna på utfordringar for område som bruktbilar og kunstgjenstandar. Dersom regelverket skal behaldast, er det behov for å foreslå forenklingar.

I Granavolden-plattforma heiter det at regjeringa vil «fortsette å redusere næringslivets kostnader ved å forenkle rapportering, lover og regler.»

Tek for mykje tid

Då Sessford vart klar over at ho ikkje følgde reglane i brukthandelforskrifta, stengde ho butikken. Ho har no fått løyve til å opne att og har søkt om dispensasjon frå protokollføringa.

– Kva viss du ikkje får dispensasjon?

– Då må eg tenkje over korleis eg skal drive butikken. Den største inntekta er sal av klede. Viss eg ikkje har tid til å henge ut klede og vere oppdatert, må eg sjå korleis eg kan stå på dei andre beina butikken har.