Hopp til innhold

Vil beskytte mannlege deltakarar: Avlyser populær haustfestival i Russland

Lørdag skulle eigentleg mange tusen menneske samle seg på Museet i Moskva. Eit militært mobiliseringspunkt ved inngangen gjer at arrangørane avlyser.

Kommende russiske soldater sier farvel til familie utenfor en mobiliseringpost i Moskva søndag.

Menn som har blitt innkalla til den russiske hæren tek fredag farvel med venner og slektningar utanfor eit mobiliseringspost i Moskva.

Foto: MOSCOW NEWS AGENCY / Reuters

– Kjære venner. Eg har dårlege nyheiter, men tanken på at ting kan bli endå verre gjer at eg er litt meir komfortabel med å melde ifrå, seier sjefredaktør for Veter-magasinet, Vera Pochueva på Instagram.

Vi har fått ein beskjed frå Museet i Moskva om at nabobygget og gardsplassen utanfor museet, der vårt bygg og våre aktivitetar held til, skal bli plasseringa til eit militært mobiliseringspunkt frå i morgon av.

Ho seier at opprettinga av denne posten starta heilt samtidig som festivalførebuingane.

Planen var å samle fleire titusen menneske til ein stormarknad med 170 merkevarer som deltakarar, mange av dei russiske.

Magasinredaksjonen i Veter avlyser arrangementet på Instagram.

Magasinredaksjonen i Veter avlyser arrangementet på Instagram.

Sist festivalen blei arrangert, som er før pandemien, trekte den til seg 35.000 russarar med interesse for lokale merkevarer og ein klimabevisst livsstil. Denne gongen var det booka eit tatoveringsstudio og ein skaterampe.

– På grunn av denne beskjeden og utan moglegheiter til å endre på noko, bestemte vi oss for å ikkje skjule denne informasjonen, og risikere tryggleiken til ikkje berre festivaldeltakarane, men også tusenvis av menneske i vårt publikum.

– Med tårer i auga og knuste hjarte, er heile teamet i Veter med dykk. 💔 Klem.

Kom brått på

Redaktør Vera har fleire enn 80.000 følgarar på sin Instagram-konto, som ho oppdaterer på russisk. Magasinet har 150.000.

Instagram som plattform er blokkert for bruk i Russland, men folk i landet brukar det framleis gjennom bruk av VPN.

Ei russisk kvinne NRK har snakka med, som bur i utlandet, skildrar Veter-magasinet som «populært blant folk i 20- og 30-åra», og seier avgjerda til redaksjonen kom brått på.

– Folk er veldig opprørte, seier ho.

– Eg trur at mange i Veter-publikummet er folk som reiser utanlands og har opne sinn. Definitivt ikkje slike som ser på zombie-TV.

Vera Pochueva er sjefsredaktør for magasinet Veter.

Vera Pochueva er sjefredaktør for magasinet Veter.

Med det siste meiner ho propagandaen som dei russiske styresmaktene produserer dagleg for det russiske folket.

Sjølv om mobiliseringspostar dukkar opp i Moskva, får ho inntrykk av at mange fleire menn blir mobiliserte frå provinsane enn frå dei store byane.

– Denne galskapen får fram forskjellane i det russiske samfunnet.

– Det same gjeld etniske minoritetar. Presidenten snakkar berre om dei når han treng noko. Det er svært urovekkande.

«Uforholdsmessig rekruttering av minoritetar»

Den uavhengige tankesmia Institute for the study of war seier russiske styresmakter no bryt løftet sitt om å berre rekruttere personar med militær erfaring.

Tankesmia skriv også at det er sannsynleg at Kreml vil mobilisere ei uforholdsmessig mengde menneske frå etnisk ikkje-russiske og innvandrarmiljø.

Eit medlem av Kreml sitt russiske menneskerettsråd, Kirill Kabanov, føreslo obligatorisk militærteneste for sentralasiatiske innvandrarar som har mottatt russisk statsborgarskap i løpet av de siste ti åra.

Han trua med å konfiskere det russiske statsborgarskapet deira dersom dei ikkje mobiliserer.

Demonstrerer i Russland: – Eg vil ikkje døy for Putin!

Vidare skriv tankesmia at ein Armensk Telegram-kanal publiserte ein mobiliseringsliste frå Tuapse ved nordaustkysten av Svartehavet.

Denne seier dei består av 90 prosent etnisk armenske innbyggarar, trass i at det armenske samfunnet i byen berre gjer ut 8,5 % av innbyggartalet.

I kontrast gjeld ikkje innkallinga alle som jobbar i IT-bedrifter, finanssektoren eller «strategisk viktige» medieorganisasjonar, melde styresmaktene fredag.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger