Hopp til innhold

Viken-opprøret spreier seg til andre storfylke

Nye fleirtal i Viken og Troms og Finnmark gjer at dei to nye storfylka ønskjer å skilje seg ved fødselen. No har utviklinga gjort at skilsmissestemninga har spreidd seg også til det nye storfylket Vestland.

Anders Ryssdal, Sigurd Reksnes, Jenny Følling.

REGIONOPPRØRAR: Leiar i Sogn og Fjordane Senterparti Sigurd Reksnes (midten) står klar til å velte samanslåinga av heimfylket og Hordaland, men må ha med seg fleire parti.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– No raknar jo heile regionreforma, og det forandrar alt for vår del, seier leiar i Sogn og Fjordane Senterparti Sigurd Reksnes.

– Det som skjer i Viken er dramatisk, og må få konsekvensar også i Vestland seier Åsmund Berthelsen i Vestland SV.

Denne veka vart det klart at fleirtalet i det nye Viken fylkesting ønskjer å søkje Stortinget om ei skilsmisse, og gå tilbake til dei gamle fylka Buskerud, Akershus og Østfold.

I dag er det ikkje eit fleirtal på Stortinget for å innfri ein slik søknad, men Arbeidarpartiet har no varsla at dersom det blir raudgrønt fleirtal etter valet om to år, så vil dei støtte skilsmisseprosessen.

– Viken må få konsekvensar for oss

Nett den same utviklinga skjer også i storfylket Troms og Finnmark, der Senterpartiet sin store framgang gjer at samanslåingsmotstandarane no er i fleirtal.

Fylkestinget i Troms og Finnmark

Slik fordeles de 57 plassene i fylkes­tinget mellom partiene:

Grafikk som illustrerer kommunestyrets sammensetning med prikker. Hver prikk representerer en mandat.

Dette gjer at fleire politiske parti i Vestland fylke no får kalde føter.

Senterpartiet var først motstandarar av samanslåinga, men til slutt var dei med å sikre fleirtal for samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland, men dei vedtok også eit viktig atterhald.

Dei ville berre støtte samanslåing dersom det faktisk vart ei regionreform, og ein enda opp med rundt ti fylke her i landet.

– Dersom Troms og Finnmark og Viken ikkje blir noko av, så skjer jo ikkje det. Då er ikkje det vilkåret innfridd, og då må det få konsekvensar for oss, seier Reksnes i Sogn og Fjordane Senterparti.

Men Senterpartiet og SV har ikkje fleirtal i det nye Vestland fylkesting.

Skal dei få med seg det nye storfylket på ein skilsmissesøknad, må dei ha med seg fleire. Dei partia som utgjer fleirtal i dag er Senterpartiet, MDG, Venstre, SV, KrF og Arbeidarpartiet.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating 27.oktober 2017

I FULL GANG: Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating i oktober 2017. No er dei i full gang med samanslåinga til Vestland.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Arbeidarpartiet i Vestland har ikkje drøfta saka

Arbeidarpartiet i Vestland seier til NRK at denne saka ikkje har vore drøfta, og dei eventuelt må ta stilling til det om nokon løfter opp saka i Vestland fylkesting.

Det kan Sigurd Reksnes og Senterpartiet garantere at dei no kjem til å gjere.

Så er spørsmålet om Arbeidarpartiet på Stortinget kjem til å gje si støtte også til ein skilsmissesøknad frå Vestland.

– Vi vil lytte til våre lokale politikarar, men så langt eg har registrert ser det ut til at samanslåinga i Vestland har vore meir harmonisk enn i Viken, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum kan derimot garantere at dei vil støtte ei eventuell skilsmissesøknad frå Vestland i Stortinget.

– Å løyse opp fylka Viken og Troms og Finnmark vil vere ein av våre viktigaste valkampsaker i valet om to år, og dersom også Vestland ønskjer å seie nei til regjeringa si regionreform, så vil vi sjølvsagt støtte det, seier Vedum.

Trygve Slagsvold Vedum, Sigurd Reksnes

GARANTIST: Leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum garanterer at dei vil støtte ei eventuell skilsmissesøknad frå Vestland i Stortinget.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Samanslåing i full gang

Samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland er allereie i full gang, og politikarane som skal styre i det nye fylkestinget dei neste fire åra er allereie valde.

Åsmund Berthelsen i Vestland SV tykkjer likevel ikkje at ein har kome så langt i prosessen at det er for seint å snu.

– Nei, eg meiner ikkje vi har gjort noko som gjer det umogleg å snu. Det er klart det blir ein litt tung prosess å reversere denne samanslåinga, men det blir det også i Viken og i Troms og Finnmark.

Professor i statsvitskap ved NTNU Anders Todal Jensen seier at det ikkje er første gong i norsk politisk historie at ein eventuelt reverserer samanslåingar.

– Også i førre runde med kommunesamanslåingar, på seksti- og syttitalet, gjekk ein tilbake på nokre av dei samanslåingane som vart vedteke. Så det er ikkje heilt utan presedens dersom ein snur i regionreforma, seier Jensen.

Reksnes i Senterpartiet håpar det skjer, og meiner at det vil vere best for innbyggjarane i det gamle fylket Sogn og Fjordane.

– Sogn og Fjordane er eit veldig velfungerande fylke, og vi ser jo det at ved å slå oss saman med Hordaland så gjer kjøtvekta at mykje av makta hamnar i Bergen.

AKTUELT NÅ