Hopp til innhold

Vikarbyrå tilbyr danske legar over 200.000 i månaden: – Eg føler eg har vore på ferie

Fastlegekrisa gjer norske kommunar desperate. Det er godt nytt for nyutdanna danske legar.

Lege

LUKRATIVT OPPHALD: Waslah Mansha hadde nyleg eit trevekers opphald i Sykkylven.

Foto: Privat

Danske Waslah Mansha var nyleg i Sykkylven, der ho jobba som vikarlege i tre veker.

Med ei timelønn på 1300 kroner og vekelønn på over 50.000 kroner, vart det eit godt betalt opphald.

– Eg føler ikkje eg har vore på jobb. Det kjennest meir som om eg har vore på ferie, seier ho til NRK.

– Det var veldig tryggande for meg å koma til ein plass med så flotte omgivnader. Noreg er så rik på natur. Samtidig hadde eg kveldane og helgane til å finne på mykje gøy, møte nye menneske og utforske ein annan kultur, legg ho til.

Mansha, som var ferdigutdanna lege i 2018, jobba 40 timar i veka pluss «litt overtid».

– Behovet for fastlegar er stort i Noreg, og vi får mykje ansvar. Lønna er også vesentleg betre enn i Danmark. Eg gler meg til å komme tilbake, seier ho.

No jobbar ho heime i Danmark medan ho ventar på neste vikaropphald i Noreg.

Sykkulven

Eit nytt vikarbyrå formidlar danske legar til Alta, Senja, Sykkylven (biletet), Tønsberg, Hå og Årdal. Det tener legane godt på.

Foto: Wikimedia commons

Avtalar med ei rekkje kommunar

Nordlys Vikar er blant selskapa som formidlar danske legar til Noreg.

I ein annonse freistar dei med lønningar på mellom 185.000 og 208.000 norske kroner – i månaden.

På toppen kjem gratis losji.

For spesialistar er lønna endå høgare (sjå korleis Stortinget reagerer i boksen under).

– Vi har vore veldig opne. I vikarbransjen har det nærast vore forbode å snakke ope om lønn, så her har vi skapt eit paradigmeskifte, seier Helen Latif, som starta vikarbyrået tidlegare i år.

Selskapet har avtalar med ei rekkje kommunar i Noreg: Alta, Senja, Sykkylven, Tønsberg, Hå og Årdal.

I tillegg har også fleire andre kommunar meldt si interesse.

Helen latifi

– Vi har vore veldig opne om lønn, seier Helen Latif, som starta vikarbyrået tidlegare i år.

Foto: Privat

Vi er tvinga til å løyse legemangelen til skyhøge prisar

Vi kjenner utfordringa på kroppen dagleg. Vi får ikkje rekruttert, og er komne inn i ein spiral der vi er tvinga til å løyse legemangelen til skyhøge prisar og umoralske krav gjennom utleigebyrå, seier Trygve Skjerdal (Sp), som er ordførar i Aurland.

KS-direktør Helge Eide kallar dei lukrative avtalane eit sjukdomsteikn.

Bruk av dyre vikarbyrå og utbetaling av lønn som er langt over det ein nyutdanna lege kan forvente å få med ordinær tilsetjing, er svært uheldig.

Han legg til:

Sjølv om vikarar er nødvendig og viktig når det ikkje lèt seg gjere å rekruttere fastlegar, blir det over tid svært kostnadskrevjande. Det går utover andre viktige oppgåver kommunane har, seier han.

Hydro Aluminium sin fabrikk i Øvre Årdal.

Årdal er blant kommunane som er villig til å grave djupt for å tiltrekkje seg danske legar.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling (Sp), seier til NRK at «legevikar-stafetten» og dei galopperande lønningane er bilete på «eit alvorleg rekrutteringsproblem» og «eit system i ulage».

– No må det takast grep, seier ho, med referanse til statsbudsjettet som skal leggjast fram i oktober.

Les også Danske Ida (25) vil heller jobbe som sykepleier i Norge: – Kan tjene det dobbelte

Danske Ida Marie Ringgaard (25) jobber som sykepleier på St. Olavs hospital i Trondheim.

Helse- og omsorgsdepartementet har tidlegare varsla «konkrete grep» for å imøtegå legekrisa i statsbudsjettet for 2023.

– Vi ønskjer ikkje å kommentere ein spesifikk annonse. Når det er sagt, så veit vi at det er vanskeleg å rekruttere og behalde tilstrekkeleg med fagfolk i helsetenesta. Nettopp derfor skal vi sjå på tiltak som kan endre på dette biletet, seier Ole Henrik Krat Bjørkholt, som er statssekretær (Ap) i departementet.

– Overveldande etterspurnad

Per i dag har vikarbyrået til Helen Latif sendt 10 legar til Noreg. Dei neste månadene er 20 nye legar på veg til norske kommunar.

Etterspurnaden har vore overveldande. I alt har vi vore i kontakt med cirka 100 danske legar på to månader, seier Latif til NRK.

Ho har sjølv jobba som legevikar i mange år, og ønskt å bruke erfaringa si til å hjelpe fleire danske legar til å få opp auga for det å jobbe i Noreg.

– Lønna er den sterkaste motivasjonsfaktoren, men eit trygt vikaropphald kombinert med naturskjønne omgivnader betyr også mykje for dei danske legane.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger