Det 333 meter lange og 78 meter høge krigsskipet segla inn i Oslofjorden ved 6-tida onsdag morgon.
Rett før klokka 12 ankra skipet opp i nærleiken av Ormøya i Bunnefjorden, og eit par timar seinare starta frakta av mannskapet frå skipet til land.
No har dei fyrste soldatane kome til Oslo sentrum. Totalt er det eit mannskap på 4500 personar om bord i skipet.
– Dei einaste eg veit om Noreg frå før av er at dei har mykje metall-musikk, seier ein soldat NRK har snakka med.
Ein av dei mange amerikanske soldatane som kom til Oslo onsdag ettermiddag.
Foto: Fouad Acharki / NRKSkipet skal liggje i Oslo i fire dagar, og er eit planlagd besøk.
Dei fire dagane har soldaten planar om å gå rundt i sentrum og sjå byen.
– Også gler eg meg til å smake på den lokale maten, legg han til.
Det er han ikkje aleine om:
Utpå ettermiddagen kom dei fyrste amerikanske soldatane inn til Oslo.
Etter besøket i hovudstaden, seglar skipet vidare langs norskekysten. Det opplyser talsperson i Forsvaret operative hovudkvarter (FOH) Jonny Karlsen.
Vil utforske det byen har å by på
Turistinformasjonen i Oslo seier dei sender ut ekstra folk på kaia og rundt i byen dei neste dagane for å rettleia amerikanarane.
Mange av dei vil nok testa byens uteliv, men Visit Oslo håpar dei også vil sjekke ut andre sider av hovudstaden.
– Me håpar jo sjølvsagt at dei også ynskjer å sjå noko kunst eller kultur, og kanskje til og med nyttar moglegheita for ein tur i marka eller bading i fjorden, seier Thea Gunnes i Visit Oslo til NRK.
Nokre av soldatane som no kjem til hovudstaden, har ikkje vore på land på fleire månader.
Fleire av dei NRK pratar med seier dei ynskjer å utforske det byen har å by på.
– Eg har høyrd det er fleire fine plassar ein kan dra på tur, så me skal sjå om me får til det, seier soldaten Duke.
På spørsmål om kor lenge dei skal vere her, svarar han at det varierer.
Soldaten Duke håper han får gått på tur no når han er i hovudstaden.
Foto: Hallgeir Braastad / NRK– Normalt er det snakk om ein til to dagar. Me får berre beskjed når me må returnere.
– Kva er det fyrste du skal gjere no?
– Det fyrste er å få i meg noko å ete. Eg har ikkje spist i heile dag. Kva anbefaler du? spør Duke.
Luftfoto av hangarskipet USS Gerald R. Ford i Indre Oslofjorden. Foto: Politihelikopteret.
Det amerikanske hangarskipet sett frå Ekebergskrenten i Oslo med Lindøya i forgrunnen.
Skipet seglar forbi Drøbak. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB.
Hangarskipet USS Gerald R. Ford seglar forbi Drøbak. Foto: Inger Johanne Helvik.
Bilde tatt frå Ekebergskrenten i Ekeberg i Oslo. Foto: Javda Parsa/NTB.
Hangarskipet har køyrt i roleg tempo, rundt 11 knop, innover i Oslofjorden. I løpet av morgontimane passerte Kiel-ferja Color Magic skipet, og mannskapet fekk tatt dette bildet.
Hangarskipet, heilt til høgre, utanfor Ringshaugstranda under ferda inn mot Oslo. Foto: Mads Tønnessen.
Støre ynskjer allierte velkomen
Det amerikanske skipet skal ha fleire øvingar saman med Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret, og Forsvarets spesialstyrkar, skriv Forsvaret i ei pressemelding.
Dei meiner besøket gir dei ei unik moglegheit til å vidareutvikla samarbeidet med sine allierte i USA.
– Det kjem føreseielege reaksjonar frå Russland på dette, men vi ynskjer allierte velkomen til å øve i norsk farvatn, seier statsminister Jonas Gahr Støre til NTB om besøket.
Vidare seier han at Noreg held fram med same linje som dei har gjort det siste året, og legg til at besøket viser at Nato er til stade på havet.
Fritidsbåt stansa
I samband med besøket er det oppretta ei militær forbodssone rundt hangarskipet.
Andre båtførarar må halda 500 meters avstand frå skipet. I tillegg er det eit mellombels flyforbod over Indre Oslofjorden.
Onsdag formiddag samla fleire seg for å sjå skipet passere på veg inn mot Oslo.
På Nesodden blei ein fritidsbåt stansa av militært personell då han segla for nært.
Ein fritidsbåt blei stansa av væpna personell.
Foto: Lars Håkon Pedersen/NRK– Vi oppmodar skodelystne i trafikken langs Oslofjorden til å ikkje lage nokon trafikkfarlege situasjonar eller skape nokon kødanningar i tilfelle det skulle bli ein glanekø når skipet kjem innover etter kvart i løpet av dagen, fortel operasjonsleiar Gjermund Stokkli i politiet til NRK.
Du kan sjå skipet si rute inn Oslofjorden på Kystverket si teneste NAIS.
Verdas største
«USS Gerald R. Ford» er det største krigsskipet som nokon gong er blitt bygd.
I tillegg til eit mannskap på 4500 personar, rommar skipet 90 fly og helikopter.
Skipet er på det første operative toktet nokosinne, og Oslo blir første hamn som får besøk.
Turen blir kalla det djupaste losoppdraget inn Oslofjorden nokosinne, der hangarskipet haldt seg marginalt innafor det ein reknar som forsvarleg.
Måndag blei det kjent at verdas største krigsskip, det amerikanske hangarskipet «USS Gerald R. Ford», skal besøke Oslo denne veka.
Hangarskipet, som blir drive av to atomreaktorar, måtte søke om konsesjon for å få leggje til i ei norsk hamn.
Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier dei har gjort ei grundig vurdering av søknaden frå Forsvaret.
– Vi vurderar det som trygt å gjennomføre dette anløpet, føresett at prosedyrane blir følgd opp slik dei er skildra i søknaden, og at dei vilkåra vi har sett blir følgd, sa DSA-direktør Per Strand til NTB.
Det amerikanske fartøyet er 333 meter langt, og 78 meter høgt.
Foto: NRK– Det er folk overalt
På kaia i Drøbak var det tidlegare i dag samla ein stor folkemengde for å sjå skipet segle forbi.
– Det er folk overalt, eg har ikkje sett makan, sa Laila Wilhelmsen som også stod klar på kaia.
Laila Wilhelmsen på kaia i Drøbak.
Foto: PrivatSamtidig som det er spennande å følge med, syntest Wilhelmsen det er litt skummelt.
– Eg vaks opp her på 50-talet og då var det krigsskip her heile tida. Eg veit ikkje eg, men no har vi jo erta på oss Putin endå meir. Det er skummelt, eg synest det.
– Det er jo godt at vi blir passa på, men det er rart, seier Wilhelmsen.
Tre venner ser utover på det amerikanske hangarskipet USS Gerald R. Ford i Oslofjorden fra Ekebergskrenten i Oslo onsdag morgen. FOTO: Javad Parsa / NTB
Tilskodarar på land på Nesoddtangen følg hangarskipet med blikket på veg inn Oslofjorden onsdag morgon. FOTO: Stian Lysberg Solum / NTB
Det amerikanske hangarskipet USS Gerald R. Ford på veg inn Oslofjorden, her ved Drøbak kor folk har samla seg for å sjå skipet passera. Hangarskipet er verdas største krigsskip, og skal ligga i havn i Oslo i fire dagar. FOTO: Stian Lysberg Solum / NT
Bildet er tatt nede ved kaia i Drøbak. Hangarskipet blir følgt av fleire militære fartøy, som den norske fregatten Roald Amundsen som du ser på bildet. FOTO: Laila Wilhelmsen.
Fleire stod klare nede ved kaia i det hangarskipet segla forbi Drøbak. FOTO: Laila Wilhelmsen.
To personar er på veg på fjorden med ein liten båt i Drøbak, like før det amerikanske hangarskipet «USS Gerald R. Ford» segla forbi. FOTO: Laila Wilhelmsen.
Mads Tønnesen er også ein av dei som har følgt innseglinga i morgontimane. Han har hatt «orkesterplass» i stova.
– Eg såg først noko svært ute i horisonten, og følgde med då skipet runda austsida av Tjøme, fortel han til NRK.
– Det er veldig spesielt, det er jo noko som ein ikkje får oppleve igjen, kanskje. Det er mektig å sjå noko så stort ute på fjorden her.
Mads Tønnesen følgde skipet i morgontimane i dag.
Foto: privatDen russiske ambassaden: – Maktdemonstrasjon
Tysdag gjekk det russiske ambassaden i Oslo ut og omtalte det planlagde besøket som ein skadeleg maktdemonstrasjon.
– Det finst ingen spørsmål i nord som krev ei militær løysning, heller ikkje tema der ein treng innblanding utanfrå, skriv Timur Tsjekanov ved Russlands ambassade i ein e-post til NTB.
– Tatt i betraktning at dei innrømmer i Oslo at Russland ikkje utgjer ein direkte militær trussel for Noreg, ser vi på slike maktdemonstrasjonar som ulogiske og skadelege, seier Tsjekanov til nyheitsbyrået.