Hopp til innhold

Har betalt over 30.000 kroner for «Obama-konferanse»

HELLERUDSLETTA (NRK): VIP-deltakarane betalte over 30.000 kroner for å delta på konferansen der dei fekk møte og bli teken bilde av saman med Barack Obama.

Kø på Hellrerudsletta før Obama-besøk

I ettermiddag skal Barack Obama bli intervjua om teknologi, berekraft og leiarskap under konferansen til Oslo Business Forum. Men køen utanfor konferansesenteret var lang allereie i dag tidleg.

Foto: Kristian Elster / NRK

Konferansen til Oslo Business Forum på Hellerudsletta ved Lillestrøm blei raskt fullteikna då det blei kjent at Barack Obama var blant deltakarane. Men enkelte vil gjerne ha meir ut av konferansen enn andre.

Ein VIP-billett kostar 24.995 kroner utan meirverdiavgift (MVA). Inkludert mva. kostar billettane godt over 30.000 kroner kvar.

For den prisen fekk dei òg eit kort møte med Obama ein dryg halvtime før han gjekk på scenen.

Tilbake etter åtte år

Like før klokka 11 onsdag var Barack Obama tilbake på norsk jord for første gong sidan han fekk Nobels fredspris i 2009. Denne gongen deltek han på konferansen til Oslo Business Forum på Hellerudsletta ved Lillestrøm. Der skal han intervjuast om blant anna berekraft, teknologi og leiarskap.

USAs tidligere president skal tale på Oslo Business Forum på Hellerudsletta

USAs tidlegare president skal tale på Oslo Business Forum på Hellerudsletta

Obama har halde ein relativt låg profil etter at han gjekk av som president i 2017. Men den siste tida har det blitt kjent at han og Michelle Obama skal skrive bok saman og produsere filmar og seriar for Netflix.

I tillegg deltek han på ein rekke konferansar som den på Hellerudsletta onsdag. Torsdag reiser han vidare til Finland, seier kommunikasjonssjef Daniel Gauslaa i Oslo Business Forum.

– Der skal han delta på eit liknande arrangement i Helsingfors.

Streng sikkerheit

Daniel Gauslaa Oslo Business Forum

Kommunikasjonssjef Daniel Gauslaa i Oslo Business Forum seier at sikkerheitsopplegget rundt Barack Obama er i ein heilt annan skala enn det dei har hatt ved tidlegare konferansar. Onsdag ettermiddag går Obama på scenen for å snakke om leiarskap.

Foto: Kristian Elster / NRK

Det er ikkje kjent kvar Obama skal sove i natt, men det er ting som tyder på at han blir i Oslo før han reiser vidare i morgon.

– Vi har berre fått opplysningar om kva Obama skal gjere hos oss. Men politiet i Oslo har sendt ut informasjon om at han skal overnatte ei natt i Oslo, seier Gauslaa.

Oslo Business Forum har hatt fleire framståande gjestar dei siste åra. Men når det gjeld sikkerheita, er det ingenting som kan måle seg med det dei står framfor i dag.

– Eg kan ikkje seie noko om sikkerheitsopplegget her. Men det er i ein heilt annan skala enn det vi har hatt nokon gong tidlegare.

Konferanse om teknologi og berekraft

Temaet for den utselde konferansen på Hellerudsletta er teknologi og berekraft i framtida. Barack Obama er siste post på programmet onsdag. Før han går på, er det fleire sesjonar som tek føre seg temaet frå ulike vinklar.

Blant dei som skal delta på konferansen er CNN-journalisten Richard Quest, Andrew McAfee som har undersøkt korleis informasjonsteknologi påverkar forretningslivet og seniorrådgjevar Thina Saltvedt frå Nordea.

Tidlegare har blant andre Alex Ferguson, Randi Zuckerberg og Garri Kasparov vore trekkplaster på konferansane til Oslo Business Forum.

I ein tidlegare utgåve av denne saka var to av deltakarane avbildet og den eine sitert. De to ynskjer ikkje å medverke til denne artikkelen, og er derfor fjerna.

AKTUELT NÅ