Hopp til innhold

Ho skal intervjue Barack Obama på Hellerudsletta

Birgit Liodden (36) gler seg stort til å samtale med Barack Obama i dag. Det skal handle om berekraft, teknologi og leiarskap, seier ho.

Birgit Liodden.

Birgit Liodden gler seg til å samtale med Barack Obama på Hellerudsletta onsdag.

Foto: Christine Præsttun / NRK

Barack Obama, president i USA frå 2008 til 2016, er invitert til Noreg for å delta på Oslo Business Forum sin konferanse «The Future of Techology and Substainability» (Teknologi og berekraft i framtida) på Exporama-senteret på Hellerudsletta i Skjetten i Akershus.

Barack Obama.

Barack Obama skal snakke på Oslo Business Forum sin konferanse på Hellerudsletta i Akershus onsdag.

Foto: Mark Makela / AFP

Liodden er direktør for berekraft, havrom og kommunikasjon i selskapet Oslo Business Region. Ho er også kommunikasjonsdirektør for Oslo Innovation Week, i tillegg til å vere styremedlem i miljøorganisasjonen Bellona. Ho har tidlegare hatt leiarjobbar innan shipping.

Ho er ein fritalande leiar. Ho har tatt eit oppgjer med både seksuell trakassering og maktmisbruk i shipping-bransjen, og fortalt ope om at ho jobba for mykje og blei utbrent.

– Nesten surrealistisk

Birgit Liodden er svært glad for oppdraget med å intervjue Barack Obama.

– Det var nesten surrealistisk å bli spurt, litt som å skulle reise til Mars. Barack Obama verkar å vere ein veldig sympatisk og bra person, som eg ser veldig opp til, så eg får ta det som ei hyggjeleg og lærerik oppgåve, seier ho til NRK.

Liodden ser på Obama som ein av dei store leiarane i vår tid.

Exporama-senteret på Hellerudsletta.

President Barack Obama vitjar Exporama-senteret på Hellerudsletta onsdag.

Foto: Christine Præsttun / NRK

Obama med nøye planlagt comeback

– Det å få spørje han ut om hans syn på leiarskap og berekraft er fantastisk rett og slett. Eg kan ikkje røpe kva spørsmål eg kjem til å stille, men eg håpar på ein god og positiv dialog. Han verkar så roleg, så eg håpar det vil smitte over på meg, seier ho.

Birgit Liodden har inntrykk av at Obama er ein mann som møter folk på ein god måte, og som det er lett å ha ein positiv dialog med.

– Gode grunnverdiar

Magnnus Røed Wang i Oslo Business Forum.

Magnus Røed Wang er ein av gründerane bak Oslo Business Forum.

Foto: Christine Præsttun / NRK

– Det er noko eg gjerne vil sjå meir av i politikk og næringsliv, å sjå kor viktig det er å jobbe saman. Det verkar på meg som Obama har gode grunnverdiar, seier ho.

Birgit Liodden har solid bakgrunn frå næringslivet, blant anna frå maritim næring, frå entreprenørskap og frå arbeid knytt til kvinner si rolle i forretningslivet.

– Eg er ein engasjert person, som har lyst til å gjere ein forskjell. Eg ser på meg sjølv som ein endringsagent, legg ho til.

Barack Obama entrar scena klokka 16 onsdag. Nokre av deltakarane har betalt 32.000 kroner for år sitje på første rad og for å ta selfie med presidenten. Det er uklart kva det har kosta å få Obama til Noreg.

Han har ikkje vore her i landet sidan han fekk tildelt Nobels fredspris i 2009.

Oslo Business Forum hatt blant andre Alex Ferguson som trekkplaster på tidlegare arrangement.

AKTUELT NÅ