Hopp til innhold

Venstre-sjef i kritisk intern-post: «Vi skal ikke la anonyme kilder få diktere et ledervalg»

Generalsekretæren i Venstre tar eit oppgjer med anonyme kjelder i ei intern Facebook-gruppe - åtvarer mot at dei kan avgjere leiarvalet.

5PH4v_w7428

TO AV TRE KANDIDATAR: Guri Melby og Abid Raja fotografert i baren under Venstres valgvake i Oslo i 2019.

Foto: Terje Bringedal / VG

Nyheiten om at Guri Melby har sagt til valkomiteen at ho er skeptisk til å ha med seg Abid Raja som nestleiar dersom ho blir partileiar, skaper debatt og til dels høg temperatur i interne forum og kanalar i Venstre.

Der har mange retta frustrasjon mot media etter «nok ei lekkasjesak», men fleire har også kritisert Melby eller spekulert i kven som kunne ha interesse av å lekke opplysningane.

NRK har lese fleire av dei interne meldingane, mellom anna ei frå generalsekretæren i partiet.

– Det fører kun til mistillit

For ved 18-tida tysdag, greip ho til tastaturet inne i Facebook-gruppa Venstremedlemmer. Ei gruppe med 2144 medlemmer, alle folk som er aktive i partiet:

«Å la uttalelser fra anonyme kilder få avstedkomme til dels tøffe debatter om enkeltperson - dere, kan vi være enige om at det ikke er et eksempel på god partikultur? En ting er helt sikkert: anonyme kilder bringer ikke en eneste velger. Det fører kun til mistillit, både blant velgerne og innad i partiet», skriv Marit Helene Meyer.

Lanserer tre interne køyrereglar

I innlegget lanserer generalsekretæren tre reglar ho meiner alle i partiet bør rette seg etter i tida fram til Venstres landsmøte siste helga i september.

«Gode V-folk. Jeg starter en ny tråd. Om noen dager skal Venstres valgkomite igjen møtes - slik vi alle kan lese i diverse nyhetskanaler. Om ikke veldig lenge får vi alle høre hva som blir deres innstilling, og om noen uker skal ny ledelse forhåpentligvis være valgt.

Det betyr - de neste dagene og kanskje ukene er en tid litt utenom det vanlige i Venstre. Vi er alle spente, det er mange meninger og mange visjoner for dette partiet. Men det er faktisk viktig at vi nå blir enig om følgende:

- Vi skal ikke la anonyme kilder få diktere et ledervalg

- Vi skal ikke spenne bein på oss selv ved å la anonyme kilder legge lista for vår egen interne debatt

- Vi skal ikke la anonyme kilder få avgjøre våre oppfatninger om enkeltpersoner og parti»

Marit Meyer

GENERALSEKRETÆR: Marit Helene Meyer er sjef for partikontoret og dei tilsette i Venstre. Ho er også lokalpolitikar i Asker kommune.

Foto: Olav Heggø / Venstre

Vil ikkje kommentere

Venstres generalsekretær ønskjer fredag ikkje å snakke med NRK på telefon. Når vi ringer og fortel kva det gjeld ber ho oss om å sende over spørsmål på e-post, noko vi gjer.

Etter ein halvtime sender Marit Helene Meyer så denne tekstmeldinga:

«Jeg kommenterer ikke hva som skrives på interne medlemsforum».

Melby trur ikkje folk lar seg påverke

Kunnskapsminister Guri Melby seier til NRK at ho er heilt einig i det generalsekretær Meyer skreiv i den interne gruppa, men at ho ikkje frykter leiarvalet kjem til å bli avgjort av anonyme kjelder.

– Eg trur dei fleste er samde om at anonyme kjelder er ein uting, og lar seg ikkje påverke av deira agenda.

På spørsmål om kva ho synest om å få intern kritikk frå enkelte medlemmer etter NRKs sak om at ho har uttrykt seg skeptisk til å ha Abid Raja som nestleiar under seg, svarer Melby:

– Eg opplever at dei aller fleste er glade for at eg har avvist at eg har stilt krav i samband med mitt kandidatur til leiarvervet i Venstre.

Rotevatn: – Den interne debatten har blitt betre

Også dei andre leiarkandidatane seier dei støtter generalsekretærens innlegg.

– Det var heilt på sin plass, seier Sveinung Rotevatn til NRK.

På spørsmål om han trur leiarvalet kan avgjerast av saker basert på anonyme kjelder svarer klima- og miljøministeren:

– Eg meiner at debattar blir best når dei går føre seg i ope lende. Det er grunnen til at eg valde tidleg å vere open om mitt kandidatur til leiarvervet. Etter kvart som andre kandidatar har sagt frå om sine ambisjonar meiner eg då også den interne debatten har blitt betre, og no pågår det ein god, ryddig debatt om politikk og retning for partiet. Det kler openheitspartiet Venstre godt.

9q7ja-3DjNs

VAR TIDLEG UTE: Sveinung Rotevatn var alt i mai open om at han ønskjer partileiarvervet. Her på veg ut frå intervju med valkomiteen sist onsdag.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Raja: – Anonyme kjelder har øydelagt svært mykje

NRK har også spurd den tredje leiarkandidaten, kultur- og likestillingsminister Abid Raja om ein kommentar:

– Eg er heilt samd med generalsekretæren vår som på ein svært klok måte tilrår alle å bygge samhald og venskap i partiet. Anonyme kjelder har øydelagt svært mykje for partiet vårt allereie, og dessverre held dei fram med å vere destruktive og bygge ned samhaldet vårt.

Han meiner utallige saker basert på anonyme kjelder dei siste åra har skada partiet sitt omdømme ute blant folk.

– Venstre er eit sosialliberalt parti i sentrum av norsk politikk, og anonyme kjelder undergrev samfunnsoppdraget vårt som er fremme av danning og demokrati. Eg er redd partiet vårt i perioder framstår udanna overfor veljarane. Marit har difor mi fulle støtte i det ho har skrive, og eg håpar alle anonyme kjelder tar til seg klokskapen hennar.

  • PS: Valkomiteen i Venstre møtast i Oslo denne helga. Det er venta at ei innstilling på ny partileiing kan kome søndag!

AKTUELT NÅ