Hopp til innhold

Kjelder til NRK: Guri Melby villig til å bli Venstre-leiar – men skeptisk til Raja som nestleiar

Kunnskapsminister Guri Melby har sagt seg villig til å bli ny leiar i Venstre, men skal ha kome med eit heilt spesielt ønskje til valkomiteen.

Abid Raja, Marit Vea og Guri Melby

DEN GANG DÅ: Abid Raja og Guri Melby (t.h.) fotografert saman på Oslo Venstres valvake i fjor haust. I midten tidlegare regjeringsrådgjevar Marit Vea.

Foto: Tore Meek / NTB Scanpix

Etter det NRK erfarer var Melby i sitt intervju med komiteen sist onsdag open for å ta på seg leiarvervet, men vart oppfatta som skeptisk til å ha Abid Raja med seg i leiinga.

Bodskapen frå ho til komiteen skal ha vore at ho er open for å la seg innstille som partileiar dersom komiteen vil, men at ho i så fall ønskjer seg to nestleiarar ho samarbeider godt med og stolar på.

Det siste gjekk ho langt i å signalisere at kulturminister Abid Raja ikkje vil kunne vere.

Dette får NRK opplyst av fleire sentrale kjelder med innsikt i Venstres pågåande valprosess.

Melby skal vere den einaste som overfor valkomiteen har kome med føringar på kven ho ønskjer å sitte i leiinga saman med.

Seglar opp som høgaktuell kandidat

Partiets fire statsrådar Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Abid Raja og Iselin Nybø har alle stilt seg til disposisjon, som det heiter, for å bli ein del av Venstre-leiinga.

Berre Rotevatn og Raja har bekrefta offentleg at dei ønskjer seg heilt til topps.

Dei siste vekene har likevel stadig fleire i Venstre snakka høgt og lågt om Melby som ein mogleg samlande leiarkandidat. Ho har som kunnskapsminister gjennom korona-pandemien, på kort tid blitt eit kjend ansikt også for folk flest.

KVEyo0CmNq8

FERDIG SPURD UT: Guri Melby på veg ut frå sitt intervju med valkomiteen på eit hotell ved Slottsparken i Oslo sist onsdag.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Måndag kveld erfarte Dagbladet at krefter i hovudstaden no jobbar aktivt for å samle støtte for Melby som ny Venstre-leiar. Dette får også NRK bekrefta.

Ifølgje NRKs kjeldeopplysningar tysdag ettermiddag skal det vere fleire i valkomiteen som held Melby og Rotevatn som sin favoritt til leiarvervet, enn Raja.

Kan bli kampvotering

Samtidig er det få som trur komiteen kjem utanom Raja som ein av to nestleiarar.

Raja kan også bli foreslått som leiar av eit mindretal i komiteen.

Det til trass for at valkomiteens leiar Per A. Thorbjørnsen mange gangar har uttalt at målet er å levere ei samla innstilling.

Raja kan også stille til kamp gjennom eit benkeforslag på sjølve landsmøtet.

Næringsminister Iselin Nybø skal først og fremst vere aktuell som ein av to nestleiarar, viss noko i det heile tatt, ifølgje NRKs kjelder. Forøvrig har begge dei sitjande nestleiarane Ola Elvestuen og Terje Breivik sagt dei ønskjer attval.

Avgjerande møter til helga

Valkomiteen i Venstre skal møtast på Gardermoen laurdag og søndag for å forsøke å einast om ei innstilling. Absolutt siste frist for komiteen er fredag i neste veke, 28. august.

Det har ikkje lukkast NRK å få klarleik i korleis komiteen tok i mot Guri Melbys skepsis til å skulle vere partileiar med Abid Raja som nestleiar.

NRK har vore i kontakt med Guri Melby som ikkje ønsker å kommentere NRKs opplysningar:

«Jeg kommenterer ikke anonyme kilder», skriv ho i ei tekstmelding.

AKTUELT NÅ