Hopp til innhold

Guri Melby innstilt som ny Venstre-leiar - Sveinung Rotevatn og Abid Raja vil ikkje utfordre

Valkomiteen i Venstre gjekk søndag einstemmig inn for Guri Melby som ny partileiar. Både Sveinung Rotevatn og Abid Raja seier dei tar til takke med å bli nestleiarar.

SJÅ MELBY SNAKKE: Venstres etter alle solemerke påtroppande partileiar møtte pressen på Skansen ved Akershus festning i Oslo søndag ettermiddag.

Det var ein stolt leiar av valkomiteen som søndag kunne leggje fram ei einstemmig innstilling på ny leiing i Venstre:

  • Leiar Guri Melby (39) frå Oslo
  • 1. nestleiar Sveinung Rotevatn (33) frå Sogn og Fjordane
  • 2. nestleiar Abid Raja (44) frå Akershus

Trioen kjem, om landsmøtet siste helga i september er einige, til å erstatte dagens leiartrio i Venstre, som består av Trine Skei Grande, Ola Elvestuen og Terje Breivik.

– Etter 20 år i politikken har Guri Melby skaffa seg solid leiarerfaring. På lokalt og nasjonalt nivå, i by og bygd. Ho var vist seg som ein visjonær politikar som kombinerer kvardagspolitikk med å stå støtt i viktige liberale prinsipp. Guris appell er sterk, brei og tydeleg, sa valkomiteens leiar Per A. Thorbjørnsen.

Før han heldt fram:

– Sveinung og Abid tilfører ein ny leiartrio erfaring, kompetanse, engasjement og gjennomslagskraft. Ingen løfter Venstre åleine. Dette er eit lag som kan leie løftet.

– Fyttigrisen

Valkomiteens ni medlemmer og tre varamedlemmer har site samla på eit hotell i Oslo gjennom heile laurdagen og i morgontimane søndag.

NRKs kjelder med innsikt i komiteens arbeid seier presset frå komiteens leiar og nestleiar for å lande ei einstemmig innstilling har vore enormt.

Og dei fekk det til:

– Dette må vere Norgesrekord i lengde. Fyttigrisen for eit arbeid vi har hatt, og for ei tid det har tatt. Vi har analysert, vurdert og konkludert. Det er heilt fantastisk at vi kan legge fram ei einstemmig innstilling, og at vi er heilt einige om at Guri, Sveinung og Abid er dei beste til å leie Venstre i åra som ligg framfor oss, sa Per A. Thorbjørnsen på pressekonferansen.

Rotevatn og Raja innstilt som nestleiarar

Dei to som gjekk først ut med at dei ønskte seg til topps i partiet, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og kultur- og likestillingsminister Abid Raja, blir altså innstilt som høvesvis 1. og 2. nestleiar.

de to

NESTLEIARAR: Abid Raja og Sveinung Rotevatn er innstilt som Venstres nye nestleiarduo.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Dei har med begeistring tatt i mot beskjeden om kva plass dei er innstilt til, og takka ja til den, sa Thorbjørnsen på pressekonferansen.

NRK veit at Sveinung Rotevatn i utgangspunktet har hatt stor støtte i komiteen, og var den soleklare favoritten heilt til Guri Melby i sitt intervju med komiteen førre onsdag for første gong var tydeleg på at også ho ønskjer partileiar-vervet.

Melby sa nyleg til NRK at ho trengte å ta sommarferien til hjelp for å bli sikker på at faktisk ville gå for toppvervet.

Rotevatn annonserte sitt leiarkandidatur allereie i mai. Etter å ha tatt nederlaget i valkomiteen inn over seg, møtte han NRK ved 1730-tida søndag ettermiddag:

Rotevatn: Vi får anta innstillinga har god støtte i partiet

– Eg vil takke valkomiteen for å innstille meg som 1. nestleiar, og så får vi håpe landsmøtet er einige i det. Eg er topp motivert for å vere med å bidra på dette laget som no er innstilt.

– Betyr det at du trekk ditt kandidatur som partileiar?

– Eg har ikkje tenkt å utfordre ei einstemmig innstilling som vi får anta har god støtte i partiet.

– Du har i utgangspunktet hatt stor støtte over lang tid. Korleis føles det når ho som har brukt lengst tid på å finne ut om ho i det heile tatt ville bli leiar - no blir innstilt som det?

– Eg har vore leiarkandidat og motivert for å bli leiar i Venstre, men Guri er også ein kjempegod kandidat og no støtter eg Guri som ny leiar i Venstre. Eg trur det blir bra. Det å seie ja til å bli partileiar er ein stor personleg beslutning, og eg har respekt for at folk brukar tid på det.

– Har korona-krisa gjort at du har hamna litt i skyggen i di rolle som klima- og miljøminister, medan ho har vore ein synleg kunnskapsminister? Øydela det?

– Nei, og er veldig glad for at både Guri, Abid og andre har handtert korona-krisa så godt som dei har. Guri har gjort ein kjempejobb som kunnskapsminister.

– Har du eit klart bilete av kva som er Guri Melbys prosjekt som leiar i Venstre?

– Eh, Guri er ein liberal og tøff politikar som eg stortsett er einig med i dei fleste saker. Vi er trass alt i same parti. Eg har jobba godt saman med Guri i mange år og skal halde fram med det.

– Då du annonserte ditt leiarkandidatur sa du at du ville løfte Venstre til 10 prosent oppslutnad. Har du framleis tru på det?

– Det er mogleg vi får nøye oss med ni prosent, men det skal vel gå bra det også, smiler Rotevatn.

SJÅ ROTEVATN SNAKKE: Sveinung Rotevatn møtte NRK klokka 17.30 for å gje sine kommentarer etter at han ikkje vart innstilt som ny leiar i Venstre.

Raja: – Innstilt på å støtte Guri som leiar

Via si eiga Facebook-side har Abid Raja takka for tilliten. Han skriv at dette er ei god løysing for partiet, og at han no vel å trekke sitt leiarkandidatur.

– Eg har heile tida sagt at det ikkje er eit «must» for meg å bli leiar av Venstre, men at det viktigaste for meg er å byggje eit godt team. Eg hadde stilt meg til disposisjon for valkomiteen for dei tre øvste plassane, og eg er innstilt på vere med i nestlederteam med Sveinung for å støtte Guri som leiar på best mogleg vis, skriv han.

Guri Melby trur på mindre bråk no

Blid som ei sol møtte kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby pressen på Akershus festning søndag.

– Akkurat no er eg veldig glad og veldig stolt over å bli einstemmig innstilt som ny leiar i Venstre. Eg er også veldig glad for ei einstemmig innstilling for resten av laget. Det trur eg er eit veldig godt utgangspunkt for Venstre å bygge vidare på, seier ho.

Melby understreka at ho gler seg til å samarbeide med både Rotevatn og Raja. Ho kaller det «eit konstruert problem» at det skal vere utfordringar i relasjonen mellom ho og Abid Raja.

Som NRK skreiv tidlegare denne veka ga Melby i sitt intervju med valkomiteen tydeleg uttrykk for skepsis til å ha Raja som nestleiar under seg.

– Vi tre utfyller kvarandre godt og spelar kvarandre gode, seier ho no på spørsmål om Rotevatn og Raja.

– Eg føler meg ganske sikker på at når vi no får valt ein ny leiing på landsmøtet om ein månad, vil det det bli meir ro i partiet og tid til å arbeide saman om politikk og for gjennomslag for dei viktige sakene våre, seier Guri Melby.

Dagbladets reporter på pressekonferansen ville vite kvifor ho venta så lenge med å faktisk bestemme seg for å vere leiarkandidat:

–– Det har handla om at eg har vore ærleg. Når eg har sagt at eg har vore usikker, er det fordi eg har vore det. Eg har brukt tid på å ta denne avgjerda. Grunnen er også at dei to som har meldt seg før er dyktige kandidatar, som eg ikkje ville hatt noko problem med å stille meg bak, seier Melby.

Intern kritikar nøgd med innstillinga

Norges mest populære og omtalte Venstre-ordførar, Alfred Bjørlo i Stad kommune i Vestland fylke, seier til NRK at han er nøgd med innstillinga:

– Eg tykkjer heilskapen i innstillinga er veldig god. Eg har vore opptatt av at både Abid Raja og Sveinung Rotevatn burde vere ein del av ei ny leiing. No blir begge to det om innstillinga blir vedteke av landsmøtet. Så får vi i tillegg Guri til leiar, som er drivande dyktig og har tillit i både bygd og by. Heilskapen i dette er veldig bra, seier Bjørlo.

Han har dei siste åra vore ein hyppig kritikar av Venstre-leiinga med Trine Skei Grande i spissen, og internt i partiet blitt sett på som ein våpendragar og støttespelar for Abid Raja.

VALKOMITEENS PRESSEKONFERANSE: Her kan du sjå opptak av pressekonferansen der valkomiteens leiar og nestleiar presenterte si innstilling til ny partileiing i Venstre.

AKTUELT NÅ