Hopp til innhold

Utval foreslår 40 prosent skatt for oppdrettsnæringa

– Havbruksnæringa tener pengar på fellesskapets ressursar, og då må samfunnet få noko tilbake, seier Karen Helene Ulltveit-Moe, som har leia utvalet som foreslår 40 prosent skatt på overskot i norsk oppdrettsnæring.

Havbruksanlegg

Utvalet foreslår ein ny skatt for oppdrettsnæringa.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Det partssamansette Havbruksskatteutvalget blei utnemnd av regjeringa i september i fjor, leia av økonomiprofessor Karen Helene Ulltveit-Moe. Oppdraget var å vurdere ulike formar for skattlegging av havbruksnæringa. Måndag la utvalet fram sine råd.

Fleirtalet rår staten til å innføre ein skatt på overskot i havbruksnæringa, såkalla lakseskatt, på 40 prosent.

Karen Helene Ulltveit-Moe

Karen Helene Ulltveit-Moe har leia Havbruksskatteutvalget.

Foto: Moment Studio / UIO

– Dette handlar ikkje om at det er ei lønsam næring, og at dei difor må betale meir skatt. Dette handlar om at dei får ein beskytta rett til å bruke fellesskapets ressursar. Difor skal dei betale dette. Dei skal dele ein del av det overskotet dei får ved å utnytte fellesskapets ressursane med fellesskapet, seier utvalsleiaren til NRK.

Suksessnæring

Det var få som såg føre seg kva suksess oppdrettsnæringa skulle bli. Då dei første starta på 1960- og -70-talet, var dette ei attåtnæring. Det er først dei siste par tiåra at dette har blitt ei vekstnæring, seier Ulltveit-Moe.

– Næringa har endra karakter frå å vere ei næring spreidd på mange små eigarar, til å bli ei næring dominert av store, multinasjonale selskap som dominerer på Oslo Børs.

Ho meiner utviklinga kan samanliknast med den vi såg i oljeindustrien, som kom samtidig med oppdrettsnæringa. Den gongen såg politikarane at oljeselskapa utnytta felles ressursar, og valde difor å skattlegge.

I dag er det berre olje- og vasskraftnæringa som betalar skatt på grunnrente, det vil seie den ekstra inntekta selskapa har ved å utnytte ein naturressurs. Den føreslåtte satsen på 40 prosent er på linje med den skattlegginga som skjer av innan vasskrafta.

– Vi legg oss på same nivå som vasskraftnæringa, og det meiner vi er rimeleg. Anten du utnyttar den eine eller den andre forma for felles naturressurs, bør du betale likt, seier Ulltveit-Moe.

I tillegg foreslår dei ei produksjonsavgift som skal gå til kommunen.

Delt innstilling

Det er ikkje eit samrøystes utval som går inn for å innføre ein ny særskatt på sjømatnæringa. Fleirtalet utgjer seks av dei ni utvalsmedlemmane.

Grethe Fossli LO

Grethe Fossli frå LO utgjorde mindretalet i utvalet saman med representantane frå NHO og KS.

Foto: Terje Pedersen

Mindretalet bestod av representantane frå NHO, LO og KS. Dei var særleg opptekne av det næringspolitiske og inntektene til kommunane i sine merknadar.

– Dette er ei næring som står framfor store utfordringar. Vi meiner det viktig at næringa får behalde dei midla dei har, slik at dei kan både vidareutvikle næringa og ha musklar til å møte dei utfordringane dei har med miljø, seier Grethe Fossli, som var LO sin representant i utvalet.

Ut på høyring

Regjeringa sette ned det partssamansette utvalet i september i fjor, etter at fleirtalet på Stortinget ønskte dette. Målet er å få behandla utgreiinga innan våren neste år. For å rekke denne fristen, sender finansminister Siv Jensen (Frp) rapporten ut på høyring, utan politisk behandling.

Siv Jensen

Finansminister Siv Jensen (Frp) sende NOU-en frå Havbruksskatteutvalget umiddelbart ut på høyring for å rekke tidsfristen til Stortinget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Fleire av regjeringspartia har sagt at dei motstandarar av lakseskatten. Men Jensen meiner likevel at arbeidet til utvalet er viktig.

– Sjølv om debatten har gått, også etter at utvalet blei sett ned, er det viktig at arbeidet til utvalet blir høyrt. I tillegg er utvalet delt, så det er ikkje eintydige tilrådingar.

Næringa har vore ein stor suksess dei siste åra med stor vekst, og kan bli ei viktig næring for Noreg i framtida. Jensen la difor vekt på at det er viktig å legge til rette for framleis vekst i framtida.

– Politisk dødt

Det er stor politisk motstand mot å skattlegge havbruksnæringa, slik utvalet foreslår. Både Høgre, Venstre og Framstegspartiet har gjort vedtak på landsmøta sine om å gå mot slik skattlegging.

Terje Søviknes (Frp) meiner difor vi kan legge forslaget politisk dødt.

– Dette er ei næring som er i sterk internasjonal konkurranse, og som vi skal leve av i framtida. Då bør vi ikkje innføre nye særskattar. Og no har tre av regjeringspartia så sein som i år behandla dette, og sagt nei. Då bør vi skrinlegge dette så snart som råd, seier han til NRK.

Cecilie Myrseth i Troms Ap

Fiskeripolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Cecilie Myrseth, meiner kommunane får for lite igjen for å legge til rette for havbruksnæringane i forslaget til fleirtalet i Havbruksskatteutvalget.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Også Arbeidarpartiet er skeptiske til forslaget om skattlegging som fleirtalet i utvalet går inn for. Fiskeripolitisk talsperson i Ap, Cecilie Myrseth, meiner utvalet legg for stor vekt på at staten skal få auka inntekter.

– Vi er opptekne av å få ei avklaring på korleis vi skal sikre at lokalsamfunna som legg til rette for vekst i havbruksnæringa, skal få noko tilbake. Og det er eit spørsmål eg håper Stortinget skal få moglegheita til å drøfte, seier ho til NRK.

Bakgrunnen for at utvalet blei sett ned for eitt år sidan, var at SV ønskte at næringa skulle betale meir i skattar og avgifter for å utnytte naturressursane. Partiet er difor svært positive til forslaga til utvalet.

– Verdiane av våre felles naturressursar må gå til kystsamfunna i distrikta, og her er det eit hol i dagens skattesystem som må fyllast. Foredlingsnøkkelen utvalet foreslår mellom stat og kommune er også veldig bra, skriv Torgeir Knag Fylkesnes (SV) i ein SMS til NRK.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger