Hopp til innhold

Utgreiingsplattforma: 148 politiske tiltak blir greia ut, gjennomgått, evaluert og vurdert

Du trudde kanskje ei regjeringsplattform avklarte det meste av politikken den nye regjeringa skal føre. Tru om igjen. Den nye regjeringa har 148 politiske tiltak dei vil gjennomgå, greie ut, vurdere eller evaluere.

Støre og Vedum legger frem Hurdalsplattformen

GREIE UT: Ikkje alt er klart sjølv om Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum har lagt fram regjeringsplattforma.

Foto: Torstein Bøe / NTB

I Hurdalsplattforma som Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum la fram onsdag ettermiddag, kjem følgande fram om politiske tiltak som enno ikkje har funne si endelege form.

  • 46 politiske tiltak skal utgreiast.
  • 55 skal bli «gjennomgått».
  • 36 politiske tiltak skal bli «vurdert».
  • Det blir peika ut 7 «evalueringar».
  • 4 politiske tema er det grunn til å «sjå på».

I alt 148 politiske felt utan eit klart svar på framtidig politikk, viser NRKs oppteljing.

Om ein i tillegg tek med dei 30 områda, nokre på det internasjonale feltet, som den nye regjeringa vil «arbeide for» eller «jobbe for», så summerer det seg til 178 politiske tiltak som berre har fått eit førebels svar i den nye regjeringsplattforma.

På spørsmål om kvifor det er så mange felt utan ein klar politikk svarar Støre NRK at han er helt usamd i denne oppsummeringa:

– Jo, det er bestemt ei veldig klar retning. Men eg meiner det er veldig klokt av ei regjering som ser fire år fram i tid at du gjen grundig gjennom tema før du landar den nøyaktige politikken, seier Støre.

– Viss du ser i heile regjeringsplattforma så er det over 3000 linjer, så det er veldig mykje politikk. Om man da seier at i noko av politikken skal ein sette i gang ei utgreiing eller vurdering så er det viktig og klokt. Det skal vere gjennomtenkt når ein dra dei endelege konklusjonane.

Les også: Her er den nye regjeringens politikk

Viktige politiske område

Fleire av dei uavklarte politiske tiltaka handlar om heilt sentrale område for den nye regjeringa der Arbeidarpartiet og Senterpartiet har ulike syn.

For eksempel:

  • Greie ut handlingsrommet i EØS-avtalen.
  • Nedsette eit utval som ser på abortlova.
  • Greie ut endringar i styringa av sjukehusa og helseføretaksmodellen.
  • Greie ut ein reduksjon av dei gjeldande bestandsmåla for ulv og bjørn.

EINIGE: Trygve Slagsvold Vedum og Jonas Gahr Støre kommenterer regjeringsplattforma til NRKs reporter Ingunn Solheim på Hurdal.

På spørsmål om dei to påtroppande regjeringspartia har valt utgreiingar for å dytte litt på vanskelege saker, svarar Vedum slik:

– Det er for at vi skal gode avgjerslegrunnlag, og ikkje minst om det er vanskelege saker så er det viktig å ha gode prosessar. At ulike interesser blir høyrde, før ein trekker den endelege konklusjonen.

Støre medgjev at dei to partia er ueinige i nokre saker, men seier det i alle fall er viktig for både regjeringa og samfunndebatteå få meir kunnskap på fleire politiske felt.

– For eksempel dette temaet med abortlova. Det meiner eg skal takast på alvor. Her har Sp og Ap litt ulike syn. Så vi skal ha ei god utgreiing av korleis helsetilbodet og omsorga for gravide kvinner mellom veke 12 og veke 18 kan gjerast på ei skikkeleg måte.

Når det gjeld rovdyrsaka, ville det ikkje vere klokt å komme med ei avgjersle i regjeringsplattforma, meiner Støre.

– Viss du tek ulv så handlar det om nye bestandsmål. Det synest eg er litt spesielt om vi skulle sitte på Hurdal å bestemme nøyaktig antall, utan at fagfolk gir ei vurdering.

Sjølv om regjeringsplattforma legg EØS-avtalen til grunn, meiner Støre også her at det er greitt å få ei utgreiing.

– På EØS meiner eg det er veldig klokt å få ein gjennomgang av erfaringa vi har hatt de siste 10 åra.

– Så det er ikkje slik at de skyver på vanskelege saker?

– Nei, men vi tek ting i riktig rekkefølge. Trygve og eg har vore veldig einige om at der vi tren presise svar, tek vi oss til til å gjere det på ei riktig måte.

Les også: Kilder til NRK: Disse skal inn i Støre-regjeringen

Stort og smått

Nokre av dei politiske tiltaka som skal bli vurderte, greia ut eller gjennomgått, handlar om strukturelle grep som vart gjort av Solberg-regjeringa. Ap og Sp vil gå gjennom politikken på fleire slike område.

  • Greie ut korleis utbygging, drift og vedlikehald av vegar skal organiserast.
  • Evaluere effektane av nærpolitireforma.

Den nye regjeringa plukkar også opp hansken etter rusreforma som ikkje gjekk gjennom i Stortinget, og slår fast at den skal greie ut meir også på det området.

«Greie ut og fremme forslag til nødvendige endringar i lovverket som sikrar at bruk og besittelse av mindre brukerdoser for rusavhengige møtes med god helsehjelp og oppfølging i staden for straffereaksjonar.»

Andre saker der dei nye makthavarane Finn grunn til å tenke seg om, handlar om moglege nye, store statlege selskap.

  • Vurdere å etablere eit statleg hydrogenselskap.
  • Greie ut etableringa av eit nasjonalt farmasiselskap som kan stimulere til norsk legemiddel- og vaksineproduksjon.

Ei lang rekke andre tiltak som er til vurdering, handlar om økonomien til den enkelte av oss. Anten vi går på skule, reiser på Sydentur, spelar på hest eller er yrkesfiskar.

  • Vurdere tapsgrensa i Rikstoto.
  • Greie ut endringar i innretninga av reisegarantiordninga for pakkereisearrangørar.
  • Gjennomgå stipendordningane i vidaregåande opplæring
  • Greie ut eit nasjonalt ungdomskort for kollektivtrafikk.
  • Vurdere ordningar som gjer at leveransar av fersk fisk til lokale landanlegg lønar seg.

Med andre ord kan det kome tiltak som endrar politikken på dei omtalte områda. Men det er ikkje sikkert.

Utval

Å nedsette offentlege utval er ein sentral del av det norske politiske systemet. Regjeringa eller eit departement kan sette ned eit utval eller ei arbeidsgruppe som greier ut ulike forhold i samfunnet, og som leverer ein NOU (Noregs offentlege utgreiingar). Dette er vanleg prosedyre når ein vil innføre ei ny lov eller gjennomføre regelverksendringar.

I kapittelet om arbeidslivspolitikk seier plattforma til den nye regjeringa noko om kven som skal vere med å greie ut endringar på dette feltet. Hurdalsplattforma slår fast at partane i arbeidslivet skal vere representerte i alle «relevante regjeringsutval».

PS! Den nye regjeringa er i godt selskap. Då dei fire borgarlege partia H, Frp, KrF og V var einige om Granavolden-plattforma i 2019, var det omtalt 44 punkt som skulle bli greia ut. Ordet «gjennomgå» var brukt 40 gonger, «evaluering» 15, mens «vurdere»/«vurdering» sto i dokumentet heile 135 gonger.

Politisk kommentator Magnus Takvam forklarer den nye regjeringsplattformen.

PLATTFORM: Politisk kommentator Magnus Takvam forklarer den nye regjeringsplattforma.

AKTUELT NÅ