Hopp til innhold

Ungdomsgjeng skal ha slått ned Oscar og tatt jakka hans. Politiet etterforskar saka som eit tjuveri

Politiet seier dei manglar bevis for ta ut ranstiltale trass i at dei fann tjuvegodset på dei mistenkte kort tid etterpå.

Oscar Mølmann ble slått ned og ranet av fem menn i Oslo.

FRUSTRERT: Oscar Mølmann fortel at han vart slått ned og rana av fem menn på Økern i Oslo i oktober. Over to månader etter slit han framleis med etterverknadene etter hendinga.

Foto: Andreas Krantz / NRK

I slutten av oktober skal Oscar Mølmann ha blitt slått ned og fråteke ei jakke og ein kaps av fem ungdommar på Økern i Oslo.

Same kveld omtalar politiet hendinga som eit ran, heilt utan atterhald.

No etterforskar dei saka som eit tjuveri.

19-åringen var på veg frå ein fest saman med nokre venner då ein bil med fem personar kom køyrande og tok kontakt med dei.

Slik vart saka omtalt av politiet same kveld:

Laster Twitter-innhold

Ranet som skal ha skjedd natt til søndag 27. oktober vart omtalt i fleire medium.

– Det verka som at dei lette etter nokon. Ingen av oss kjente dei frå før og dei stilte oss mange spørsmål. Dei ville mellom anna vite kva vi heitte og kvar vi hadde vore. Stemninga vart etter kvart amper og dei kom ut av bilen for å ta oss. Fleire av vennene mine sprang. Eg vart igjen for å prøve å roe ned situasjonen, seier Oscar Mølmann til NRK.

Ran av tenåring i Oslo

Slått og sparka

Mølmann fortel vidare at han vart tatt kvelartak på og slått av fleire personar slik at han hamna i bakken. Han skal òg ha bli sparka fleire gonger medan han låg nede.

Då han reiste seg opp att skal han ha fått beskjed om å ta av seg jakka.

Mobil og lommebok fekk han behalde.

– Det viste seg at fleire personar hadde blitt utsett for vald. Ein person skal ha blitt fråranet ein jakke og ein kaps, sa operasjonsleiar Christian Krohn Engeseth i Oslo politidistrikt om saka til NRK same kveld.

Mølmann hugsa registreringsnummeret på bilen.

Oscar Mølmann

KLAGER: Oscar Mølmann har klaga på politiet sin henleggelse.

Foto: Andreas Krantz / NRK

– Eg ringde til politiet og gav dei registreringsnummeret. Dei kom raskt til staden med fleire bilar i tillegg til ein ambulanse. Eg følte at eg vart tatt godt vare på av politifolka på staden, seier han.

Etter ein rask sjekk vart det klart at Mølmann slapp unna med smerter i ribbeina og hevelsar i ansiktet. Han vart tatt med til Grønland politistasjon og avhøyrt.

Politiet arresterte dei mistenkte

I mellomtida hadde ein politipatrulje greidd å finne bilen med dei mistenkte.

– Ein patrulje greidde å spore opp bilen ved Ryen og vi fekk stansa han i Oberst Rodes veg. Det var fem personar i bilen, sa operasjonsleiar Christian Krohn Engeseth til NRK, den aktuelle natta.

I bilen fann politiet Mølmann sine ting. Dei fem gutane vart sette i arresten. Dei involverte mennene er i slutten av tenåra og i starten av 20-åra.

Mølmann fekk inntrykk av at politiet var innstilt på å oppklare saka og hadde god tru på at gutane vill bli straffeforfølgt.

Han takka nei til å møte dei i Konfliktrådet.

I starten av januar fekk Mølmann beskjed om at ransaka vart lagt vekk.

– Eg følte meg svikta av politiet og er skuffa over at dei ikkje tok dette meir alvorleg. Det er tungt at dei som gjorde dette slapp så lett unna, seier Mølmann.

Saka lagt bort

I brevet frå politiet heiter det at saka er lagt bort etter bevisstillinga.

Mølmann har no klaga på henlegginga.

Han slit framleis med etterverknadene etter hendinga.

– Eg har vorte redd for å gå åleine og eg ser meg alltid over skuldra når eg er ute og går, seier 19-åringen som no har byrja å gå til psykolog.

Politiet etterforskar framleis tjuveriet av jakka

Når NRK tek kontakt med politiet og påtaleansvarleg jurist for Mølmann sin sak, Karl Kristian Nordheim, vert vi fortalt at han grunna mangel på bevis i ransaka valte å opprette ei separat tjuverisak mot ein av dei mistenkte like før han henla ranssaka,

– Det har ikkje vorte avdekka nok bevis til å ta ut ein tiltale for ran, men vi har vurdert at det kan stå annleis til med tanke på tjuveriet av jakka. Det vil bli avklart innan relativt kort tid, seier Nordheim.

Han vil ikkje sette NRK i kontakt med forsvararane til dei mistenkte før dei siste avhøyra i tjuverisaka er ferdig.

Når NRK tek kontakt med Mølmann igjen vert han overraska. Politiet har ikkje sagt noko til han om at dei oppretta ei separat tjuverisak.

Han vert først kontakta etter at NRK spør politiet om kvifor den fornærma i saka ikkje har fått informasjon om dette.

Politiet prioriterer ungdomskriminalitet

Leiar i Eining aust i Oslo politidistrikt, John Roger Lund vil ikkje kommentere Oscar Mølmann sin sak, men fortel til NRK at dei jobbar mykje med førebygging og etterforsking av ungdomskriminalitet.

– Vi har auka talet på dei som jobbar med førebyggande i eininga vår med 40 stykk dei siste to åra, nettopp for å handtere ungdomskriminalitet, seier han.

Eining aust i Oslo politidistrikt har ansvar for dei fire bydelane i Groruddalen, Bjerke, Alna, Grorud og Stovner og dei sørlege bydelane Østensjø, Nordstrand og Søndre Nordstrand.

John Roger Lund fortel at det er mykje vald blant unge i dekningsområdet deira og at talet på valdshendingar har vore svakt stigande dei siste åra.

Han understrekar at det er viktig å oppklare kriminalsaker der ungdom er involvert.

– Å oppklare sakene er viktig for å avklare kven gjerningsmennene er slik at vi får varsla barnevern og andre institusjonar, seier han.

AKTUELT NÅ