– Vi har enno ikkje full oversikt, seier Morten Rosenkvist om gårsdagens eksamenstrøbbel.
Han er direktør i Utdanningsdirektoratet (Udir), og ansvarleg for gjennomføring av eksamen i den vidaregåande skulen.
Tysdag morgon seier direktoratet at systemet er oppe og går att. Komande eksamenar vil gå som planlagt.
Udir vurderer no likevel om fleire skal få måndagens eksamen annullert. Det vil seie at karakteren ikkje blir synleg på vitnemålet.
– Om folk har fått for dårleg tid, er det mogleg å gjere lokale tilpassingar. Til dømes om det på skular har vore utfordringar på toppen av innloggingsproblema, seier Rosenkvist.
Udir vil ifylgje direktøren bruke to-tre dagar på å få eit klart bilete av korleis gårsdagens trøbbel har utspela seg på skulane. Deretter vil det bli vurdert om enkelte skular vil få sin eksamen annullert.
– Samstundes er eg veldig oppteken av å ikkje skape usikkerheit for elevane. Mange elevar har gjennomført ein eksamen dei er nøgde med og utan utfordringar, seier Rosenkvist.
Feilen som måndag førte til innloggingsproblem for 48.000 elevar har blitt grundig ettergått. Han er no funnen, retta, og retesta, ifylgje utdanningsdirektøren.
Kritisk til gjennomføringa
Påtroppande nestleiar i Elevorganisasjonen, Hans Sebastian Bay-Wold, har lite til overs for problema måndag. Han peikar på at vidaregåande-elevane ikkje har erfaring med eksamen frå før.
– Dette blei eit ekstra stressmoment under ei ny erfaring, og mange får ikkje vist det dei kan. Så høyrer vi at skulane har lagt til ulik mengde ekstratid, fortel Bay-Wold.
Han meiner det kan vere ein god ide å annullere eksamenen for enkelte.
– Der vi står no trur eg det er riktig grep. Men vi ser helst at det er opp til kvar enkelt elev, om dei vil ha han annullert eller ta eksamen på nytt, seier Bay-Wold.
I Møre og Romsdal blei heile eksamen avlyst, etter at fylkeskommunen hadde problem med internett på toppen av innloggingstrøbbel til det sentrale systemet.
Eleven Jenny Bjerkvik ved Ålesund videregående skole fortel om ein utfordrande eksamenssituasjon.
– Etter tre timar kjem oppgåva, men då er vi allereie veldig slitne. Det var ein dårleg start, for å seie det sånn, seier ho.
Kunnskapsministeren krev svar
Eksamen i hovudmål blei ei stressande oppleving for vidaregåandeelevane i går. Innloggingsproblem gjorde at det for mange gjekk ein time før prøven var i gang.
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) rykte utpå dagen ut og kravde svar frå Udir.
Etter problema måndag fann Udir feilen, som no er utbetra. Komande eksamenar skal gjennomførast, opplyste dei i ei pressemelding.
– I ettertid ser ein vel at det hadde vore betre med ein backup på backupen, seier Rosenkvist.