Hopp til innhold

- Hussain kan ikkje dekkje seg bak ytringsfridomen

Advokat og ekspert på ytringsfridom Jon Wessel Aas trur ikkje den trusseltiltalte islamisten Ubaydullah Hussain kan dekkje seg bak ytringsfridomen i saka som er reist mot han.

Ubaydullah Hussain sammen med forsvarer John Christian Elden

Ubaydullah Hussain saman med forsvararen sin, John Christian Elden.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Hussain er tiltalt for brot på paragrafane 132, 135a og 227 i straffelova, som omfattar truslar og ytringar som kan oppfattast som diskriminerande eller hatefulle. Det første forholdet er ei sak frå oktober i 2012, då Hussain uttalte følgjande til eit sakkunnig vitne i rettssaka mot mulla Krekar:

«Ved Gud den allmektiges vilje skal du brenne i helvete og i denne verda».

- Hatefull eller diskriminerande

John Wessel-Aas

Jon Wessel-Aas er advokat og ekspert på ytringsfridom.

Foto: Presse / BingHodneland

Det andre forholdet skjedde ei veke seinare, då Hussain ifølgje tiltalen la ut som melding som blir oppfatta som hatefull eller diskriminerande på facebook-sida til Profetens Ummah. Ytringa retta seg mot jødar.

Det tredje og fjerne forholdet gjeld truslar mot to journalistar, blant dei Nina Johnsrud, som skreiv ein artikkel om at norske islamistar tek jegerprøva for å få tilgang på våpen. Ho fekk seinare Fritt Ords Honnørpris for modig journalistikk.

Hussain er også tiltalt for å ha framsett truslar mot ein annan journalist.

LES OGSÅ: Dere har ingen plass i vårt samfunn

LES OGSÅ: Ubaydullah Hussain tiltales for trusler

Truslar mot journalistar

– Eg vurderer dei to siste tiltalepunkta, altså truslane mot dei to journalistane, som ei temmeleg sikker sak for påtalemakta. Rettspraksis viser at det blir reagert strengt mot truslar mot journalistar. Dette har med at journalistar skal vere vaktarar av ytringsfridomen, og då blir det slått hardt ned på forsøk på å kneble denne fridomen, seier Jon Wessel Aas til NRK.no.

Han meiner generelt at ytringsfridom står sterkt i det norske lovverket, men at ytringar der det anten blir oppmoda til vald mot andre, eller trua med vald, der er det sjeldan tvil. Wessel Aas meiner at saka mot Ubaydullah Hussain er i dette landskapet av saker.

Han meiner at lovverket gir folk full rett til å uttrykkje sin vreide over ting, men rettsstellet skal også slå ned på truslar om vald.

LES OGSÅ: Ubaydullah Hussain: – Jeg har ikke brutt deres menneskelagde lover

LES OGSÅ: PST etterforsker Ubaydullah Hussain for nye trusler

– Meir tvil

Dei to første tiltalepunkta, mot eit vitne i rettssaka mot mulla Krekar og mot norske jødar, er han litt meir i tvil enn i dei to siste. Spørsmålet i punktet om truslar mot rettsvitnet, blir om retten vurderer ytringane som ein direkte trussel, eller om det blir vurdert som det som blir kalla anna rettsstridig åtferd.

Når det gjeld ytringane om jødar på Facebook, så minner Wessel Aas om at desse vart sette fram i oktober 2012. Då var faktisk ikkje oppmoding til vald på Internett ulovlege, berre det som vart ytra offentleg. Den gamle definisjonen av omgrepet offentleg i straffelova, omfatta ifølgje Høgsteretts ankeutval ikkje Internett. Lovendringa som inkluderte Internett kom ikkje før i vår.

Wessel-Aas meiner at Facebook-ytringane om jødar eventuelt kunne oppfattast som oppfordringar til vald/drap, men i 2012 var det altså ikkje straffbart på nett.

– Det å presse desse ytringane inn i rasismeparagrafen kan kanskje vere litt for anstrengt, meiner han. Han trur likevel det er godt mogleg at Hussain blir dømd også på desse to felta av tiltalen.

– Bagatellmessige spørsmål

Hussains forsvarar, John Christian Elden, sa dette til NRK.no i går:

– Tiltalen omfattar bagatellmessige spørsmål. Det gjer likevel at eg reiser spørsmål om grensene for ytringsfridom. Så får vi sjå om dette er innanfor rammene av kva som er straffbare truslar og kva som er rasisme, eller om dette er lovlege meiningsytringar.

AKTUELT NÅ