Hopp til innhold

Tronarvingar på klimatur

Dei tre skandinaviske tronarvingane prøver å få merksemd rundt klimaforsking, men pressa blir halden på ei armlengdes avstand.

Video nsps_upload_2009_5_28_13_36_32_11.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kronprins Haakon, kronprinsesse Victoria av Sverige og prins Frederik av Danmark kom til flyplassen Kangerlussuaq på Grønland i går ettermiddag.

Den svenske tronarvingen er med på turen, trass i at hennar komande ektemann Daniel Westling gjekk gjennom ein nyretransplantasjon i går.

Det var danskeprinsen som inviterte til øya i sitt hjarta.

- Klimaendringane påverkar i stor grad dei som bur her på Grønland. Derfor er klimaforskinga så viktig, seier prins Frederic.

Frå venstre kronprins Frederic, kronprinsesse Victoria og kronprins Haakon.

Frå venstre kronprins Frederic, kronprinsesse Victoria og kronprins Haakon.

Foto: NRK

Strevsamt

Men pressa måtte streve for å få kontakt med klilmaekspertisen.

For medan dei kongelege miljøambassadørane møtte sine læremeistrar bak lukka dører, måtte journalistar og fotografar frå Noreg, Sverige og Danmark for nettopp å rapportere om klimaforsking, stå utanfor.

Sju minutt var alt pressekorpset fekk i går, før det royale følgjet tok med seg forskarane vidare til vitskaplege seminar ei ny flyreise unna.

Men vi rakk eit par ord med den norske klimaforskaren Pål Presterud , som er ein av ekspertane.

Skal gi fakta

- Vi vil gi dei fakta på godt og vondt, også om det vi er usikre på, seier han til NRK.

Fleire redaksjonar har trekt seg frå turen på grunn av dårleg presseopplegg. Det danske hoffet, som har ansvaret, vil ikkje stille til intervju mmed NRK.

Og innan månadag veit dei kongelege kanskje litt meir om klimaproblema.

Kronprins Haakon på flyplassen i Kangerlussuaq.

Kronprins Haakon på flyplassen i Kangerlussuaq.

Foto: NRK

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger