Hopp til innhold

Telenor har systematisk gitt dansk politi teledata

Telenor har systematisk utlevert persondata til politiet i Danmark, etter alt å dømme i strid med lova, skriv Politiken.

Telenor logo

INNRØMMER: Telenor innrømmer at dei har overdratt mottakarnummer og SMS-innhald til dansk politi.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Utleveringa av personopplysningar har gått føre seg sidan 2018 og held enno fram, ifølgje avisa.

Utan å ha innhenta dei nødvendige rettsavgjerdene, har dermed teleselskapet krenkt rettane til kundane sine og rettane til andre borgarar.

Dette kjem fram av svaret som Telenor sjølv har gitt til Politiken, og av innsyn i kommunikasjonen mellom den norske telegiganten og dansk politi.

1000 kundar råka

Ifølge Politiken kan 1000 kundar kan vere råka. Telenor blir granska for utlevering av SMS-er frå uskuldige til politiet. Den danske Erhvervsstyrelsen opnar no ei ny sak mot Telenor.

Av opplysningane kjem det fram at Telenor konsekvent har misforstått rettsavgjerder om utlevering av såkalla signaleringsdata til politiet.

Signaleringsdata er opplysningar frå telemaster om kor ein telefon har vore geografisk. Telenor har òg oversendt opplysningar om kven den aktuelle personen har vore i kontakt med.

Utlevering av slike opplysningar kan berre tillatast av retten i saker der politiet har mistanke om eit lovbrot som kan gi minst seks års fengsel.

Det er tidlegare komme fram at politiet i 2019 fekk både SMS-innhald og nummera til motpartar frå Telenor når signaleringsdata vart innhenta i samband med straffesaker.

I sitt svar til Politiken innrømmer Telenor at dei konsekvent har overdratt mottakarnummer til politiet. Dei seier dette er ein integrert del av signaleringsdataene, og at politiet er kjent med det.

AKTUELT NÅ