Hopp til innhold

Tekniske problem for Vipps

DNBs betalingsteneste Vipps har vore nede sidan 15-tida onsdag. Problema fortset torsdag morgon.

Betalingsapp på mobil

Vipps-systemet til DNB har vore nede sidan onsdag ettermiddag.

Foto: Kees Andre Fjellvang / NRK

Pressevakt Marit Giske seier til NRK at dei arbeider på spreng for å rette opp feilen, men at dei ikkje veit når systemet kan vere oppe igjen.

– Heile systemet er nede, og det har det vore sidan kl. 15.10 i dag. Vi jobbar med å finne feilen, sa Marit Giske til NRK like før klokka 21 onsdag kveld.

DNB opplyser at 1,9 millionar nordmenn har lasta ned Vipps-applikasjonen, som gir rask overføring av pengar via mobiltelefonen.

Arbeidstilsynet gransker Vipps-prosjektet i DNB

– Ny ripe i lakken for DNB

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger